[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Hulda Garborg

Karen Hulda Garborg. Født Bergersen

Fødd
22. februar 1862, Stange, Hedmark
Død
5. november 1934, Asker, Akershus
Verke
Forfattar
Familie

Foreldre: Overrettssakførar Christian Frederik Bergersen (1829–73) og Marie Petrine Olsen (1835–88).

Gift 3.12.1887 med forfattar og statsrevisor Arne Garborg (1851–1924).

Hulda Garborg

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Hulda Garborg
Av /NTB Scanpix ※.

Hulda og Arne Garborg som nygifte i slutten av 1880-åra

.
Lisens: fri

Strekteikning av Hulda Garborg

.
Lisens: fri

Hulda Garborg var ein allsidig forfattar, kulturentreprenør og folkeopplysar. Ho var ei eldsjel og ein pioner i mellom anna målsak, teaterarbeid, kvinnesak, kosthald, bunadsbruk og folkedans.

Hulda Garborg gav ut romanar, skodespel og dikt. I aviser, vekeblad og føredrag landet rundt var ho ein aktiv samfunnsdebattant og idealistisk folkeopplysar. Ho var òg med på å grunnleggje Det Norske Teatret i 1912, der ho var den første styreleiaren. Som ei intellektuell kvinne tidleg på 1900-talet var ho på mange vis føre si tid.

Bakgrunn

Karen Hulda Bergersen blei fødd på storgarden Såstad i StangeHedmarken. Foreldra blei skilde da ho var lita, og mora måtte flytte med tre døtrer på hybel i Hamar. I 1870 blei Såstad seld, og faren var ruinert.

På Gløersens pigeskole i Hamar fekk vesle Hulda ein lærar som vekte interessa hennar for nasjonal kultur. Som ungdom reiste Hulda Bergersen til Kristiania, der ho arbeidde som butikkjente i manufakturforretninga til venstremannen Mikkel Dobloug. Ho hadde inga formell utdanning etter folkeskulen.

Saman med andre radikale unge kvinner vanka ho på 1880-talet i det intellektuelle miljøet i Kristiania Arbeidersamfund, der ho vart kjend med framskrittsvenlege politikarar og kunstnarar.

Hausten 1885 gjekk Hulda Bergersen på målskulen til redaktør Ivar Mortensson-Egnund. Denne vart halde i lokalet til Fedraheimen, landsmålsavisa Arne Garborg gav ut i Kristiania frå 1877. Ho lærte mykje om folkedikting og kulturhistorie av Lars Liestøl, Andreas Hølaas og Moltke Moe.

Hulda Bergersen blei borgarleg gift med Arne Garborg i 1887 og flytta til «Kolbotnen» ved Savalen i Nord-Østerdalen. Sonen Arne Olaus Fjørtoft Garborg blei fødd året etter. I 1897 flytta dei til Labråten i Asker, der Garborg-paret vart sentrum i den såkalla Askerkretsen av kunstnarar og forfattarar.

Forfattarskapen

Hulda gav ut bøker og skrift nesten årleg, slik som romanar, skodespel, dikt, debattbøker og folkeopplysningsskrift og sjølvbiografiske bøker. Ho hadde mange lesarar i samtida, og bøkene hennar vekte oppsikt og diskusjon. Dette gjeld mellom anna for kvinnesaka, nasjonalt kosthald, folkeopplysning og folkekunst.

Ho skreiv dei fleste bøkene på riksmål, ofte med dialektinnslag, men diktsamlinga Kornmoe (1930) og den sjølvbiografiske Barndomsminne (posthumt i 1935) er på nynorsk. Hulda Garborg var heile livet oppteken av målsaka.

Ho førte òg dagbok dei siste 30 åra av livet sitt, og delar av den (1903–1914) blei gitt ut av Karen Grude Koht og Rolv Thesen i 1962. I denne skreiv ho mellom anna i 1915 at ho hadde så mange emne å skrive om at ho kunne halde auksjon over dei. «Hulda holder paa med at male Borde og Vægger, sy Skindfælder sampt skrive Tragedier,» skreiv mannen, Arne Garborg, i eit brev. I tillegg til å skrive sjølv redigerte ho Arne Garborg sine dagbøker (1924–1927).

I tillegg til romanar, drama og dikt skreiv Hulda Garborg eit veld av artiklar og innlegg i mellom anna Syn og Segn, Edda, Samtiden, Den 17de Mai, Dagbladet og Verdens Gang. Fleire av desse fekk usaklege svar frå fleire mannlege forfattarar. Ho fekk òg mykje støtte, særleg frå ektemannen og venene Amalie Skram, Fernanda Nissen og Harriet Backer.

Romanar

Garborg ved skrivebordet
Forfattaren ved skrivebordet, 1924.
Av /Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CCO 1.0
Garborg
Hulda og Arne Garborg med sonen Arne Olaus, "Tuften", omkring 1890.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Med naturalistiske bøker frå Kristiania i 1880-åra var Hulda Garborg ein typisk kvinneleg bohemforfattar. Ho undersøkte og kritiserte frigjeringsideane frå mannslitteraturen i tida ut frå kvinner sine økonomiske og sosiale forhold.

Både ektemannen og Amalie Skram inspirerte ho til å skrive skjønnlitteratur. Debutromanen Et frit forhold, ei djerv skildring av eit moderne samliv, kom ut anonymt i Bergen i 1892. I det psykologiske dramaet Mødre (1895) hentar ho tema frå fjellbondens ættekjensle og syner at det i smilande bygder kan skjule seg mørke krefter. Kvinden skabt af Manden. Studie af en Kvinde, som ho gav ut anonymt i 1904, vart trykt i ti opplag og omsett til svensk og tysk.

Tema som kjærleik og samlivsformer, kvinnepsyke og frigjering er under utforsking i bøkene hennar. Dette ser ein tydeleg i bøkene Kvinden skabt af Manden og Fru Evas Dagbog (også gitt ut anonymt i 1905). Dette var hennar anonyme svar på den austerrikske filosofen Weininger si fordøming av kvinner. I desse romanane snakka ho fram kvinna sin sunne rett til kjærleik og rettar hardt skyts mot undertrykkande mannfolk.

Som kvinnesakskvinne meinte Hulda Garborg mellom anna at kvinner skulle vere stolte av å vere husmødrer, og at morskallet er ei sann glede. Høgast set ho bondekvinnene, som hjelpte ho den første tida ho var gift. I romanen Mann af Guds nåde, eit nådelaust angrep på late mannfolk, heidrar ho kona på ei liten fjellgard, som slit seg forderva, medan husbonden ikkje bidreg med anna enn å setje elleve ungar på ho.

Hulda Garborg følgjer opplysingslina frå Henrik Wergeland og folkehøgskulen fram til moderne arbeidarrørsle, der kvinna er den naturlege forkjempar for ei ny og betre tid, mannen den nedbrytande. I fire bygderomanar frå Hedmark (1920–1925) gav ho hovudpersonen mange trekk frå sitt eige liv og plasserte henne i samtida mellom arbeidarrørsle, folkehøgskulerørsle og opplysingsfilosofi. Slik vender ho tilbake til eige barndomsmiljø i skildringa av storgard og klassesamfunnflatbygdene. Her gjev ho eit bilete av historie, økonomi og kultur i ei nasjonal overgangstid. Forteljingane er både epos og propaganda.

Garborg skreiv ei eiga bok om Jean-Jacques Rousseau, Rousseau og hans Tanker i Nutiden, i 1909. Her sluttar ho seg til hans syn på pedagogikk, politikk og frigjeringsspørsmål. Ho kritiserte den moderne industrialiserte bysivilisasjonen og priste natur, tradisjon og livsformer på landsbygda. Inspirert av Rousseau idealiserer og idylliserer ho bevisst fjellbygda, som ho også skreiv ei bok om. Særleg er ho samd i lovprisinga av bondelivet: Byane oppdreg folk til egoisme; i ei grend lever folk i solidaritet og fellesskap. Ho var også påverka av anarkistane Pjotr Kropotkin, Ivar Mortensson-Egnund og forfattaren Leo Tolstoj.

Hulda Garborg meinte at pengeveldet og ukulturen oftast snik seg inn i bygda utanfrå. Harmoni finst det derfor lite av i tendensromanen Hildring, der ho fortel korleis jobbetid og rå kapitalisme trenger seg inn i eit sunt bygdesamfunn. Bønder let seg rive med i spekulasjon og må gå frå gamal gard og grunn. Hulda Garborg går inn for eit naturleg menneskeliv, ikkje minst for dei heilt unge. I Barn i by hevdar ho at barn har ein naturleg rett til å vekse opp i landlege forhold.

Drama og lyrikk

Hulda Garborg var ein produktiv og populær dramatikar. I ei tid då menn dominerte norsk dramatikk, var ho den kvinnelege forfattaren som har fått oppført flest skodespel på våre scener. Ho skreiv både større drama og mindre farsar og lystspel.

Den vesle komedien Rationelt Fjøsstell (1896) vart trykt i åtte opplag og oppført på hovudscenene. Her gjev ho eit lysare og lystigare bilete av liv og generasjonsmotsetnader på ein gard. Med skjemt og ironi viser ho korleis moderne tankar tapar mot gamle tradisjonar. Stykket gjekk sin sigersgang i Kristiania. For tragedien Sovande sorg vann ho premie. Eit høgdepunkt er Liti Kersti, der ho sameinar nasjonal musikk, song og bunad. Dramaet Edderkoppen, som er tydeleg påverka av Henrik Ibsen, fortener å bli framført på nytt.

Hulda Garborg forfatta også to diktsamlinger, og det er sett musikk til fleire dikt. I stemningar og naturskildringar viser ho eit poetisk og kjenslevart sinn, som ho elles helst ville skjule for andre enn dei næraste. Hulda Garborg tok avstand frå statskyrkjas kristendom, men søkte etter livsens sanning i filosofi og religion, særleg det som skapte fred og menneskeverd på jorda. Fredstankar fann ho også i orientalsk religion. Under Bodhitræet er eit vakkert og poetisk drama frå indisk buddhisme.

Hulda Garborg reiste mykje for å sjå og lære, i både Noreg og Vest-Europa, men ein tur til USA 1913 for å avduke ein bauta av Ivar Aasen i Fergus Falls i Minnesota blei den største opplevinga. Sterkast inntrykk gjorde likevel møtet med siouxindianarane. Saman med Longfellows dikt inspirerte det til ei stor hylling av fredshovdingen Hiawatha i Den store freden.

Teater

Hulda Garborg irriterte seg over at landsmål og dialekt ofte vart skamfare av skodespelarane. Som pioner gjekk ho tidleg inn for eit heilt reint landsmålsteater. I 1895 blei ho leiar, instruktør og skodespelar i Det Norske Spellaget, som blei det første riksteateret i landet. Turneane var ein stor suksess, trass i pipekonsertar i nokre byar.

Det Norske Spellaget vart forløparen til Det Norske Teatret. Saman med mellom andre ektemannen var ho med på å grunnleggje Det Norske Teatret i 1912, og Hulda vart samstundes den fyrste styreleiaren for teateret. Hulda Garborg sitt eige stykke Rationelt Fjøsstell var ein del av opningsframsyninga for teateret i 1913.

Folkekultur, folkekunst og folkeopplysning

Å gjenreise kulturen på dei norske bygdene var eit mål for Hulda Garborg. Gjennom teaterarbeidet oppdaga ho at norsk bondekultur heldt på å døy ut. Folkedansen var nærmast ute av soga. Difor reiste ho for å studere folkevisene og songdansenFærøyane. Ho gav deretter ut bøker om song- og danseviser i Noreg, slik som Norske dansevisur (1913), utgjeve av Noregs Ungdomslag, med rettleiing om folkedansen. Ho var sjølv danseinstruktør, drog på turnear og spreidde kunnskap om folkedansen.

Mat- og husstell

Hulda Garborg hadde lært matstell av bondekvinnene i grannelaget. Denne lærdommen ønskte ho å føre vidare til fleire. I landsmålsavisa Den 17de Mai, som ho også heldt liv i økonomisk utover i 1920-åra, hadde ho ei spalte om husstell og matlaging som seinare kom i bokform, Heimstell, i 1899. Ho legg særleg vekt på tradisjonell bondekost og sunn landsens husskikk. Matstell paa Landsbygdi (1907) er den første kokeboka på landsmål. Hulda reiste mykje i Europa og USA og arbeidde for ein matkultur som kombinerte det heimslege med det internasjonale.

Bunad

Garborg i bunad
Hulda Garborg la ned eit stort arbeid i å vekkje oppatt dei norske folkedrakttradisjonane.
Av /Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CCO 1.0
Hulda Garborg i nasjonaldrakt
Eit tidleg bilete av Hulda Garborg i bunad, ca. 1890.
Av /Anno Domkirkeodden.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Også bondebunaden fann Hulda Garborg fram frå gløymsla. I det arbeidet møtte ho vankunne og sjølvhat blant såkalla opplyste nordmenn. I heftet Norsk klædebunad (1903) gjenoppliva ho dei gamle festbunadene og gav råd om sying og stell. Etter dette arrangerte ho bunadkurs i ungdomslaga. At bunaden i dag er eit stasplass, skuldast ikkje minst hennar pionerinnsats – eit arbeid som blei følgt opp av Klara Semb.

For Hulda var den nasjonale klesskikken som ho ivra for, berre delar av ei heilheit. Ho agiterte for sunnheit og velvere, vakre heimar og norskproduserte materiale. I det Hulda Garborg skreiv om norsk folkedraktskikk, kom det fram eit nokså tydeleg bilete av korleis ho såg på folkedraktene, og korleis dei kunne omformast til moderne bunadbruk.

Ho hadde eit klart mål om å hente fram element av det gamle og å setje dei inn i ei ny tid. Men ho ønskte ikkje berre å skape bunader til bruk i folkedans. Ho ville at klesskikken for alle skulle endrast, og at ein skulle gå bort frå dei importerte motekleda og ta i bruk klede tufta på norske tradisjonar og norske materiale. Størst vekt la ho på kvinnekleda, noko som handla like mykje om kvinnefrigjering frå korsettet som å skape bunader til festbruk.

Hulda Garborg meinte at Hardangerbunadene hadde fått ei utforming som ikkje samsvarte med opphavet. I tillegg til å slå ned på dei dårlege kopiane forsvarte ho òg nye ideal der ein annan draktskikk passa betre. Borgarskapets kvinner hadde ikkje kasta korsetta om dei kledde seg i nasjonaldrakter frå Hardanger. Først rundt år 1900 byrja nokre kvinner å ta til orde for at det var på tide å kvitte seg med korsetta, og Hulda Garborg var av dei som tidleg orienterte seg mot den såkalla reformrørsla. Hovudparolen var at tyngda av ein kjole skulle berast på skuldrane og falle fritt over kroppen utan korsett, i motsetnad til tidlegare, då heile skjørtet kvilte på hoftene. I dette nye biletet passa draktskikken i Hallingdal godt inn.

Hulda Garborg tok utgangspunkt i kyrkjekleda frå Gol i Hallingdal og tilpassa dei til sitt bruk. Livet vart gjort større, dei rette breiddene i stakken vart skrådd etter tidas mote, og forkleet vart etter kvart borte. Denne bunaden presenterte ho i boka Norsk klædebunad i 1903, i tillegg til å bere den sjølv ved dei første folkedanstilstellingane ho arrangerte.

Bunaden har i dag blitt eit så allment festantrekk at mange føler at dei treng færre andre festantrekk enn dei ville gjort utan bunaden. Dermed fekk Hulda Garborg til ei viss grad gjennomslag for tankane sine. Men det er som festplagg bunaden har hatt gjennomslagskraft, då daglegkleda for folk flest har endra seg med motesvingingane heller enn å verte påverka av Hulda sin ideologi.

Anna engasjement og ettermæle

Hulda Garborg var partipolitisk interessert og sat ei tid for Det frisinnede Venstre i Asker kommunestyre, og ho blei Askers første kvinnelege formannskapsmedlem. I 1932 fekk ho riddarkrossen av 1. klasse av St. Olavs Orden. Ho blei gravlagd ved sida av ektemannen, venen og støttespelaren sin Arne Garborg på Knudaheio på Jæren.

Utgjevingar

  • Et frit forhold, roman, 1892
  • Mødre, drama, 1895
  • Rationelt Fjøsstell, komedie, 1896
  • Hos Lindelands, komedie, 1899
  • Noahs Ark, farse, 1899
  • Heimestell, 1899
  • Sovande sorg, drama, 1900
  • Lidt om madstel paa landsbygden, 1902
  • Fra Kolbotnen og andetsteds, 1903
  • Liti Kersti, eventyrspill, 1903
  • Norske folkevisor, 1903
  • Norsk klædebunad, 1903
  • Song-Dansen i Nord-Landi, 1903
  • Kvinden skabt af Manden, 1904
  • Edderkoppen, drama, 1904
  • April (Vaar), drama, 1905
  • Fru Evas Dagbog, 1905
  • Kongens Kone. Interiør fra Ludvig XIV’s hoff, drama, 1906
  • Matstell paa Landsbygdi, 1907
  • Sigmund Bresteson, drama, 1908
  • Mann av Guds Naade, roman, 1908
  • Rousseau og hans Tanker i Nutiden, 1909
  • Rousseau, 1910
  • Under Bodhitræet. En drøm i fire billeder, drama, 1911
  • Eli, roman, 1912 (til nederlandsk 1915 og svensk 1916)
  • Barn i by, 1913
  • Norske dansevisur, 1913
  • Mot Solen, roman, 1915
  • Tyrihans, sangspill, 1915
  • Gaaden. Efter Præstedatteren Else Marie Lindes Optegnelser, roman, 1916 (til nederlandsk 1917)
  • Norsk Klædebunad, 1917
  • Den store Freden, drama, 1919 (omsett av Samuel Garborg: Hiawatha’s Vision, USA 1927)
  • Mens dansen gaar, roman, 1920
  • I huldreskog, roman, 1922
  • Naar heggen blomstrer, roman, 1923
  • Grågubben, roman, 1925
  • National kost, 1925
  • Trollheimen, roman, 1927
  • Helenes historie, roman, 1929
  • Kornmoe. Vers og visor, diktsamling, 1930
  • Hildring, roman, 1931
  • Symra, diktsamling, 1934
  • Barndomsminne, 1935
  • Dagbok 1903–1914 (utval ved K. G. Koht og R. Thesen), 1962

Etterlatne papir

  • Dagbøker i Håndskriftsaml., NBO

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • O. Midttun: biografi i NBL1, bd. 4, 1929, s. 392–396
  • A. Garborg: Dagbøker (u.å.)
  • O. Midttun i Syn og Segn 1932
  • R. Thesen i Norsk pedagogisk tidsskrift, 1932
  • O. Skogstad: Hulda Garborg, i Årbok for Glåmdalen 1957
  • J. A. Dale: Hulda Garborg, 1961
  • T. Obrestad: Hulda, 1992
  • A. D. Østigaard: Arne og Hulda på Kolbotnen, 1995
  • S. Sem Borse: Hulda Garborg og miljøet i Asker, 1997
  • d.s.: Hulda Garborgs liv og forfatterskap, 1997
  • Anton Aure: «Hulda Garborg», i Kvinnor i den nynorske bokheimen: stutte livsskildringar, s 21–33. Kristiania 1916.
  • Berit Anderson: Hulda og heimen. Heimstell og nasjonsbygging hos Hulda og Arne Garborg. Oslo 2001
  • Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg, Samlaget 2011

Faktaboks

Hulda Garborg
Historisk befolkingsregister-ID
pf01073682001426

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg