Allergen er stoff som kan framkalle allergi hos personar som ikkje allereie er allergiske mot stoffet, og utløyse ein allergisk reaksjon hos individ som alt har denne allergien. Allergen er ein type antigen som er spesielle på den måten at dei fører til ein allergisk immunrespons.
Isoallergen er variantar av eit allergenmolekyl, med lik molekylvekt og der det meste av aminosyreseksvensen er lik (over 67% identitet), og som har same eller liknande funksjon. Svært mange protein-allergen har eitt eller fleire isoallergen, som skil seg i binding av allergiantistoffet IgE på grunn av forskjellar i aminosyresekvensen i bindingstader for IgE, i det vi kallar epitopar eller allergene determinantar.
Panallergen er allergenmolekyl som har tilsvarande funksjon i planter eller dyr som utviklingsmessig står langt frå kvarandre og blir rekna som ikkje å vere beslekta, men som på grunn av lik aminosyresekvens og tredimensjonal struktur i deler av allergenmolekylet kan binde dei same IgE-molekyla og derfor kryssreagerer. Desse kryssreaksjonane mellom ubeslekta organismar på grunn av panallergen kan gje eit falsk inntrykk av at personen har fleire ulike allergiar. Eit døme er at ein person med bjørkepollenallergi ofte i tillegg vil reagere mot mange ulike planter, som hasselnøtter, rå gulrot og eple, på grunn av molekyl med stor likskap i deler av molekylet (oralt allergisyndrom). Eit anna døme på panallergen er tropomyosin i skaldyr (reke, hummar, krabbe), blautdyr (skjel, snigel, blekksprut) og insekt (midd, kakerlakk, kveis).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.