[go: up one dir, main page]

Maleriet 'Concert'
Maleriet Concert frå rundt 1690. I forgrunnen sitt ei continuogruppe beståande av lutt, gambe og ein liten cembalo (virginal). Desse tre musikarane akkompagnerer det vesle barnet som syng, saman med ein fiolinist.
Av .

Generalbass, ofte også kjent som basso continuo (italiensk), er ein akkompagnementsteknikk i europeisk kunstmusikk frå 1600- og 1700-talet. Med utgangspunkt i ei nedskriven basslinje (generalbassen) blir eit akkompagnement meir eller mindre improvisert fram («realisert») av éin eller fleire musikarar.

Faktaboks

Uttale
generˈalbass
Etymologi
tysk: Generalbaß
Også kjend som
fransk basse continue, basse chiffré, italiensk basso continuo, engelsk thorough-bass

Generalbassen er hjørnesteinen i det meste av ensemblemusikken frå barokken og dannar det harmoniske og rytmiske fundamentet i repertoaret frå denne tida. Generalbass blir i denne epoken brukt i musikk med alle slags typar besetning – frå ei enkel songstemme akkompagnert av ein lutt til store kor- og orkesterverk med mange ulike instrumentfamiliar i generalbassgruppa.

Sjølve akkompagnement i generalbassen blir gjerne utforma av eit akkordinstrument, slik som cembalo, orgel, gitar, harpe eller lutt. I mange tilfelle blir også basslinja dobla av eit bassinstrument, slik som cello, kontrabass, viola da gamba, trombone eller fagott. I korverk doblar ofte den lågaste stemma generalbasspartiet. Instrumentasjonen i generalbasspartiet varierer i stor grad ut frå tidsepoke, stil og musikalsk samanheng.

I form av eit partimento kan også generalbassen åleine utgjere ein sjølvstendig komposisjon, som ofte har blitt brukt til å øve improvisasjon og kontrapunktklaverinstrument.

Både basso continuo og partimento var viktige delar av musikkopplæringa på 1600- og 1700-talet. Med framveksten av historisk informert oppføringspraksis (tidlegmusikk) har kunsten å spele generalbass blitt gjenoppliva i løpet av andre halvdel av 1900-talet.

Besifring og harmonikk

Continuostemma til andanten frå Musikalisches Opfer frå 1747. Her visast besifringa over basslinja
/imslp.org.
Utdrag frå Johann Sebastian Bach-eleven Johann Philipp Kirnberger si lærebok, Grundsätze des Generalbasses frå 1781, som viser korleis besifringa i satsen frå Musikalisches Opfer kan tolkast
.

Ofte er basslinja besifra med tal og symbol som viser kva for akkordar som skal spelast, og skal i enkelte høve også vise kompleks stemmeføring. Sjølve tala fortel utøvaren korleis dei øvrige stemmene relaterer seg til basslinja, og blir som regel oppstilt frå minste til største intervall.

For eksempel kan ein vanleg treklang i grunnstilling uttrykkast med tala 3, 5 og 8 i stigande rekkefølge – tersen, kvinten og oktaven sett i forhold til bassen. Dissonansar blir uttrykt med eksempelvis 4 (kvartforhaldning), 7 (septimforhaldning) og 9 (noneforhaldning). Den påfølgande oppløysinga til eit konsonant intervall blir gjerne også tilføydd, slik som 9 – 8, 7 – 6 og 4 – 3.

Forteikn eller toneart i den gitte satsen vil også avgjere korleis utøvaren kan tolke besifringa. Symbol som kryss, b-ar og andre tilføyingar til tala gir uttrykk for kjønnet til akkorden (dur eller moll) og i kva retning intervalla leier. Vel å merke inneheld mange verk med generalbass lite eller inga besifring, ettersom komponisten ofte liter på ein utøvar som kjenner det harmoniske språket. I mange tilfelle er det dermed utelukkande opp til utøvaren å forme det harmoniske forløpet med utgangspunkt i bassrørsle og harmonisk kontekst.

Generalbassens opphav

Generalbassen kan sporast tilbake til ulike praksisar i seinrenessansen. Det var vanleg å akkompagnere korverk på orgelet colla parte, som innebar at stemmene blei dobla av orgelet for å støtte songarane. Det var attpåtil forventa at dei mest kunnige organistane kunne lese separate stemmer frå fleire korbøker samtidig.

Dei stadig meir kompliserte fleirkorige verka som blei skrivne, tilsa at dette i lengda ikkje var praktisk mogleg. Derfor blei korstemmene ofte intabulerte, altså blei stemmene reduserte til eit enklare klaverutdrag, anten av organisten sjølv eller av noteutgivaren. Ut frå denne teknikken sprang også ein vane med å improvisere akkompagnementet over den lågaste stemma i korsatsen: basso seguente (italiensk for «påfølgjande bass»).

I kyrkjemusikken utvikla generalbassen seg frå eit behov for forenkling, sjølv om dei tidlegaste satsane som brukte teknikken, ofte ikkje hadde besifring i det heile tatt. Dermed måtte utøvarane ha hatt omfattande forkunnskapar i kontrapunkt og harmonikk for å kunne lage eit godt generalbassakkompagnement, ettersom ein ofte ikkje hadde andre referansar i notebildet enn sjølve basslinja.

Intabulering var også ein praksis i den verdslege musikken. Innanfor madrigalsjangeren finn ein verk kor eksempelvis berre toppstemma blir sungen; meininga med dei utskrivne stemmene under er at dei skal spelast av eit tasteinstrument som akkompagnement. Tilsvarande finn ein i luttsongar, kor den lysaste stemma blir sungen over eit gjennomkomponert luttakkompagnement.

Generalbassen og den nye stilen

I overgangen mellom renessansen og barokken er det særleg den verdslege musikken som går i retning av ei meir vertikal og akkordbasert musikktenking. Eit tydeleg skilje mellom éin distinkt melodi og eit underliggande akkompagnement oppstår som motsetnad til polyfoni i renessansen, kor alle stemmene i satsen i prinsippet er likeverdige.

Denne nye måten å tenke musikk på blei kalt monodi, eller stile moderno (italiensk for «den nye stilen»), og var avgjerande for framveksten av generalbassen. Generalbassen gav større rom for improvisasjon og spontanitet. Med denne nye stilen kunne solisten få større rom til uttrykke seg, og i vokalmusikken fekk det tekstlege innhaldet større plass.

Nettopp derfor blei generalbassen også sentral for framveksten av opera som musikkuttrykk, ettersom generalbassen gjorde resitativet mogleg.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Stig Wernø Holter

En god artikkel! Men jeg lurer på hvorfor b som fortegn kalles bess. Det er det ingen som sier! Bess er tonen man får med dobbelt b for h (ved bruk av tyske tonenavn).

svarte Nikolai Endresen Dahl

Hei Stig!
Etter ein del oppslag i diverse litteratur, kan eg konstatere at du har veteleg rett. Eg kan likevel minnast å ha blitt lært det uttrykket på musikklinja i si tid, dermed er det vel ikkje 'ingen' som bruker det. ;-)
Eg korrigerer no straks!
Nikolai

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg