[go: up one dir, main page]

Porten til Nord-Noreg er første møtet med landsdelen for dei vegfarande og er eit populært landemerke ved fylkesgrensa.

Tonegangen, musikken i orda (må ikkje forvekslast med tonelag) kjem fram i ord som sola, boka, døra (tonem-1-ord). På Vestlandet og i Nord-Noreg har slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell deretter mot slutten av ordet, kalla høgtone. På Austlandet har slike ord låg tone først i ordet, og tonen stig mot slutten av ordet, kalla lågtone. Grensa mellom tonegangen høgtone og lågtone går ved Lillesand.

Infinitivsending i norske dialekter
Telegrafbukta i juni
Telegrafbukta på sørenden av Tromsøya har flott utsikt.
Telegrafbukta i juni
Lisens: CC BY SA 3.0

Nordnorsk er ei gruppe norske dialekter. Til dei nordnorske måla reknar me i dag dei norske dialektene i dei tre nordlegaste fylka våre, Nordland, Troms og Finnmark. Det er vanskeleg å finna dialektdrag som er felles for heile Nord-Noreg, men tonefallet og intonasjonen i det nordnorske språket gjer at me lett kan skilja ein nordlending frå ein trønder eller frå ein vestlending eller sørlending.

Nordnorske dialekter har mykje felles med vestnorske mål, og i ei eldre tradisjonell todeling av det norske målområdet blei nordnorsk rekna som ei grein av vestnorsk fordi nordnorsk, som vestnorsk, manglar jamvektssystemet (har ikkje kløyvd infinitiv). Unntak er nokre dialekter på Sør-Helgeland. I tillegg til manglande jamvektssystem har nordnorsk eit målmerke som er svært typisk for desse måla nord i Noreg. Det gjeld apokopen (bortfall av vokalar og bøyingsendingar). A-mål og e -mål har også stor utbreiing i nordnorsk.

Typiske trekk i nordnorske dialekter

Nordnorsk apokope

Eit kjennemerke på nordnorsk er apokope, det vil seia bortfall av vokalar og bøyingsendingar. Døme på dette er: han vil søng ei vis og e ska kjøp ei kak (kake). Prinsippet er i nordnorsk eit anna enn det ein finn i trøndersk. I trøndersk følgjer apokopen jamvektsregelen, slik at det er ord med lang rotstaving i norrønt som får apokope. Om rotstavinga var lang eller kort i norrønt, har ikkje hatt noko å seia for utviklinga av trykklette endestavingar i nordnorsk, og såleis heller ikkje for apokopen (vokalbortfallet i nordnorsk følgjer med andre ord ikkje jamvektsregelen).

Apokopen er i nordnorsk anten bunden til éin eller fleire formkategoriar, til dømes til alle infinitivar (kalla statisk apokope), eller heng saman med setningstrykket (kalla fri apokope). Ved den siste typen, fri apokope, får ordet apokope dersom det står trykklett i setninga, men har full form i andre stillingar. Døme på dette kan vera: Ska dåkker far heim no? Ja, no ska vi faræ! Apokopen er ulikt gjennomført i nordnorske dialekter. Reint allment kan ein seia at apokopen startar på Helgeland. På Ytre Helgeland blir infinitivane som regel apokopert: E ska reis i dag og bli borte ei vækka. Nord for Helgeland aukar apokopen i styrke og får eit markert intensitetsområde i Salten, Midt-Lofoten og Sør-Vesterålen.

E/a-mål i delar av Nordland, Troms og Finnmark

I nordlege delar av Nordland frå og med Ofoten og ein del av Vesterålen og heilt nord til Lyngen i Nord-Troms har ein e/a-mål. I dette området vil då infinitiv enda på -e: å lese, å skrive, medan dei svake hokjønnsorda i ubestemt form eintal får endinga -a: ei visa, ei flaska. I tillegg til i store delar av Troms finn ein også e/a-mål i fjordområda i Vest-Finnmark. Eit eksempel frå e/a-målet kan vera: Æ ska låve å kjøpe ei ny flaska om ei vekka.

E-mål nord i Troms og i indre og autstlege mål i Finnmark

Den aller nordlegaste delen av Troms og i dei indre og austlege måla i Finnmark har e-mål. Nemninga e-mål refererer til eit system der både infinitivane og svake hokjønnsord i ubestemt form eintal endar på -e: å knuse ei flaske, å kjøpe ei kåpe.

Æ-mål på ytre delar av Sør-Helgeland

På Sør-Helgeland (Vefsn, Grane, Brønnøy, Vega, Herøy) kan ein høyra æ-mål: å kjøpæ ei kåpæ.

Restar av austnorsk jamvektsmål i sør

Som nemnt har ikkje nordnorsk det austnorske jamvektssystemet, men her finst likevel nokre unntak. Sørvestre Bindal på Sør-Helgeland er eit unntak av di ein her har trøndersk jamvektsmål av typen å lesa, men å kast.

Det er også vanleg å skilje ut «innflyttarmålet» i Indre Troms (Bardu-Målselv), eit område med mange austnorske drag. Også nokre kommunar på Sør-Helgeland (Rana, Hemnes, Hattfjelldal, Grane, Bindal og Brønnøy) har spor etter den austnorske jamvektsregelen og har såleis delvis gjennomført kløyvd infinitiv med endinga -a i nokre av jamvektsinfinitivane: å veta, å lesa, å jaga, å moka, og også trøndersk apokope i nokre overvektsord: å hør, å kast, å kjøp. Ein vil her også kunna finna ein del svake hankjønnsord av jamvektstypen, som har endinga -a: ein båga, ein maga, ein stega og andre.

Lydverk (fonologi)

Tonelag

I det meste av norsk talemål har me to tonelag (eller tonem 1 og tonem 2). Tonelaga kan skilja ord frå kvarandre, jamfør ordparet bønder (tonem 1, fleirtal av bonde) og bønner (tonem 2, fleirtal av ei bønne), huse (huset, tonem 1) og å huse (verb, tonem 2). Unntak frå dette systemet finst: Brønnøy i Nordland og det meste av Nord-Troms og Finnmark skil ikkje mellom tonem 1 og tonem 2, og ord som bønder (fleirtal av bonde) og bønner (fleirtal av ei bønne) lyder då likt. Ein seier at desse dialektene ikkje har tonelagskontrast.

Tonegang (høgtone og lågtone)

Den musikalske utforminga (intonasjonen) av kvart tonem varierer i norsk. Me snakkar då om tonegangen i orda. Klarast kjem særtrekk i tonegangen fram i tonem-1-ord, som bønder, huset, sola, armen og så bortetter. Vestlandet og Nord-Noreg har i slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell deretter mot slutten av ordet, kalla høgtone (det finst variantar av denne høgtone-utforminga). Austlandet har her i dei nemnde orda låg tone først i ordet, og tonen stig mot slutten av ordet, kalla lågtone.

Unntak frå typisk nordnorsk tonegang finn ein i Brønnøy-målet som har ein spesiell tonegang, som høyrest ut som ein mellomting mellom høgtone og lågtone. Unntak er det også for innflyttarmålet i Indre Troms, som har austnorsk lågtone (tonen startar lågt og stig mot slutten av ordet).

Grensa mellom tonegangen høgtone og lågtone går ved Lillesand på Agder. Tonegangen (ordtonen) set også merke på setningsmelodien. Me kan med stor rett snakka om typisk nordnorsk høgtone og nordnorsk setningsmelodi. Særmerkt tonegang og setningsmelodi er med på å karakterisera mest alt nordnorsk.

Sirkumfleks

Nokre dialekter i Nord-Norge (og i Trøndelag), der apokope er eit viktig særdrag, kan ein ha tonelagsmotsetnad også ved ord på berre ei staving, eit fenomen som heiter sirkumfleks (eller totoppa tonem). Dette tonelaget (tonemet) kjem i staden for tonem 2 i apokoperte ord. Ein får då ordpar som eit lik (vanleg form) (død kropp), som er ulikt ordet å lîk (infinitiv, med sirkumfleks), tung (adjektiv, vanleg form), ulikt ei tûng (ei tunge, med sirkumfleks) og så bortetter.

Trykk

Importord (lånord) har i nordnorsk som regel trykk på siste stavinga: av’is, kul’tur, sta’sjon, universi’tet, slik det er i vestnorsk. I fleirspråksområda i delar av Troms og Finnmark kan ein høyra talemål der ein legg trykk på føreledda (prefiksa) i ord som ‘betale, ‘behøve, ‘fårklare, ‘gelender. I titlar og namn kan første ordet få trykk ’lærar Nilsen. Samansette ord kan også få trykk på første ordet: ‘Anne Lise mot Anne ‘Lise.

Verbalgrupper (verb + adverb) har i nordnorsk trykk på adverbet: komme-‘inn, ta-seg-‘fram, slå-’ut (som vestnorsk).

Palatalisering

Palatalisering av dentalar i trykkstaving rår i heile landsdelen, døme er mannj, ballj, reddj, kvittj. Palataliseringa i nordnorsk forekommer både ved nn, ll, tt og dd, og ved nt, nd og lt (kantj, lanj, saltj). I austlege og indre delar av Finnmark er ikkje palataliseringa så markant som elles i nordnorsk.

Tjukk l

Tjukk l finn ein i Nord-Noreg i eit område som går samanhengande frå Trøndelag til Hamarøy kommune nord i Nordland. Berre Helgeland har tjukk l av begge typane: bLo, soL, gaL (gard) og joLe (eit jorde). I Salten heiter det bLo, men gar (gard).

Retrofleks uttale av konsonantar finst i all nordnorsk. Retrofleksane oppstår når konsonanten -r kjem i kontakt med ein etterfølgjande alveolar konsonant (n, l, t, d, s). Det gjeld i ord som ert, ferdig og barn. I delar av Nordland, der tjukk l finst, vil også denne konsonanten skapa retrofleks uttale i nokre ord, jamfør døme frå Salten: fært (fælt) og å gurne (gulna). Orda gulne og surne er her rimord. Ved retrofleks uttale misser -r og tjukk l tungeslaget og smeltar saman med etterfølgjande konsonant.

Vokalendring

Vokalane i, e og y blir i nordnorsk ofte senka til e, æ og ø: fesk, mett (mitt), fæst (fest), løst (substantiv), sønge, trøkke.

Andre lydlege særdrag

Palatalisering
Palatalisering
Av /Hallfrid Christiansen, 1969.
Lisens: CC BY SA 3.0

Konsonanten /r/ har ein særmerkt variant i nordnorsk. Denne lyden blir stemmelaus (ustemd) framfor ein /k/ som står i slutten av eit ord; det gjeld ord som ark, park og spark. Uttalen blir om lag som dette: /arsk/, /parsk/ og /sparsk/. I lydskrift kan denne r-varianten isolert skrivast som /ʐ/ eller /ʒ/. Når r-lyden blir ustemd framfor /k/, blir lydskrifta slik: /ɑʂk/, /pɑʂk/ og /spɑʂk/. Denne ustemde r-varianten har tradisjonelt vore brukt frå Lofoten i sør og så langt nord som til Tromsø.

Formverk (morfologi)

Substantiv

Fleirtal ubestemt form av hankjønnsord endar med få unntak på -a i alle nordnorske dialekter (som på Vestlandet): mang båta, fleir bila, fleir stola og så bortetter. I hokjønn er endinga som oftast -e: fleir skåle, fleir dame, fleir greine (med apokope i Salten: fLeir skåL, fLeir dam, fLeir grein).

Fleirtals r-en er fallen bort i substantiva. Unntak er ei lita gruppe hankjønn- og hokjønnsord med vokalskifte (omlyd) i fleirtal og også ståande -r i heile Nord-Noreg. Døme er: fot – føter, mann – menner, hand – hender, bok – bøker og andre. I tillegg må nemnast dialektene heilt sør på Helgeland. Her finn ein halden -r i fleirtal av alle svake hokjønnsord: fleir jentår, fleir visår, fleir flaskår og så bortetter.

I bestemt form eintal av sterke og svake hokjønnsord er endinga -a i begge dei to typane: den bygda, den visa. I dialektene på Helgeland vil ein kunna finna eit system med ulik ending i bestemt form av hokjønnsorda, til dømes den bygdæ og den jento (Vefsn).

Bestemt form fleirtal får i nordnorsk i dag som hovudregel endinga -an i alle hankjønns- og inkjekjønnsord. Det heiter allj gutan og allj husan. Dette at inkjekjønnsorda har endinga -an i bestemt form fleirtal, er eit kjennemerke på nordnorsk: allj dyran, allj takan, allj husan (men liknande former finn ein også i kyststroka vest på Agder). Hokjønnsorda vil i nordnorsk som regel ha bøyinga fleir skåle, allj skålen. I apokopeområda i Salten vil det heita: fLeir skåL – allj skåLen. I Brønnøy-området vil ein kunna høyra andre former, som til dømes: allje huse, bejji stykkji (begge stykka) og så bortetter.

Verb

Dei svake verba har i nordnorsk kasta r-en i presens: eg kjøpe, eg leve (lever), eg kasta. A-verba har i presens a-ending i Nordland og nordover til midt på Senja i Troms: han står å banka, vi går å rusla. Nord for denne grensa er det e-ending: han står å banke, vi går å rusle (same endinga som i e-verba). Rana har vokalbortfall i presens av a-verba.

Presens av sterke verb har kortformer med vokalskifte (omlyd), slik det er i mange norske dialekter, døme æ kjæm, æ søv, æ græv.

Personlege pronomen og adverb

Formene i 1. person eintal av dei personlege pronomena heiter i nordnorsk æ, æg, e, eller eg. I 1. person fleirtal har all nordnorsk forma vi. 2. person fleirtal heiter dåkk eller dåkker. I 3. person fleirtal er både di og dæmm i bruk.

Nektingsadverbet heiter i nordnorsk ikkje, som i vestnorsk. I Finnmark og i Nord-Troms er forma ikke den vanlege.

Tidsadverbet no finn ein på heile Helgeland, i Salten og på Værøy og Røst. Lenger nord i fylket er nu det vanlege. I mykje av Troms er forma no mest brukt. I Finnmark høyrer ein tidt ei veksling mellom nu og no.

Setningsbygning

I nordnorsk set ein pronomenet føre namnet: han Per, ho Kari. Nordnorsk har også manglande inversjon i spørjesetningar: Ka / ke du trur?, Kæm ho va?, Kem som sei dæ?, Kor du ska reis no? Konstruksjonen Ho bli å reise i morra (Ho skal reisa i morgon) er også typisk for nordnorsk. I Finnmark kan ein også høyra setningskonstruksjonar som Da vi vaks opp, det føltes jo trygt (verbet føltes står etter subjektet det).

Endringar i dei nordnorske dialektene

Apokopen er i dag på retur i dei nordlege områda i Nordland, og særleg er det i dei svake hokjønnsorda at ny ending kjem inn. Ein får formene: ei visa, ei gryta eller ei vise, ei gryte (for eldre ei vis, ei gryt). Bodø by (som ligg innafor apokopeområdet) har tradisjonelt former med halden endingsvokal i dei svake hokjønnsorda, som ei vise, ei gryte, ei kåpe (utan apokope).

I overgangsområdet mellom e/a-målet og e-målet i Troms og også i fjordområda av Finnmark er det ofte slik at heimlege «kvardagslege» svake hokjønnsord framleis får -a, til dømes ord som ei kåfta og ei kåbbespya (manet), medan nyare ord får -e: ei tavle, ei strømpe og så bortetter.

I nokre nordnorske mål (særleg i Ofoten og i byar og tettstader) finn ein at dei palataliserte alveolarane gradvis går over til å få retrofleks-uttale.

Tradisjonelt har ein i mykje av nordnorsk hatt konsonantvekslinga: tak – takje, dag – dajen, sækk – sekkjen og så vidare. Dette særdraget er på retur i dag.

I Vefsn er leniseringa av p, t, k til b, d, g (til halvstemde plosivar) på retur.

Fleirtal på -o i svake hokjønnsord nord i Nordland (kåpo, flasko) blir i dag erstatta av former med -a: fleir kåpa, fleir flaska.

Som elles i landet skjer det i nordnorsk ei uniformering av ordtilfang og ordformer: sny og sjy vik for snø og sjø, lessen blir til engsteleg, alo blir til bråk, jøger til stolt/kry, ist blir gidd (eg ist ikkje blir eg gidd ikkje), bunnjing blir stikketøy og så vidare.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bull, Tove (1990): Målet i Finnmark og Troms. I: Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store Dialektboka. Oslo: Novus. (Side 157–178).
  • Bull, Tove og Jetne, Kjellaug (red.) (1982): Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg. Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Elstad, Kåre (1976): Litt om nordlandsdialektane. I: Leif B. Lillegaard (red.) 1976: Bygd og by i Norge. Oslo: Gyldendal-
  • Elstad, Kåre (1982): Nordnorske dialektar. I: Bull, Tove og Jetne, Kjellaug (red.) (1982). (Side 9-100).
  • Hanssen, Eskil (1990): Nordland. Landsdelen og dialekten. I: Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store Dialektboka. Oslo: Novus. (Side 141–156).
  • Jahr, Ernst Håkon og Skare, Olav red. (1996): Nordnorske dialektar. Oslo: Novus.
  • Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn (2012): Inndeling av nordnorsk. Trykt i Mæhlum, og Røyneland: Det norske dialektlandskapet. Innføring i studiet av dialekter. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. (Side 111–119).

Kommentarar (2)

skreiv Tor-Ivar Krogsæter

«Bestemt form fleirtal får i nordnorsk i dag som hovudregel endinga ‑an i alle substantiv.» I mi dialekt har me (ubest./best.) -a/-e/-[] -an/-e/-(a)n. Døme: kara/karan, dame/damen, hus/husan.

Pronomen: Eg meiner sikkert at dei har æg i Henningsvær; nordnorsk har altså e/eg, æ/æg.

R har ein variant i delar av Nord-Norge, så vidt eg veit i alle fall i Lofoten og blant eldre talarar også så langt nord som Tromsø (etter kva dei har fortald meg): Han vert uttalt som /ʐ/ eller /ʒ/ (avhengig av om ein reknar norsk sj å vere /ʂ/ eller /ʃ/), og blir då stemmelaus foran /k/ som utljod. Ord som ark, park, spark blir då /ɑʂk/, /pɑʂk/, /spɑʂk/. Eg hugsar godt frå barndomen korleis nokre hadde denne r-uttalen særs utprega, så Svolvær, Røst, blei /svɔlvæʐ/ eller /svɔlvæʒ/ og /ʐøst/ eller /ʒøst/, med meir utprega frikativ initialt. I gamal tid, fortalde bestemor mi, hadde dei òg ein /ɹ̠/-aktig ljod, som skal ha vore brukt kun i bestemte høve, men denne er no for lengst gått ut av bruk. Eg veit ikkje om dette var ein ljod som blei brukt på skjemt eller ei, men har høyrt andre, mellom anna eldre tromsøværingar, omtale han.

skreiv Martin Skjekkeland

Til Tor-Ivar Krogsæter!
Takk for verdfulle kommentarar til artikkelen "nordnorsk". Eg vil nå sjå nøye på det du skriv, og innarbeida dine opplysningar i teksten. Når det gjeld den varianten konsonanten /r/ har i nordnorsk, er eg litt usikker på i kva grad eg klarer å få fram den korrekte uttalen av denne varianten. Til nå har eg i mine artiklar ikkje bruka særleg mykje lydskrift. Men eg skal sjå på det!
Helsing
Martin Skjekkeland, fagansvarleg for norske dialektar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg