[go: up one dir, main page]

Erik av Pommerns unionssegl

På eit møte i Kalmar i 1397 vart Erik krona til konge over dei tre rika Danmark, Noreg og Sverige, og ein evig kongefellesskap mellom dei, kalla Kalmarunionen, vart avtalt. Danmark vart etter kvart den dominerande parten i unionen. Sverige trekte seg ut i løpet av 1400-talet, medan Noreg ikkje var i stand til å gjere det same. Kong Eriks unionssegl. Løva (i midten) representerer Noreg. Dei tre løvene med Dannebrog (oppe til venstre) representerer Danmark. Tre kroner (oppe til høgre) representerer Sverige, eller heile Kalmarunionen. Folkunge-løva (nedst til venstre) representerer Sverige. Griffen (nedst til høgre) representerer Pommern.

Bilete er henta frå Anders Thiset (1850-1917): Danske kongelege Sigiller, 1917.

Dansketida er eit utbreidd namn på perioden då Noreg var i union eller kongefellesskap med Danmark (1380–1814).

Faktaboks

Også kjend som

dansketiden; Danmark-Norge; foreningstida

Kongefellesskapen mellom Noreg og Danmark byrja då Olav 4., dansk konge frå 1376, vart norsk konge i 1380. Han var son av Håkon 6. av Noreg og Sverige, og den danske kongsdottera Margrete 1.. Då Olav døydde i 1387, vart mora Margrete norsk og dansk regent, frå 1397 for den skandinaviske kongefellesskapen Kalmarunionen. Danmark vart tidleg den dominerande parten i unionen. Då Sverige lausreiv seg på byrjinga av 1500-talet, var det berre Danmark og Noreg igjen.

I 1536 vart Christian 3. dansk og norsk konge. I handfestninga hans blei det bestemt at Noreg ikkje lenger skulle vere eit eige rike, men underlagt Danmark på line med dei danske landsdelane («Noregsparagrafen»). Dette året vart òg det norske riksrådet oppheva, og den eigentlege dansketida kan seiast å ta til då.

Dansketida har tidvis blitt vurdert negativt av norske historikarar på grunn av tapet av politisk sjølvstende, favorisering av København og Danmark, overføring av norske skatteinntekter og byrder som militærteneste og pliktarbeid. Økonomisk og demografisk var likevel dansketida ein vekstperiode, med rask befolkningsauke frå slutten av 1500-talet, vekst i varebyte og generelt auka økonomisk aktivitet.

Nordiske relasjonar på 1300-talet

Dei skandinaviske kongeslektene hadde lange tradisjonar for politiske alliansar, ofte gjennom ekteskap. Ved byrjinga av 1300-talet søkte den norske kongemakta auka innverknad i det danske området Halland og allierte seg med den svenske kongemakta gjennom giftarmål. Den norske kongsdottera Ingebjørg Håkonsdotter vart gifta bort til den svenske hertugen Erik, bror av Birger Magnusson. Indre svenske konfliktar gjorde at son deira, Magnus 7. Eriksson, i 1319 vart vald til svensk konge. Samtidig stod han nærast til å arve det norske riket, noko han gjorde same år.

Magnus Eriksson styrte Sverige og Noreg kvar for seg, men la vekt på svenske interesser i utanrikspolitikken. Å sikre Skåne, Halland og Blekinge, som då høyrde til Danmark, for den svenske krona var eit viktig mål. Her møtte han sterk motstand frå danske Valdemar 4. Atterdag, som gjenerobra Skåne og delar av Halland. Tapet og skattlegging av adelen og presteskapet gjorde at svenske stormenn gjorde opprør mot kong Magnus og son hans, Håkon 6. Magnusson, som vart kasta frå den svenske krona i 1364. I staden valde dei Albrecht 3., hertug av Mecklenburg, son av Magnus Erikssons syster.

For å styrkje stillinga si hadde Håkon Magnusson gifta seg med Valdemars dotter Margrete i 1363, trass erobringa av Skåne. Alliansen var viktig i Håkon Magnussons forsøk på å vinne tilbake den svenske krona. Samstundes måtte den norske kongemakta då samkøyre utanrikspolitikken sin med danske interesser, som førte til krig med det nord-tyske Hansaforbundet. I fredsavtalen frå 1370 fekk Hansaen rett til å gripe inn i det danske kongevalet.

Konge- og dronningfellesskapen

Dronning Margretes valbrev

Dronning Margrete vart vald til norsk og dansk riksstyre av riksråda i dei to landa etter den tidlege døden til sonen i 1387. Eit år seinare vart ho òg vald til riksstyre i Sverige. Biletet viser det norske valbrevet hennar av 2. februar 1388. Segla til riksråda er hengde ved brevet som bevis på autentisitet.

Av /Riksarkivet.

Håkon og Margrete sin son Olav vart vald til dansk konge i 1376, etter at Valdemar Atterdag døydde året før. Albrecht 4. av Mecklenburg var fyrst ein sterkare kandidat til krona, som son av Valdemars eldste dotter Ingeborg og brorson av svenske Albrecht 3. Olavs mor Margrete overtydde derimot danske stormenn om kandidaturen til sonen, og fekk Hansaen til ikkje å gripe inn i valet ved å fornye handelsrettane deira. Då Håkon Magnusson så døydde i 1380, arva Olav 4. Noreg etter far sin. Landet kom då i ein politisk fellesskap med Danmark som kom til å vare i ulike utformingar til 1814. Kongen og hoffet tok residens i Danmark, der rådet hans tok over oppgåver utførte av ei eiga norsk sentralforvaltning, kanselliet i Oslo. Nokon opphavleg avtale mellom landa om innhaldet i den politiske fellesskapen er ikkje kjend.

Olav 4. var seks år då han vart dansk konge og ti då han vart norsk. Margrete hadde mykje av det politiske initiativet før han vart myndig. Utanrikspolitisk lukkast ho både med å leggje Sønderjylland under dansk styre og å tilbakeføre slotta i Skåne, etter svært utfordrande forhandlingar med Hansaen, som ho fekk fullmakt til av det norske riksrådet i 1381. Det svenske aristokratiet gjorde samstundes opprør mot Albrecht 3., etter konfliktar om skattlegging, andelen mecklenburgere i riksstyret og retten til slotta etter riksdrosten Bo Jonsson Grip. Svenske stormenn vende seg heller til Margrete for hjelp.

I 1387 døydde Olav 4. brått. Det danske aristokratiet valde då Margrete til Danmarks «fullmektige formyndar» og «frue og husbonde», medan det norske riksrådet utnemnde henne til «mektig frue» og «rett husbonde» året etter. Same tittel fekk ho av det svenske riksrådet kort tid etter. Då Albrecht 3. blei nedkjempa i 1389 sat Margrete med riksstyret i alle dei nordiske landa. I Noreg vart ho kalla dronning, noko ho ikkje vart i Danmark og Sverige, men ho var i praksis regent i heile Norden.

Kalmarunionen (1397–1537)

Eriks kroningsbrev 1397

Kong Eriks kroningsbrev frå 13. juli 1397. Ingen norske bispar besegla dette brevet som var vitne til kong Eriks kroning i Kalmar (kroningsbrevet), men fleire nordmenn står som utferdarar, mellom anna riksrådane Eindride Erlendsson og Ogmund Bolt.

Av /foto Tom Jersø/Rigsarkivet.
Lisens: CC BY SA 4.0

Albrecht 4. stod i 1387 nærast til å arve den norske krona, og i 1376 var han utpeika som etterfylgjar om Olav 4. fall frå. Albrecht erklærte seg difor straks som dansk konge. Danske stormenn kalla inn til landsting, som innan ei veke hylla Margrete som regent, grunngjeve med den gode styringsevnene hennar. I Noreg var Albrecht uynskt, grunna forholdet til huset Mecklenburg, og Margrete fekk det norske riksrådet til å vedta at kravet hans var fråfalle, sidan Mecklenburg hadde ført krig mot riket. I staden skulle kongsætta no reknast frå Margrete.

Som arving fekk Margrete peika ut systerdottersonen Erik (opphavleg Bugislav) frå Pommern, som også var tipptippoldebarn av Håkon 5. Erik vart utsett til tronfylgjer i alle tre rika og hylla som norsk konge på Øyrating i september 1389. Det norske riksrådet ferda samstundes ut eit dokument der det mellom anna heitte at dronning Margretes regentskap i Noreg skulle avsluttast når kong Erik vart myndig. I 1396 vart Erik òg hylla som konge i Danmark og Sverige. På eit møte i Kalmar i 1397 vart Erik så krona til konge over dei tre rika. Ein evig kongefellesskap mellom dei, seinare omtala som Kalmarunionen, vart avtalt. Margrete heldt likevel fram med å styre rika og var den av dei felles monarkane som i størst grad interesserte seg for Noreg.

Etter Margretes død i 1412 prøvde kong Erik å vidareutvikle eit sterkt kongeleg sentralstyre. I 1417 gjorde han København til hovudstad og det danske kanselliet til regjeringskontor for unionen. Riksråda vart freista sette til side, og sentrale embete i riksstyret vart ikkje erstatta når innehavarane fall frå. Svenske stormenn klandra han for å gje len til utlendingar, presteskapet for einerådig kyrkjestyre. Mislukka handelspolitikk og dyr og resultatlaus krigføring mot Hansaen og grevskapet Holstein nørte opp om misnøya. Erik oppheldt seg ikkje i Noreg etter 1405 og makta ikkje å forsvare norsk handel eller Bergen mot angrep frå dei tyske kaprarane vitaliebrørne. Fleire opprør braut ut i Sverige og Noreg, støtta av riksråda, som til slutt avsette kong Erik.

Riksrådskonstitusjonalismen

Segla til dei ulike medlemmane av riksrådet på unionstraktaten av 1450 mellom Noreg og Danmark

Riksrådskonstitusjonalisme betyr at kongen styrte landet i samarbeid med riksrådet. Kongen var forplikta til å styre i tråd med valhandfestningane, som var dei lyfta kongane hadde gjeve riksrådet før han vart vald til konge. Desse handfestningane var ei form for grunnlover for styringstida til dei enkelte kongane.

Riksrådet og drottseten tok over meir av styringa i løpet av Eriks regjeringstid. I Noreg heldt rådet fleire møte utan kongen. Ein praksis der rådet formelt medverka i riksstyret utvikla seg under etterfylgjarane hans, der kongen garanterte lojaliteten sin mot rådet og lova ved innsetjinga, riksrådskonstitusjonalismen. Christoffer av Bayern, som regjerte til 1449, prøvde å kontrollere det norske riksrådet ved å utnemne fleire utanlandske rådsmedlem, men hadde for svakt maktgrunnlag til å styre rådsarbeidet. Ei ny norsk sentralforvaltning vart likevel ikkje oppretta, trass framstøyt frå riksrådet. Kanslaren sine oppgåver var avgrensa til rettsstellet.

Kongemakta i Noreg hadde tradisjonelt gått i arv, ulikt valkongedøma Danmark og Sverige der tronfylgja vart avgjord ved val. Med den sterke stillinga si braut riksrådet derimot med arverekkjefylgja ved utnemninga av Christoffer, for å fylgje det danske valet av ein kandidat som ikkje stod nær kong Erik. Kongen vart krona i alle land for seg, som markerte ein laus personalunion. Ved neste tronskifte i 1449 oppstod det splid mellom den svenske kandidaten Karl Knutsson Bonde og den danske Christian frå fyrstehuset Oldenborg.

