A-mål er dialektar der infinitiv av verb og svake hokjønnsord i ubestemt form eintal endar på -a.
a-mål
Geografisk område
Det som i dialektgeografien blir kalla a-mål, ligg på Sørvestlandet i Noreg. Det blir difor kalla det sørvestlandske a-målet. Området strekker seg frå Lista i Vest-Agder og vest- og nordover til Indre Sogn, sjå kart.
Særtrekk i a-målet
Kjennemerket på a-mål er at infinitiv av verb og svake hokjønnsord i ubestemt form eintal endar på -a: å vera, å kasta, ei veka, ei visa. Dette var ordgrupper som i norrønt hadde trykklett -a i endinga (i utlyd). I a-målet har opphavleg trykklett -a halde seg i mest alle stillingar. Namnet a-mål i høve til e- mål byggjer likevel på vokalutviklinga i infinitiv og svake hokjønnsord ubestemt form eintal.
A-målet har som nemnt a-ending i ord som: å kasta, å veta, ei gryta, ei veka og så bortetter. I tillegg finn ein endinga -a i adjektivformer som den stora kyrkja, det stora fjedle og i adverb som heima, idla, mesta, fudla, jedna, lika og andre. I nokre ord finn ein -a som bindevokal i samansette ord: hestalort, bygdasnakk, badnavogn, julaby og så bortetter.
Ei anna tyding av a-mål
Hovuddefinisjonen på a-mål er at infinitiv og svake hokjønnsord endar på -a. Men a-mål kan også bli brukt om dialekter som har -a i bestemt form eintal av sterke hokjønnsord, som den snora, den sola (i motsetnad til i -mål)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.