Estisk, på estisk eesti keel, er eit språk som høyrer til den austersjøfinske greina av den finsk-ugriske språkgruppa i den uralske språkfamilien. Estisk blir snakka av om lag 1,1 millionar menneske. Av dei bur rundt 950 000 i Estland, der det er offisielt språk, mens resten er mindre emigrantgrupper i Sverige, USA, Canada og Russland.
estisk
Faktaboks
- Uttale
- ˈestisk
- Språkkodar
- ekk (EKK)
- ISO-639:3
- ekk
Språkhistorie
Fram til rundt midten av det siste tusentalet fvt. blei urfinsk-samisk tala rundt heile Finskebukta. Urfinsk-samisk var den vestlege enden av eit samanhengande finsk-ugrisk språkområde som strekte seg langt austover i retning Uralfjella i det noverande Russland.
På 500–600-talet fvt. delte urfinsk-samisk seg i to greiner: ursamisk på nordsida av Finskebukta og uraustersjøfinsk på sørsida av Finskebukta.
I dei første hundreåra evt. spreidde talarar av uraustersjøfinsk seg på nordsida av Finskebukta, mens talarane av ursamisk spreidde seg over store delar av Fennoskandia.
Det estiske språkområdet er den delen av det austersjøfinske dialektkontinuumet som ligg innanfor den estiske staten. Med andre ord er det politiske grenser som avgjer kva som skal reknast som estisk. Grensa i aust mellom Estland og Russland definerer grensa mellom nordaustlege estiske dialektar og det votiske språket på den russiske sida av grensa. I sør grensar estisk til det baltiske språket latvisk. Det austersjøfinske språket livisk, som blir snakka i Latvia, har mange felles drag med dei nærmaste estiske dialektane i Estland. Estiske dialektar som blir tala langs Finskebukta, liknar på ein del punkt finske dialektar på nordsida av Finskebukta.
Dei estiske dialektane blir ofte delte i ei nordleg og ei sørleg hovudgruppe etter ei grenselinje som går like nord for Tartu (Dorpat) til Viljandi og derfrå sørvestover. Ein sørleg dialekt, võro-dialekten, skil seg så sterkt ut at han av mange blir rekna som eit eige sør-estisk språk.
Det estiske skriftspråket begynte å utvikle seg på 1500-talet, i to variantar, ein nordleg variant som bygde på Tallinn-dialekten, og ein sørleg variant som bygde på Tartu-dialekten. Dei første samanhengande tekstane på estisk er nokre religiøse omsetjingar frå 1524. Den første estiskspråklege boka var Wanradt-Koell-katekisma (estisk Wanradti ja Koelli katekismus), trykt i Wittenberg i 1535, med parallelltekst på estisk og nedertysk.
På 1700-talet tok den nordlege varianten til å bli dominerande over heile landet, særleg etter utgjevinga av ein bibel på nord-estisk i 1739. I samband med den nasjonale oppvakninga på slutten av 1800-talet gjekk det sørlege skriftspråket heilt av bruk. Den estiske filologen Friedrich Robert Faehlmann (1798–1850) stod sentralt i arbeidet med å samle inn estiske eventyr og folkeviser, som la grunnlaget for det estiske nasjonaleposet Kalevipoeg ('Kalevi-sonen'), skrive av den estiske folkeminnesamlaren og diktaren Friedrich Reinhold Kreutzwald (1803–1882), med det finske nasjonaleposet Kalevala som inspirasjon og forbilde.
Gjennom språkreformer tidleg på 1900-talet fekk det estiske skriftspråket ei fast form. Frå slutten av 1800-tallet blei standardspråket utsett for ei intens språkrøkt, med utreinskning av germanismar og til dels radikale nydanningar, mellom anna heilt kunstig laga ord (som relv 'våpen'). Estisk har likevel framleis mange urgamle lånord frå baltiske og germanske språk, frå nyare tid også frå russisk, svensk og finsk.
Det standardiserte skriftspråket la grunnlaget for eit standardtalemål, som først blei teke i bruk i høgare sosiale lag, men som utover på 1900-talet begynte å fortrengje dei lokale dialektane i alle samfunnslag.
Estisk var det offisielle språket i Den estiske republikken (1919–1940) og fekk tilbake denne statusen i 1988, tre år før Estland blei sjølvstendig att i 1991.
Syntaks
Den normale leddstillinga i ei estisk setning er SVX, der S = subjekt, V = verbal og X = andre ledd, som vist i dette eksempelet, som tyder 'Jan gav meg ei bok':
subjekt | verbal | indirekte objekt | direkte objekt |
---|---|---|---|
Jaan | andis | mulle | raamatu |
Jan | gav | meg | bok |
Nokre setningar har ei invertert leddstilling XVS, der X mellom anna kan vere eit stads- eller tidsadverbial eller ein eigar. Setninga under tyder 'Jan har ein bror', men Jaanil har kasusen adessiv, er adverbial og tyder 'hos Jan':
adverbial | verbal | subjekt |
---|---|---|
Jaanil | on | vend |
hos Jan | er | bror |
I ein nomenfrase kjem dei fleste adledda føre hovudet, i same følgda som på norsk, for eksempel see uus auto, ord for ord 'denne gamle bilen'.
Finitte relativsetningar står etter hovudet, som i mees, kes juhib autot, ord for ord 'mannen som køyrer bilen'. I tillegg har estisk infinitte relativsetningar, der verbet er ei partisippform. I staden for laps, kes magab voodis '(eit) barn (laps) som (kes) søv (magab) i senga (voodis)' kan ein seie voodis magav laps 'i senga (voodis) sovande (magav) barn (laps)'.
Ja/nei-spørsmål har partikkelen kas fremst:
- Ta elab Venemaal 'Ho/han bur i Russland'
- Kas ta elab Venemaal? 'Bur ho/han i Russland?'
Morfologi
Nominale ord
Nominale ord – det vil seie substantiv, adjektiv, talord, determinativ og pronomen – blir bøygde i 14 kasus og 2 tal (numerus), som illustrert med substantivet jalg 'fot' i tabellen nedanfor.
kasus ⇩ / numerus ⇨ | eintal | fleirtal |
---|---|---|
nominativ | jalg | jalad |
genitiv | jala | jalgade |
partitiv | jalga | jalgasid |
illativ | jalasse / jalga | jalgadesse / jalgasid |
inessiv | jalas | jalgades |
elativ | jalast | jalgadest |
allativ | jalale | jalgadele |
adessiv | jala | jalgadel |
ablativ | jalal | jalgadelt |
translativ | jalaks | jalgadeks |
terminativ | jalani | jalgadeni |
essiv | jalana | jalgadena |
abessiv | jalata | jalgadeta |
komitativ | jalaga | jalgadega |
I ein nomenfrase kongruerer nominale adlegg med hovudet i både kasus og tal, som vist i desse eksempla, med adjektivet suur 'stor' og maja 'hus':
- nominativ eintal: suur maja 'eit stort hus'
- nominativ fleirtal: suured majad 'store hus'
- inessiv eintal: suures majas 'i eit stort hus'
- inessiv fleirtal: suurtes majades 'i store hus'
Verb
Det estiske verbet har både finitte og infinitte former. Dei finitte formene blir bøygde i modus, tempus, diatese, aspekt, person og tal. Dei infinitte formene er partisipp, supinum, infinitiv og gerundium – som blir bøygde i ulike kombinasjonar av tempus, diatese, kasus og tal. Her er nokre enkle eksempel:
- Ma elan Tallinnas 'Eg bur i Tallinn'
- Me elame Tartus 'Vi bur i Tartu'
- Ma elasin Eestis 'Eg budde i Estland'
- Me elasime Norras 'Vi budde i Noreg'
- Ma olen elanud Soomes 'Eg har budd i Finland'
- Me oleme elanud Rootsis 'Vi har budd i Sverige'
Estisk har ikkje eigne futurumformer av verbet. Presensforma blir òg brukt om futurum, som illustrert her med tulen 'eg kjem / eg skal kome':
- Ma tulen nüüd 'Eg kjem no'
- Ma tulen homme 'Eg kjem i morgon'
Fonologi
Trykk og aksent
Estiske ord har ei veksling mellom trykksterke og trykkveike stavingar. Det første trykket markerer vi her med teiknet ˈ (for primærtrykk) og dei følgjande trykka med teiknet ˌ (for sekundærtrykk):
- ˈsuu 'munn' (nominativ eintal)
- ˈmina 'eg'
- ˈsadamad 'hamner' (nominativ fleirtal)
- ˈpetˌlik 'bedragersk'
- ˈkogeleˌmine 'stamming' (nominativ eintal)
- ˈõpeˌtajaˌlik 'læraraktig'
Det som skil stavingar med primærtrykk frå stavingar med sekundærtrykk, er at dei er aksentuerte – dei skil seg ut med ein eigen tonegang. Akkurat som svensk og norsk har estisk to forskjellige aksentar – også kalla tonem eller tonelag. Aksentane er ikkje markerte i estisk ortografi med nokre unnatak (sjå avsnittet Konsonantar), men i denne artikkelen er dei markerte i fonemisk transkripsjon med eit aksentteikn over vokalen – akutt aksent (´) for den eine aksenten (aksent 1) og med gravis aksent (`) for den andre (aksent 2):
- aksent 1: saagi /sɑ́ːki/ 'fangst, bytte' (genitiv eintal)
- aksent 2: saagi /sɑ̀ːki/ 'sag' (partitiv eintal)
Dei to estiske aksentane liknar sterkt på dei norske aksentane slik dei blir uttalte i Tromsø, slik at saagi /sɑ́ːki/ 'fangst, bytte' har same tonegang som laget /¹laːɡe/ (bunden form eintal av lag) i tromsødialekt, mens saagi /sɑ̀ːki/ 'sag' har same tonegang som lage /²laːɡe/ (infinitiv).
I estiske arveord ligg aksenten til vanleg på den første stavinga, som i eksempla over. I lånord kan aksenten liggje lenger ute i ordet – til dømes har desse orda aksent på siste staving:
- želee /ʃelèː/ 'sjelé', kontuur /konttùːr/ 'kontur', ametüst /ɑmettỳst/ 'ametyst'
Vokalar
Estisk har ni korte og ni lange monoftongar i den trykksterke stavinga (normalt den første stavinga), som i tabellen under er skrivne i IPA-transkripsjon, med ortografien i parentes. F står for fremre, B for bakre, U for urunda og R for runda.
F, U | F, R | B, U | B, R | F, U | F, R | B, U | B, R |
---|---|---|---|---|---|---|---|
i (i) | y (ü) | u (u) | iː (ii) | yː (üü) | uː (uu) | ||
e (e) | ø (ö) | ɤ (õ) | o (o) | eː (ee) | øː (öö) | ɤː (õõ) | oː (oo) |
æ (ä) | ɑ (a) | æː (ää) | ɑː (aa) |
Utanfor den trykksterke stavinga har estisk normalt berre dei korte vokalane i, e, a, o, u.
I den trykksterke stavinga finst det ikkje mindre enn 25 forskjellige diftongar (og nokre ekstra i lånord): ei, äi, öi, üi, õi, ai, oi, ui, äe, öe, õe, ae, oe, ea, öa, õa, oa, eo, äo, ao, iu, äu, õu, au, ou. Utanfor den trykksterke stavinga finst berre dei tre diftongane ei, ai, ui.
Konsonantar
Estisk har 17 konsonantfonem, som vist i tabellen under, i IPA-transkripsjon, med ortografi i parentes; pal. er forkorting for palatalisert:
labial | ikkje-pal. dental | pal. dental | postalveolar | dorsal | glottal |
---|---|---|---|---|---|
p (p/b) | t (t/d) | tʲ (t/d) | k (k/g) | ||
m (m) | n (n) | nʲ (n) | |||
f (f) | s (s) | sʲ (s) | ʃ (š) | h (h) | |
ʋ (v) | l (l) | lʲ (l) | j (j) | ||
r (r) |
Bokstavane z og ž blir brukt i nokre lånord, som zooloog 'zoolog' og želee 'sjelé', men dei blir uttalte på same måte som s og š. Også š blir berre brukt i lånord, som šarlatan /ʃɑrlɑttɑ̀ːn/ 'sjarlatan' og šokolaad /ʃokkolɑ̀ːt/ 'sjokolade'.
Som tabellen viser, blir palataliserte dentalar skrivne på same måten som ikkje-palataliserte dentalar – jamfør til dømes tool /tòːlʲ/ 'stol' og sool /ˈsòːl/ 'salt'.
Plosivane /p t tʲ k/ blir skrivne p, t, k fremst i ord, som i poeg /pòek/ 'son', tool /tòːlʲ/ 'stol' og käsi /kǽsʲi/ 'hand', men i nokre lånord blir dei skrivne b, d, g, som i banaan /pɑnɑ̀ːnʲ/ 'banan', dogma /tókmɑ/ 'dogme' og garaaž /kɑrɑ̀ːʃ/ 'garasje'. Inne i ord står b, d, g for korte plosivar, mens p, t, k står for lange plosivar i staving med aksent 1 og pp, tt, kk for lange plosivar i staving med aksent 2 (både lange vokalar og lange konsonantar er reint fonetisk noko lengre med aksent 2 enn med aksent 1):
- tuba /túpa/ 'rom' (nominativ eintal), sada /sɑ́tɑ/ 'hundre' (nominativ eintal) og lagi /lɑ́ki/ 'tak' (nominativ eintal)
- lipud /lʲípput/ 'flagg' (nominativ fleirtal), koti /kótʲtʲi/ 'veske, pose' (genitiv eintal), saki /sɑ́kki/ 'tagg' (genitiv eintal)
- lippu /lʲìppu/ 'flagg' (partitiv eintal), kott /kòtʲtʲ/ 'veske, pose' (nominativ eintal), sakki /sɑ̀kki/ 'tagg' (partitiv eintal)
Elles blir lange konsonantar skrivne med dobbel bokstav, som i linn /lʲìnn/ 'by' (nominativ eintal) og kell /kèll/ 'klokke' (nominativ eintal).
Estisk og finsk
Estisk og finsk, som er dei to austersjøfinske språka med flest talarar, er nære slektningar, og dersom ein berre samanliknar dei to standardspråka, får ein inntrykk av at skilnadene er større enn dei faktisk er. Her er eit døme:
- standard estisk: tee 'veg', töö 'arbeid', too 'den der'
- standard finsk: tie 'veg', työ 'arbeid', tuo 'den der'
Dei lange uraustersjøfinske vokalane *ee, *oo og *oo er haldne ved lag i standard estisk. Dei har blitt til diftongane ie, yö og uo i finsk, men den same utviklinga finn ein òg i nordestiske dialektar.
Det finske standardspråket har ein del drag som gjev det ein meir konservativ utsjånad enn standard estisk, mellom anna når det gjeld bortfall av vokalar og konsonantar i slutten av ord:
- standard estisk 'båt': laev (nominativ eintal), laeva (genitiv eintal)
- standard finsk 'båt': laiva (nominativ eintal), laivan (genitiv eintal)
- standard estisk 'stove': tuba (nominativ eintal), toa (genitiv eintal)
- standard finsk 'stove': tupa (nominativ eintal), tuvan (genitiv eintal)
I estisk har ein kort vokal i slutten av eit ord falle bort – jamfør estisk laev mot standard finsk laiva – bortsett frå etter kort vokal pluss kort konsonant – jamfør estisk tuba mot finsk tupa.
I estisk har den uraustersjøfinske genitiv-endinga *-n falle bort – jamfør estisk laeva mot finsk laivan.
Men også i Finland finst det dialektar med dei same bortfalla. Til dømes svarer estisk laev og laeva heilt til uttalen i sørvestlege finske dialektar.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenkar
- Mercator Regional Dossiers: The Võro Language in Education in Estonia (rapport frå 2019, engelsk)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.