[go: up one dir, main page]

Kontaktallergi
DermNet New Zealand.
Lisens: CC BY NC ND 3.0
Lappetest

Kontaktallergi blir avdekt med lappetest. Her er det påvist kontaktallergi mot metallet kopar.

DermNet New Zealand.
Lisens: CC BY NC ND 3.0
Kontaktallergi

Kontaktallergi mot gummi.

DermNet New Zealand.
Lisens: CC BY NC ND 3.0

Kontaktallergi er ein allergisk reaksjon på stoff som kjem i kontakt med hud eller slimhinner. Det er to typar kontaktallergi: allergisk kontakteksem og allergisk kontakturtikaria.

Allergisk kontakteksem

Allergisk kontakteksem er ein immunologisk type 4-reaksjon, som er ein forseinka immunreaksjon, der betennelsen i huda blir forårsaka av sensibiliserte T-lymfocyttar som reagerer spesifikt på det aktuelle stoffet (allergenet). Det kan ta opptil eit par døgn etter kontakten med det aktuelle allergenet før reaksjonen kjem skikkeleg i gang.

Årsak

Årsaka til denne typen kontaktallergi er at eit stoff som kjem i kontakt med huda, blir fanga opp av Langerhanske celler, som omarbeider stoffet og presenterer det for T-lymfocyttar. Normalt vil T-lymfocyttane tolerere stoffet, men ved allergi skjer det motsette: T-lymfocyttane blir sensibiliserte, og ved kontakt med det aktuelle stoffet blir det utløyst ein betennelsesreaksjon i huda.

Årsaka til at nokon reagerer med allergiutvikling, medan andre ved tilsynelatande same type kontakt utviklar toleranse, er ikkje kjend. Graden av og typen eksposisjon for stoffet har avgjort betydning. Til dømes ser ein nikkelallergi hos omtrent ti prosent av kvinner med hol i øyra, men berre hos to prosent av kvinner utan hol i øyra.

Allergi mot kromsalt var tidlegare ein vanleg yrkessjukdom hos murarar, men har blitt mindre hyppig etter at sementen har blitt tilsett jernsulfat som bind kromsalt, noko som har redusert eksponeringa for krom i denne yrkesgruppa. Nokre stoff har særleg stor evne til å forårsake allergiar ved hudkontakt, og dei kan i nokre tilfelle gi allergiar etter kontakt med huda berre éin eller nokre få gonger. Eit døme på dette er ikkje-herda plaststoff, som epoksyresin.

Kva evne eit stoff har til å forårsake allergiar, kan ein undersøkje ved spesielle testar på marsvin. Det er slike testar som er gjorde når eit stoff blir sagt å vere allergitesta. Likevel kan også allergitesta stoff forårsake allergiar hos nokre menneske, sjølv om det er liten risiko for det. Stoff som forårsakar allergisk kontakteksem, er små molekyl (< 500 dalton), og eit fellestrekk ved dei er at dei har evne til å binde seg til protein i huda. Det er beskrive kontaktallergi mot omtrent 3000 ulike kjemiske substansar, og talet aukar stadig.

Symptom

Kontakteksem er ein betennelsesreaksjon i det ytre laga av huda. Huda blir raud, tørr og flassande. I det akutte stadiet kan ein sjå små væskeblærer (vesiklar). Når blærene brest, kan det oppstå væskande hudområde og skorpedanningar. Utslettet klør.

Lokalisasjonen vil spegle kvar kontakten med det allergiframkallande stoffet er sterkast. Utslett som er framkalla av til dømes nikkel, viser seg først og fremst der huda er i kontakt med smykke, klokker, knappar eller glidelåsar som inneheld nikkel. Hos sterkt allergiske personar kan utslettet også spreie seg til områda utan direkte kontakt. Når det allergiframkallande stoffet blir fjerna, blir huda etter ei stund normalisert.

Diagnose

Diagnosen byggjer på det kliniske biletet og sjukehistoria. Det blir lagt vekt på å få fram samanhengar mellom utbrot av utslettet og kontakt med mogleg allergiframkallande stoff. Lappeprøver med dei aktuelle stoffa kan stadfeste eller avkrefte mistanken om spesielle allergiar.

Behandling

Behandlinga rettar seg mot årsaka ved at det aktuelle allergenet blir fjerna. For å påskunde betringa behandlar ein eksem i tillegg symptomatisk, oftast med kortisonkremar. I nokre tilfelle der ein ikkje kan unngå allergenet i yrkessituasjonen, til dømes ved allergi mot hårfargemiddel hos ein frisør, er yrkesmessig attføring aktuelt.

Allergisk kontakturtikaria

Allergisk kontakturtikaria er ein immunglobulin E (IgE)-mediert straksallergisk reaksjon (type 1) som kjem av at immunapparatet produserer Ige-antistoff retta mot det aktuelle stoffet. Dei allergiframkallande stoffa (allergena) er protein og har molekylvekt på 5000–40 000 dalton.

Kontaktallergi av denne typen ser ein hyppigast mot matvarer hos personar som arbeider med matvarer, og mot lateks, som finst i gummiprodukt. Kondom kan òg gi kraftige reaksjonar hos lateksallergikarar. Lateksallergi er særleg aktuelt blant helsearbeidarar som arbeider mykje med gummihanskar. Truleg har meir enn éin prosent av norske helsearbeidarar lateksallergi.

Symptom

Reaksjonen kjem raskt, ofte i løpet av minutt etter den aktuelle kontakten. Pasienten får eit utslett som består av kløande vabler på huda eller hevelse i slimhinnene. Utslettet forsvinn i løpet av timar.

Diagnose

Diagnosen er ofte enkel å stille fordi det er tydeleg og rask samanheng mellom kontakten med det aktuelle stoffet og reaksjonen. Reaksjonen kan eventuelt testast ved å plassere det aktuelle stoffet direkte på huda eller ved prikktest.

Behandling

Behandlinga går ut på å fjerne det aktuelle stoffet. Ved lateksallergi må det brukast hanskar som ikkje inneheld lateks. Ved kirurgiske inngrep, tannbehandling eller gynekologiske undersøkingar av lateksallergikarar skal ein ikkje nytte hanskar som inneheld lateks, då det kan føre til allergisk sjokk hos pasienten.

Kontaktallergi

Allergen Beskriving Førekomst
Nikkel Metallisk grunnstoff. Metall i smykke, knappar, glidelåsar, reiskapar, myntar og nøklar. Kan òg finnast i kvitt gull, platina og i importerte smykke i gult gull og sølv.
Kobolt Metallisk grunnstoff. Finst som ureinskap i uekte metall, særleg nikkellegeringar. Finst òg i koboltblått.
Krom Grunnstoff. Allergi blir forårsaka av 3- og 6-verdig krom som inngår i kromsalt, ikkje metallisk krom i legeringar. Våt sement, kromgarva skinn og lêr, oske frå brent tre, grøn filt, militærgrøne tekstilar, kjølevæsker frå dieselmotorar og grøne tatoveringar.
Gummitilsetjingsstoff Mercapto-, thiuram- og PDD-miks. Kjemikaliar som blir tilsette naturgummi og syntetisk gummi for å gi produkta betre brukseigenskapar og haldbarheit. Gjenstandar som inneheld gummi. Allergiske reaksjonar er særleg aktuelt overfor gummihanskar, strikkar, elastiske bind og strømper.
Parfymemiks Blanding av åtte duftstoff som er mykje brukte i kosmetiske preparat. Kan finnast i mange kosmetiske preparat.
Epoksyplast Kunstharpiks, mykje brukt i plastindustrien. Finst i tokomponentlim. Det er det uherda stoffet som gir allergiar.
Cl+Me-Isothiazolinon (MI) Bakteriedrepande konserveringsmiddel. Industrielle produkt som måling, skjereoljer, såper, hudkremar og boblebad.
Quaternium-15 Konserveringsmiddel som drep sopp og bakteriar. Finst i mange kosmetiske produkt (såper, sjampoar og fuktkremar), lateksmålingar, pussemiddel og skjereoljer.
Kolofonium Naturprodukt frå nåletre. Finst i kvae og harpiks. Finst i mange produkt, til dømes lim, isoleringsband, nokre plaster, klister som blir brukt i idrett, kosmetikk og poleringsmiddel.
Parafenylendiamin (PPD) Fargestoff utvikla frå anilin. Hårfargar som ikkje lèt seg vaske ut. Finst òg i «mellombelse» tatoveringar.
Formaldehyd (formalin) Kjemisk stoff med mange bruksmåtar. Hudpleiemiddel, til dømes middel mot fotsveitte, negleforsterkarar og hudvaskemiddel. Vidare i strykefritt tøy. Utslepp frå nye sponplater og frå sigarettrøyk. Blir brukt i mange samanhengar i industrien.
Sesquiterpene lactone miks Aromatiske forbindelsar som finst i korgplantefamilien (Compositae). I plantar som kamilleblome, ryllik, krysantemum og løvetann. Kan òg finnast i lufta på varme sumardagar.
Primin Stoff i planten Primula obconica. Stoveplantar av primulaarten som har runde blad. Viltveksande primula gir ikkje allergi.
Perubalsam Balsam frå ein tresort som veks i Mellom-Amerika, og som inneheld duft og smaksstoff. Kan finnast i kosmetikk, visse legemiddel og som smaksstoff i matvarer og tannpasta.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg