[go: up one dir, main page]

Oppslagsordet Norig i Norsk Ordbog frå 1850
.

Noreg er det nynorske namnet på Kongeriket Noreg.

Faktaboks

Uttale

nå:reg

Ivar Aasen brukte landsnamnet Norig. Frå 1917 til 1938 var formene Norig og Noreg jamstilte i landsmål/nynorsk, men sidan 1938 har Noreg vore eineform. I 1996 gjorde Norsk språkråd framlegg om å innføre Norge som sideform attåt Noreg, men dette vart avvist av Kulturdepartementet og aldri vedteke.

Namnet Noreg har norrønt opphav med formene Norðrvegr eller Norvegr og seinare Noregr. Les meir om historia bak landsnamnet.

Dei offisielle namna på landet er:

Språk Kortform Langform
Nynorsk Noreg Kongeriket Noreg
Bokmål Norge Kongeriket Norge
Nordsamisk Norga Norgga gonagasriika
Lulesamisk Vuodna ('fjord') Vuona gånågisrijkka
Sørsamisk Nöörje Nöörjen gånkarïjhke
Kvensk Norja Norjan kuninkhaanvaltakunta

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg