Etnisk reinsing er tiltak for å fjerne ei etnisk gruppe eller redusere det etniske mangfaldet i ein stat, eit land eller eit område. Den etniske reinsinga kan utførast på fleire måtar, til dømes som meir eller mindre spontan tvangsfordriving av ein folkegruppe frå eit område med vold som verkemiddel, eller som ein del av eit planlagt folkemord på ein slik gruppe.
Faktaboks
- Etymologi
-
Omsett frå serbisk og kroatisk, etničko čišćenje. Omgrepet kom i bruk i norsk og engelsk etter 1990.
Kommentarar (2)
skreiv Frode Lindgjerdet
svarte Dag Einar Thorsen
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.