Umesamisk er eit sterkt trua samisk språk som høyrer til den vestsamiske språkgruppa. Det blir i dag berre brukt langs Umeälven i svensk Lappland, og er rekna som forsvunne i Noreg. UNESCO klassifiserer språket som på veg ut av bruk, fordi det berre finst nokre få eldre talarar att.
I i 2000 var det om lag 20 gjenverande samar som snakka umesamisk i Sverige, i kommunane Arjeplog og Arvidsjaur (språkforskar Tapani Salminen). I 2007 var det berre 10 personar att som snakka umesamisk, og dei var alle over 65 år gamle (språkforskar Trond Trosterud). I Noreg blir språket rekna som forsvunne, men det finst framleis folk som identifiserer seg som umesamar. Umesamisk vart tradisjonelt snakka i Rana, Hemnes og Korgen på norsk side, området frå Umeälven innan Maskaure, Ståkke, Västra Kikkejaure, Östra Kikkejaure i Arjeplog og Arvidsjaur, Malå, Gran og Umby i Tärna i Sverige.
Det umesamiske språkområdet ligg i det svenske förvaltningsområdet för samiska språket, der samisk er offisielt minoritetsspråk, og umesamisk har den offisielle statusen som følgjer med dette.
Endonymet for det umesamiske språket er ubmejesámiengiella. Dei tradisjonelle umesamiske kommunane heiter Árviesjávrrie (Arvidsjaur), Árjjepluovve (Arjeplog), Suarssá (Sorsele), Máláge (Malå) og Lusspie (Storuman).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.