Malt er eit kornprodukt som mellom anna blir brukt til å produsere øl og brennevin. Det blir framstilt av korn som har spirt ei stund, slik at det er danna enzym i kornet (særleg stivelses- og proteinspaltande enzym). Spiringa blir avbroten når enzymaktiviteten er optimal.
Alle kornartar kan gjerast om til malt, men bygg og delvis kveite er mest brukt. Korn som spirer, inneheld store mengder av enzym, hovudsakleg amylasar, som har evna til å gjere om stivelse til dekstrin og maltose. Ved produksjon av øl og maltekstrakt bruker ein malt som er tørka på ein eigen måte, fordi det endelege produktet skal ha heilt spesifikke eigenskapar. Kvar ølsort krev til dømes eit bestemt malt eller ei bestemt maltblanding.
Malt blir framstilt av bygg med spesielle eigenskapar, maltbygg, som framfor alt må ha høgast mogleg spiringsgrad, vere einsarta og halde svært høg kvalitet. Det blir tørka kunstig når det skal lagrast før maltinga. Godt tørka malt smaker søtt og har ei behageleg lukt. Det har tapt cirka 10 prosent av tørrstoffet i bygget.
Malta kornartar av ulike slag blir også nytta som råstoff for ein del typar brennevin, til dømes whisky og sjenever.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.