[go: up one dir, main page]

Bjørkerakler
Bjørkerakler er kilden til bjørkepollen, som det er vanlig å være allergisk mot.
Bjørkerakler
Lisens: CC BY SA 3.0

Sensibilisering er utvikling av allergisk immunrespons mot eit stoff, for eksempel mot eit legemiddel eller noko frå miljøet rundt oss, som pollen, selskapsdyr (kjæledyr) eller mat. Seinare kontakt med det aktuelle stoffet kan føre til ein overfølsomheitsreaksjon, som ein ikke ville fått utan først å ha blitt sensibilisert. Allergisk sensibilisering gjer at immunsystemet er blitt sett i beredskap til å reagere mot noko det normalt ikkje skulle reagere mot.

Faktaboks

Etymologi
av latin sensibilis, ‘følsom’

Sensibilisering og allergi

Å vere sensibilisert er ein nødvendig føresetnad for å få ein allergisk reaksjon, men det er ikkje nok. Ofte vil sensibiliserte individ, altså menneske som reagerer i ein allergitest, likevel ikkje ha symptom på allergi. Det allergitestane måler, er berre sensibilisering, og ikke om ein har symptom på allergi. Reaksjon i ein allergitest ('positiv test') betyr derfor ikkje alltid at ein er allergisk, men berre at ein er sensibilisert. Risikoen for å utvikle ein allergi er likevel gjerne auka om ein er blitt sensibilisert.

Allergidiagnosen krev at ein har ei sjukehistorie som fortel at ein verkeleg får allergi-symptom ved kontakt med det aktuelle stoffet. Ein må få merkbare symptom på allergi for å vere allergisk, det er ikkje nok for allergidiagnosen å ha ein 'positiv' allergitest.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg