Ein isbre er ein masse av is som er danna ved snøfall og rim, og som under påverknad av tyngda sig langsamt nedover, lik ein seig, plastisk masse.
Isbrear dekkjer om lag 3 prosent av jorda si overflate, noko som tilsvarar 10 prosent av landoverflata. Isbrear utgjer rundt 70 prosent av ferskvatnet på jorda (60 prosent i Antarktis og 10 prosent på Grønland). I Noreg er det om lag 5260 isbrear som er større enn 0,01 kvadratkilometer, med eit samla areal på rundt 2320 kvadratkilometer. Sidan byrjinga av 2000-talet har dei fleste breane i Noreg smelta mykje tilbake, hovudsakleg som resultat av varme somrar.
Eigenskapar
Nedbør som fell ovanfor snølinja, smeltar ikkje bort i løpet i sumaren. Dette området, der snøen hopar seg opp, blir kalla akkumulasjonsområdet til breen (ofte også firnområdet eller næringsområdet til breen). På grunn av trykk, smelting og frysing vil snøen i akkumulasjonsområdet i djupet gå over til is, etter å ha passert ein mellomtilstand i form av grovkorna snø.
Isen vil, fordi han er plastisk, sige nedover mot lågare område der han etter kvart smeltar. Den delen av breen der smeltinga går føre seg, smeltingsområdet eller ablasjonområdet, har vanlegvis form av ei tunge (bretunge).
Eit karakteristisk trekk ved breane er sprekkane som oppstår i overflata der isen går over ujamnskapar i botnen, eller der isen har varierande fart, til dømes frå kanten og innover mot midten. På brear i Noreg blir sprekkane sjeldan djupare enn 30 meter, mens dei kan nå meir enn 100 meter ned i polare brear.
Bretypar
Breane blir delte inn i ulike typar, etter form og storleik.
Brekappe (isbrekappe) er ein terrengdekkande isbre med eit eller fleire kvelva akkumulasjonsområde med slake skråningar som er uavhengige av topografien til underlaget. Dei største brekappene kallast på norsk også innlandsis (engelsk «ice sheet»), til dømes isen på Grønland og i Antarktis, og istidas brekapper over Skandinavia, Barentshavet-Svalbard og Nord-Amerika. Mindre brekapper (engelsk «ice cap»), til dømes Jostedalsbreen og Hardangerjøkulen, kallast også platåbrear fordi dei er sentrert over eit fjellplatå.
Ein kåpebre (platåbre) dekker eit flatt fjellområde og sender brearmar ned til alle kantar. Nokre døme på dette er Jostedalsbreen i Vestland og Vatnajökull på Island.
Brear av Spitsbergen-typen er større, samanhengande breområde med oppstikkande fjellrygger, og breforma er sterkt avhengig av terrengformene under. Som namnet indikerer, er dette ein vanleg bretype på Svalbard.
Dalbrear fyller, som namnet seier, eit dalsøkk, og har som regel eit brattare, skålforma akkumulasjonsområde.
Botnbrear er danna ved at breen har grave seg bakover og danna ei rund fordjuping (botn) i fjellet.
Forlandbrear (piedmontbrear) kjem i stand ved at isen flyt utover ei flate ved fjellfoten.
Brerørsler
Brerørsla blir dels forårsaka av indre deformasjon (flytrørsle), og dels av at isen sklir som ei blokk på eit skråplan. Ismassane som sig nedover i dalane, smeltar så mykje om sumaren at brefrontane vil halde seg i om lag same posisjon år etter år. Ved store utslag i klimavariasjonen, som kraftige snøfall om vinteren eller stor smelting om sumaren, vil likevel volumet av breen (og dermed utbreiinga) endre seg. Når klimaet etter kvart blir normalisert, vil brefrontane stabilisere seg i dei nye posisjonane.
Rørsla liknar den ein finn i ei elv. Men farten er svært liten; han er størst i midten, minst langs sidene, og større i overflata enn langs botnen. Størst fart har ein funne ved dei store isstraumane på Grønland, der isen flyttar seg opptil 30 meter i døgnet. Den største farten som er målt i Noreg, 1,25 meter i døgnet, er målt på Engabreen, som er ein utløpar av Svartisen. Vanlegvis er farten monaleg mindre, berre nokre få centimeter i døgnet.
Nokre brear, spesielt i polarstrøka, aukar ofte farten sin svært raskt, og kan komme opp i over 100 meter i døgnet. Desse breane blir då karakteriserte som framstøytbrear. Framstøytane, som også blir kalla surges (av engelsk 'bølgjer'), kan gå føre seg i opptil eit par år.
Bresmelting
Dei fleste breane på jorda minkar i utbreiing og volum, noko som fører til at det globale havnivået stig, for tida med vel 4 mm i året i gjennomsnitt. Dersom all isen i Antarktis og på Grønland smeltar, vil det globale havnivået stige i gjennomsnitt høvesvis 58 og 7 m, totalt 65 meter. I såkalla tempererte brear, slike ein har i Noreg, er temperaturen nær smeltepunktet heile året. Det er berre nokre få meter øvst der temperaturen går under 0 °C om vinteren. Det blir derfor alltid drenert noko vatn ut frå breen, sjølv midtvinters. Dei polare breane, som innlandsisen i Antarktis og på Grønland, har temperaturar som går til dels langt under frysepunktet, men sjølv der er det område langs botnen som ikkje er frosne.
Smeltevatnet som blir danna på breoverflata, sig vanlegvis gjennom breen ned til botnen, og vatnet kjem som ei grumsete elv fram gjennom ei opning i den nedre enden av breen (breporten).
Påverknad på landskapet
Det fell ofte grus og stein frå fjellsidene ned på breoverflata. På grunn av rørsla til isen ordnar dette lausmaterialet seg i lange vollar langs kantane (morenar). Om to brestraumar flyt saman, vil to av sidemorenane gå saman, og ein midtmorene oppstår. Også på botnen og inne i isen finst steinmateriale som er lausrive frå botnen (indre morenar og botnmorenar). Stein som sit fast i undersida av breen, skurar og polerer fjellgrunnen og lagar striper i han, som er parallelle med rørsla til isen. Dette blir kalla skuringsstriper. Steinen sjølv får også striper (skursteinar).
Forhøgningar i breleiet blir avrunda på den sida som vender mot brerørsla (støytsida), men ikkje den andre sida (lesida). Forhøgningane får derfor ein karakteristisk utsjånad: jamn stigning på den eine sida og ofte bratt og oppsprokke på den andre, såkalla rundsva. Der breen endar, vil lausmaterialet kunne avsetje seg som ein voll (endemorene).
Alderen på bre-isen
Isen i ein bre kan bli svært gammal. Alderen vil vere avhengig av dei klimatiske forholda, og han kan estimerast ved å sjå på snømengda som fell kvart år, brerørsla og dessutan tjukna på breen.
I Noreg vil ein ikkje finne is som er meir enn 1000–2000 år gammal, fordi det snør mykje kvart år, og ismassane sig ned i dalane, der dei smeltar bort. På Storbrean i Jotunheimen er den eldste isen målt til 700 år.
I dei sentrale delane av Grønland og i Antarktis er det aldri smelting i overflata. Det snør lite, berre nokre få centimeter per år, og isen sig svært sakte utover på grunn av den låge temperaturen. Her er bretjukna 2000–3000 meter, og alderen på isen nær botnen er over 250 000 år på Grønland og går heile 420 000 år tilbake i Antarktis. Dei går då tilbake til tida før siste istid. Analysar av borkjernar frå Grønland og Antarktis har gitt svært verdifulle opplysningar om tidlegare tiders klimavariasjonar.
Utbreiinga av breane
Breane er størst og mest talrike i landområda som ligg omkring polane, som Antarktis, Grønland og Svalbard. Dessutan finst det brear på dei høgaste fjella i alle verdsdelar bortsett frå Oseania. I Noreg er det gjort systematiske målingar av lengdeforandringane på breane sidan cirka år 1900. Systematiske målingar av massebalansen eller volumforandringar på Storbrean i Jotunheimen blei sett i gang i 1949. Frå byrjinga av 1960-talet er massebalansen frå år til år blitt målt for enkelte utvalde brear. Desse målingane har noko å seie mellom anna for kraftproduksjonen i fleire av vassdraga våre.
I Noreg er det om lag 5260 brear med eit samla areal på rundt 2320 kvadratkilometer.
Utbreiing i tidlegare tider
Når ein studerer utbreiinga av brear gjennom tidene, har skuringsstriper, rundsva, flyttblokker og morenar ei spesiell betydning. Det er ved hjelp av desse vitnesbyrda ein har kunna fastslå at breane i ei nær geologisk fortid (istida) hadde langt større utbreiing enn no. Dei fleste breane i Noreg var heilt bortsmelta i den postglasiale varmetida for omtrent 7500–6000 år sidan.
Frå seinare tid kan det nemnast at breane under den såkalla «vesle istida», i åra 1720–1750, gjekk mykje fram i Noreg, og fleire gardar blei øydelagde. Seinare har det vore tilbakegang, avbrote av enkelte framstøytar. Den siste større breframstøyten fann stad i Vest-Noreg i perioden 1990–2000 på grunn av fleire år med svært stort snøfall. Sidan byrjinga av 2000-talet har dei fleste breane i Noreg smelta mykje tilbake, hovudsakleg som resultat av varme somrar.
Noregs største brear
Målingane er gjennomførte på ulike tidspunkt.
Fastlandet | km² |
---|---|
Jostedalsbreen | 458 |
Svartisen, vestre | 190 |
Folgefonna, søre | 153 |
Svartisen, austre | 125 |
Blåmannsisen | 80 |
Hardangerjøkulen | 64 |
Svalbard | km² |
Austfonna | 8492 |
Olav V Lands isbre | 4150 |
Vestfonna | 2455 |
Eit utval kjende brear utanfor Noreg
km² | |
---|---|
Innlandsisen i Antarktis | 13 800 000 |
Innlandsisen på Grønland | 1 710 000 |
Vatnajökull (Island) | 7900 |
Grosser Aletschgletscher (Alpane) | 117 |
Samla breareal på Jorda | cirka 16 000 000 |
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Hambrey, Michael & Jürg Alean: Glaciers, 1992
- Hoel, Adolf & Johannes Norvik: Glaciological bibliography of Norway, 1962
- Liestøl, Olav: Kompendium i glasiologi, revidert utgåve, 1995
- Nesje, Atle: Brelære, 1995
- Paterson, W.S.B.: The physics of glaciers, third edition, 1994
- Ryvarden, Leif & Bjørn Wold: Norges isbreer, 1991
- Østrem, Gunnar med fleire: Atlas over breer i Sør-Norge, revidert utgåve, 1988