Fleire norske riksrådar frykta ei for sterk styring frå Danmark, og Karl vart opphavleg vald til norsk og svensk konge. Han ferda då ut den fyrste norske handfestninga, som markerte overgangen til eit norsk valkongedøme. Christian hadde likevel mektige støttespelarar og svenske stormenn godtok kravet hans på Noreg, for å byggje bru mot Danmark. I 1450 godtok kong Karl og det norske riksrådet Christian som norsk og dansk konge. Landa slutta ein «evig union» under same konge, valt av riksråda, som slik eigentleg bar rika sin suverenitet. Det norske riksrådet kom til å styre landet med lita kongeleg innblanding under Christian 1.

Krona styrte til gjengjeld utanrikspolitikken. Christian 1. var oppteken av vinne tilbake Sverige, som han gjorde i perioden 1457—1464, og å tileigne seg Slesvig og Holstein, som han sikra for danske monarkar i 1460. Dei diplomatiske manøvrane på vegen svekte norske interesser. Makta til hansaen i Bergen vart heller stadfesta enn avgrensa, fordi Christian 1. trong støtte frå tyske statar til kravet på Slesvig og Holstein, og å føre ein handelsblokade mot Sverige. Dei gamle norske skattlanda Orknøyane og Hjaltland pantsette kongen til den skotske krona for å styrkje eit forbund mellom rika. Riksrådet protesterte mot at delar av det norske riket vart pantsett, og påla Christians etterfylgjar Hans 1. å løyse inn pantet i handfestninga hans, utan at det vart gjort.

Sentralisering og svensk brot

Kong Hans sentraliserte heller kongemakta og svekte norsk aristokrati ved å dele ut len og viktige slott til danske adelsmenn. Norske stormenn gjorde difor opprør i 1501, støtta av svenske riksrådet, som i 1497 hadde godteke Hans som svensk konge, men ynskte at han skulle etterfylgje krava om ei svak kongemakt i Halmstad-recessen. Der Sverige på ny braut med treriksunionen, vart opprøret i Noreg slått brutalt ned. Opprørsleiaren, den store godseigaren og riddaren Knut Alvsson, vart drepen i eit bakhald under forhandlingar. Den danske rikshovmeisteren Poul Laxmand, ein avgjerande representant for dansk aristokrati og riksrådskonstitusjonalisme, vart òg myrda. Etter Laxmands død styrte kongen rika meir eigenrådig, forma kanselliet til sin eigen reiskap og utforma kongebrev for styringa av Noreg, som det norske riksrådet vanskeleg kunne overstyre.

For å styrkje grepet om Noreg vart den seinare Christian 2. norsk visekonge frå 1506–1511, som fyrste vedvarande nærverande kongelege representant i landet sidan Margretes styre. Riksrådet vart då sjeldan kalla saman, dansk borgarskap fekk norske len, og kyrkja fekk mindre kontroll med utnemninga av biskopar. Som konge i perioden 1513–1523 innskrenka Christian handlingsfridomen til kyrkja ytterlegare og utfordra adelen ved å halde borgarlege rådgjevarar. Christian knuste eit langvarig svensk opprør, men då han fekk nær 100 opprørarar myrda i «Stockholms blodbad», braut landet endeleg ut av Kalmarunionen og valde Gustav 1. Vasa til konge.

Norsk opprør

Christian 2. gav sterkare handelsrettar til borgarskapet på kostnad av den danske adelen, som i 1523 gjorde opprør for tap av privilegia. Dei valde Frederik 1. til dansk, og dermed òg norsk, konge. For å styrkje maktgrunnlaget sitt nærma den nye kongen seg tilhengjarar av protestantismen og svekte sjølvråderetten til kyrkja. Erkebiskop Olav Engelbrektsson vart i 1524 vald til leiar av det norske riksrådet, som forma ut ei handfestning til kongen med krav om forsvar frå lutherdomen og utdeling av len til norske eller norskinngifta adelsmenn. Då Gustav Vasa gjennomførte reformasjonen i Sverige i 1527, mista Olav Engelbrektsson ein viktig mogleg alliert. Frederik 1. utnytta den styrkte stillinga si til å plassere danske adelsmenn i norske slottslen og dermed det norske riksrådet, som han slik fekk meir kontroll med. Kongen konfiskerte i 1529 norske klostergods og delte dei ut til tilhengjarane sine, eit teikn på at han heller ikkje ville respektere kravet om å hindre innpasset til lutherdomen i landet.

Då Frederik 1. døydde, var det næraste kongsemnet, den seinare Christian 3., ope lutheranar. Katolikkane i det danske riksrådet, som var leia av erkebiskopen, motsette seg nytt kongeval. Ein dansk borgarkrig, Grevefeiden, braut ut. Utan ny konge styrte riksrådet òg i Noreg, men ulikt situasjonen ved førre kongeval var ikkje rådet samla om å forsvare norske interesser. Rådsarbeidet vart heller hindra av motsetnader mellom riksråda frå kyrkja og dei danske lensherrane som støtta Christian 3.

Vinteren 1535/1536 tvinga dei Olav Engelbrektsson til å godta Christian 3. som konge, men kort tid etter blei dei danske adelsmennene fengsla og leiarfiguren Vincens Lunge drepen. Olav Engelbrektsson sine troppar prøvde deretter å ta kontroll over det sønnanfjelske Noreg, men fekk aldri ei lova militær støtte frå katolske allierte. Då Christian 3. tok kontroll over København i juli 1536, hadde han ryggen fri til å angripe Noreg. I februar 1537 invaderte danske styrkar og Olav Engelbrektsson flykta frå landet.

Lydriketida (1537–1660)

Christian 3.s handfesting

Under Christian 3. blei Noreg politisk underordna Danmark. Norske historikarar har karakterisert landet som eit dansk «lydrike». I Christians handfestning (kontrakten mellom han og det danske riksrådet) står det i den såkalla Norgesparagrafen at «Fordi Noregs rike no er så minka, både av makt og formue, og innbyggjarane i Noreg ikkje åleine har råd til å underhalde ein herre og konge, er same rike forbundet til å bli hos Danmarks krone til evig tid. Dei fleste av Noregs riksråd, spesielt erkebiskop Olav, som er det største hovudet der i riket, har no to gonger i laupet av ei kort tid, med mesteparten av riksrådet, gått imot forpliktingane til Danmarks rike. Då har vi difor lova og sagt til Danmarks riksråd og adel at dersom den allmektige Gud har meint det slik at vi skal ha Noregs rike, eller nokre av dei tilhøyrande landsdelar, slott, land eller syslar, under lydnaden vår, skal det frå no av vere og bli under Danmarks krone, slik som dei andre land, Jylland, Fyn, Sjælland eller Skåne. Noreg skal frå no av ikkje vere eller heite eit kongerike for seg, men vere ein del av Danmarks rike og under Danmarks krone til evig tid.»

Av /Tom Jersø, Rigsarkivet.
Lisens: CC BY SA 2.0

«Noreg skal frå no av ikkje vere eller heite eit kongerike for seg, men vere ein del av Danmarks rike og under Danmarks krone til evig tid», heitte det i den såkalla «Noregsparagrafen» i Christians handfestning. Eit eige norsk riksråd vart no avskaffa. Framtidige kongsemne måtte dermed ikkje godta norske krav, medan dansk adel fekk len i Noreg utan norsk politisk motstand.

«Lydriketida» (1536–1660) vart likevel i praksis ikkje ei fullstendig innleming av Noreg i det danske riket. Vedtak som oppheva Noregs rikstilling kom aldri, og krona omtalte heller Noreg som eige rike i utsegn og kontraktar. Det norske riksvåpenet vart framleis brukt, eigne norske myntar vart slått og eigne norske lover vart kodifiserte. Embetet som norsk rikskanslar heldt fram, frå 1572 vart det òg utnemnt ein norsk statthaldar. Noreg vart eit lydrike fordi kongeriket framleis eksisterte, men riksstyret vart no flytta ut av landet.

Danske adelsmenn fekk etter 1537 forlente brorparten av norske len, særleg hovedlena, og vart i stigande grad utnemnde til lagmenn og andre norske embete. Dansk adel prega slik lokalstyret, som dei før hadde dominert i riksstyret. Kongen fekk derimot sterkare kontroll med lensinntektene og lensherrane sine underordna futar utover 1500- og 1600-talet.

Den nordiske sjuårskrigen (1563–1570) og Kalmarkrigen (1611–1613) viste at Noreg var dårleg rusta mot svenske angrep. Ein eigen norsk hær vart bygd opp, men trass vellukka krigføring, gjekk norske landområde tapt etter Hannibalfeiden (1643–1645) og såg på ny etter Krabbekrigen (1657–1658). Rustningskapplaupet med Sverige kravde store ressursar, noko som førte til auka skattar og utskriving av mange norske bønder til hæren. Riksrådet var motvillig mot den aggressive utanrikspolitikken til kongen, med etterfylgjande press på statsfinansane. Under Christian 4. (1588–1648) oppstod det djup splid, som førte til at son hans Frederik 3. (1648–1670) i handfestninga si måtte godta ei sterk innskrenking av kongeleg makt.

Eineveldet (1660–1814)

Christian 3.

Under Christian 3. vart Noreg politisk underordna Danmark. Norske historikarar har karakterisert landet som eit dansk «lydrike». I Christians handfestning står det i den såkalla Norgesparagrafen at «Fordi Noregs rike no er så minka, både av makt og formue, og innbyggjarane i Noreg ikkje åleine har råd til å underhalde ein herre og konge, er same rike forbundet til å bli hos Danmarks krone til evig tid. Dei fleste av Noregs riksråd, spesielt erkebiskop Olav, som er det største hovudet der i riket, har no to gonger i laupet av ei kort tid, med mesteparten av riksrådet, gått imot forpliktingane til Danmarks rike. Då har vi difor lova og sagt til Danmarks riksråd og adel at dersom den allmektige Gud har meint det slik at vi skal ha Noregs rike, eller nokre av dei tilhøyrande landsdelar, slott, land eller syslar, under lydnaden vår, skal det frå no av vere og bli under Danmarks krone, slik som dei andre land, Jylland, Fyn, Sjælland eller Skåne. Noreg skal frå no av ikkje vere eller heite eit kongerike for seg, men vere ein del av Danmarks rike og under Danmarks krone til evig tid.»

Av /Det Nationalhistoriske Museum på Frederiksborg Slot.
Handfesting 1648

Då Frederik 3. blei valt til konge i 1648, måtte han underskrive ei svært streng handfestning som gjorde han heilt avhengig av riksrådet. I 1660 tvinga derimot Frederik igjennom at handfestninga skulle avskaffast og arvekongedømet innførast. Danmark-Noreg vart då eit einevelde. Fordi handfestninga frå 1648 vart kassert, er Frederiks handskrift klipt ut frå det bevarte dokumentet (holet midt på sida).

Av /foto Tom Jersø/Rigsarkivet.

Som mottrekk mot den auka makta til riksrådet fekk Frederik 3. styrkt tronekravet til son sin, den seinare Christian 5., ved å la han bli kongehylla medan han sjølv var i live. Rettshistoriske granskingar vart utførte, som styrkte arvekravet til kongen på Noreg. Samstundes fekk kongen domstolen til å fjerne dei mektige riksrådane Corfitz Ulfeldt og Hannibal Sehested, som også var norsk statthaldar. Avsetjingane viste brytningar mellom høgadelen i riksrådet og dansk lågadel. I 1660 utnytta kongen usemja og borgarskapen og presteskapen si misnøye med det manglande skattebidraget til adelen, til å innføre arverett og einevelde.

Etter eineveldet låg i prinsippet all makt over Danmark-Noreg hos kongen. I praksis måtte mykje avgjerast i embetsverket. Tendensen vart forsterka av at nokre av einevaldskongane var mindre styringsdyktige, særleg Frederik 5. og Christian 7. Saksmengda i riksstyret hadde vakse mykje på 1600-talet og styringsverket vart utvida etter innføringa av eineveldet.

Kanselliet og dei andre departementa vart forma om til kollegiale råd, som drøfta vedtak i fellesskap, heller enn å bli avgjort av éin mann. Formennene i desse kollegia sat i geheimekonseilet, oppretta i 1670, som samordna statsarbeidet. Konseilet blei så erstatta av geheimestatsrådet i 1772. Frå kollegia var det berre utanriksministeren som fekk sete. Sentrale statsmenn sette dessutan statsrådet til side og styrte ved hjelp av gjennom personlege utnemnde rådgjevarar, i eit kabinettstyre, særleg under styret til kronprins Frederik, den seinare Frederik 6.

Eineveldet forma ut dei nye lovbøkene Danske Lov og Norske Lov. I Noreg erstatta lovverket frå 1687 Magnus Lagabøtes landslov frå 1277, som hadde vore viktig for norsk identitet. Delar av den nye lova bygde på Moselova, med strenge straffer for blasfemi, trolldom eller avvikande seksuell omgang. Det danske regimet hadde stramma det religiøse grepet på 1600-talet, sterkast uttrykt ved trolldomsprosessane. Disiplineringa heldt fram på 1700-talet, i autoritære lover for strengare kyrkjetukt, tvungen kyrkjegang, samisk omvending og forbod mot utanomkyrkjeleg forkynning. Lekmannsrørsla haugianarane opponerte særleg mot autoriteten i den eineveldige kyrkja. Skatteauken vekte samstundes regelrette opprør, i strilekrigen og reisinga leia av Christian Jensen Lofthuus.

I 1814 vart Noreg sjølvstendig frå Danmark. Kong Frederik 6. måtte då avstå Noreg til Sverige fordi Danmark-Noreg var på den tapande sida under Napoleonskrigane. Avståinga kom som ei fylgje av vilkåra i Kieltraktaten, ein fredsavtale mellom kongen i København og den svenske kronprinsen, Karl Johan, underteikna i januar 1814.

«Noregs nedgang»

Tradisjonelt er pestepidemien svartedauden på midten av 1300-talet blitt sett på som ei viktig årsak til det som ofte har blitt kalla «Noregs nedgang» i den seinare dansketida. Ei vanleg forklåring har vore at Noreg vart uvanleg hardt ramma av svartedauden, og dermed ikkje var sterkt nok til å hevde seg mot Danmark. Det er likevel ingen grunn til å tru at Noreg vart hardare ramma av svartedauden enn andre land det er naturleg å samanlikne seg med. Nyare forsking har vist at Sverige hadde like stor befolkningsnedgang under pestepidemiane som Noreg, utan at dei opplevde den same politiske underordninga. Svartedauden kan difor ikkje forklåre kvifor Noreg vart underlagt Danmark.

Ei anna årsak til at Noreg, i motsetnad til Sverige, vart underordna Danmark, kan ha vore koplinga mellom det norske riksrådet og katolisismen. Utan eigen konge var det (den katolske) kyrkja som var den viktigaste politiske institusjonen i Noreg, og erkebiskopen var leiar for riksrådet. I både Danmark og Sverige var det fleire protestantar mellom den politiske eliten i åra som fylgde etter reformasjonen i 1517, medan dette ikkje var tilfellet i Noreg. Den norske politiske eliten, med riksrådet i spissen, ynskte eit sjølvstendig Noreg med ein katolsk konge, og prøvde å få innsett den tidlegare kongen Christian 2. på nytt. Han vart likevel nedkjempa av den protestantiske kongen Frederik 1 i 1531. Då Frederiks son Christian 3. innførte reformasjonen i Danmark og Noreg i 1536, vart erkebiskopen tvinga til å forlate landet, og den norske politiske eliten vart i stor grad erstatta med danske protestantiske adelsmenn.

Dansketida i historieskrivinga

Om Norigs Rige

Absalon Pederssøn Beyers meisterstykke var noregshistoria Om Norgis Rige frå 1567. Verket gjev oss synet hans på Noregs situasjon i samtida, beundringa han hadde for landets historie og forventningane han hadde til den vidare utviklinga i landet. Biletet viser tittelsida til ei utgåve frå 1928 (400-årsjubileet for Beyers fødsel). I Om Norigs Rige skriv Beyer mellom anna fylgjande om dansketida:

«Fra den dag Norge kom under Danmark og mistet sine egne herrer og konger, så har det også mistet sin manndoms styrke og makt, og begynner nå å bli gammel og gråhåret og så tung at det ikke kan bære sin egen ull.

Derfor begynner her Norges alderdom, fordi hun ble så gammel, kald og ufruktbar, at hun nå ikke selv kunne føde kongebarn, som skulle være hennes regenter. Hennes adel, gode kjemper og stridsmenn, faller henne i fra, en part ved sverd og en part ved pest i den store mannedød […].»

Om Norigs Rige
Av /F. Beyers forlag.

Oppfatningar i samtida

Midten av 1500-talet vart òg i samtida oppfatta som eit botnpunkt i norsk historie. Den norske historieskrivaren og teologen Absalon Pederssøn Beyer skreiv i sin Om Norigs rige frå 1567 at «Fra den dag Norge kom under Danmark og mistet sine egne herrer og konger, så har det også mistet sin manndoms styrke og makt, og begynner nå å bli gammel og gråhåret og så tung at det ikke kan bære sin egen ull».

Seinare oppfatningar

Perioden då Noreg hadde vore styrt frå Danmark vart i liten grad studert dei fyrste tiåra etter 1814. Rudolf Keyser og Peter Andreas Munch, leiande i ei gruppe historikarar kalla den norske historiske skulen, la særleg vekt på vikingtida og tidleg mellomalder. Dei hevda at Noreg var busett gjennom innvandring nordfrå, frå Russland. Noreg var då hovudlandet, der den reinaste forma for nordisk kultur og språk fanst, som Danmark deretter var folkesett frå. Påverka av nasjonalromantikken framheva fleire diktarar, kunstnarar og akademikarar frå 1830-talet tradisjonar i det norske bondesamfunnet som grunnlaget for ein eigentleg norskdom.

Framveksten av norskdomsrørsla førte til større kritikk av det som blei rekna som framande element i norsk kulturliv og språk. Rørsla hevda det norske folket var delt mellom ei grunnleggjande norsk bondebefolkning og ein overklasse med utanlandske røter og tilknyting til det danske skriftspråket. Omgrepet «dansketida» vart på 1800-talet brukt i negativ tyding, til dømes i Kristofer Jansons roman Fraa Dansketidi (1875).

Gjennom venstrerørsla vart denne kulturnasjonalismen lyfta opp politisk, og dansketida vart framstilt som ein arv som framleis levde gjennom det samtidige politiske systemet. Dansketid kunne her bli jamført med embetsmannsstyre og manglande demokrati. Venstre sin store folketalar Bjørnstjerne Bjørnson brukte historia aktivt til å underbyggje «kampen i dag» og talte om at Noreg som «biland» hadde lidd skade under Danmark som «hovudland». Konservative politikarar og tenkjarar avviste derimot den historisk funderte delinga i to norske kulturar kategorisk.

I verket sitt Noreg i dansketida frå 1987 hevda to sentrale historikarar, Sverre Bagge og Knut Mykland, at omgrepet dansketida var i ferd med å gå ut av bruk til fordel for det nøytrale «foreiningstida». Dei hevda at nye sosiale mønster og andre emne i kulturdebatten gjorde omgrepet utdatert. Uttrykket har derimot halde seg levande i den norske offentlegheita inn i 2000-talet, både som ei objektiv formulering for perioden og som ei retorisk vending for å kritisere moderne politisk sentralisering, gjerne i overnasjonale samanslutningar som EU.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg