I vikingtida mol kvinnene kornet på handkvern, nok til eit par dagar av gongen. Brødet var ei flat kake (brauðiskr, brødtallerken), omtrent 30 cm i diameter, klappa ut av ein deig av mjøl, salt og vatn og steikt på stein eller jarnhelle. Fisk eller kjøtt vart lagt oppå denne brødtallerkenen. Ein åt med fingrane ved hjelp av kniv, som alle hadde i beltet.
Då kvernhusa kom i bruk på 1200–1300-talet, overtok mennene målinga av kornet, og kvinnene fekk ansvar for å ta vare på store mengder mjøl. Mjøl trekkjer lett til seg fukt, med fare for muggvekst og aflatoksiner som resultat. Med dette kom flatbrødet inn i norsk kosthald, sidan tynne, tørre leivar var lettare å oppbevare enn mjøl. Nokre leivar vart bretta saman til ein firkant og overtok brauðisken si rolle som tallerken. Andre vart dynka med vatn for å mjukne før dei vart etne, og likna då meir ei lefse. Fisk og kjøtt vart pakka godt inn i lefsa og ete med fingrane. Brauðisken har eksistert parallelt med flatbrød og lefse opp gjennom hundreåra under namn som klappkake, nevabrød og skeibladkake.
Dagens potetkake, lompe og potetlefse er variantar frå 1800-talet då poteta vart allemannseige. Knust kokt potet viste seg gjerne å kunne erstatte det dyrebare kornet.
Flatbrød vart også gjerne ete saman med syrna mjølk, surmjølk. Flatbrødet vart knust i mindre bitar, og smulane vart utnytta. Ein slik rett vart gjerne omtalt som «neribryte», «soll» eller «flatbrødsoll».
Graut og velling har heilt fram til midten av 1900-talet vore viktige element i kosthaldet til kvardagen. Kvardagsgrauten vart gjerne kokt på bygg eller havre og vatn (vassgraut). Til fest vart det laga finare graut, som risengrynsgraut og rømmegraut. Risengryn vart ikkje utbreidd før mot slutten av 1700-talet. Då poteta vart tilgjengeleg, kunne denne også inngå i grauten. Dagens potetstappe er ei vidareføring av potetgrauten til 1800-talet, som ofte vart eten til kveldsmat. Før poteta kom, vart måla bork brukt som tilskot til mjølet i naudsår.
I området nord for Trøndelag finst det store bakaromnar frå 1700-talet. Dette heng truleg saman med at tilgangen på rug auka på denne tida. Handel med russarane, pomorane, gjekk føre seg i perioden 1742–1914, og sommarfisken frå Finnmark vart betalt med rugmjøl. Rug inneheld ei form for gluten og gir derfor grunnlag for heva bakverk. Frå 1700-talet vart gjæra rugbrød, stump, ete dagleg i Nord-Noreg.
Det same finst på Finnskogane, der finske immigrantar dyrka rug i asken etter nedbrunne skogteigar og bakte gjæra rugbrød, stump eller kaku/kake. Bakaromnar fanst også i Sandefjordområdet på denne tida, der handel med det austlege Tyskland førte til import av rug.
Kommentarar (2)
skreiv Heidi Moholt
Hei. Vi har lest denne artikkelen i en norsktime, og elevene i klasse 9B lurer på hvorfor ikke jakt er nevnt som en del av matkulturen. Med ønske om tilbakemelding. Vennlig hilsen Heidi Moholt (lærer)
svarte Guro Djupvik
Hei, Heidi!
Fagansvarlig har oppdatert teksten etter innspillet deres - så nå har dere vært med på å endre Store norske leksikon. Tusen takk!
Vennlig hilsen Guro Djupvik, redaktør
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.