Ein biskop er den øvste kyrkjelege leiaren i eit bispedømme. Bispeembetet er felles for ei rekkje større kyrkjesamfunn. Den norske kyrkja har tolv biskopar (2022). Bispemøtet, som består av alle tenestegjerande biskopar, blir leia av preses (leiande biskop), som sidan 2011 er knytt til eit eige bispeembete.
biskop
Framveksten av bispeembetet i den tidlege kyrkja
I Det nye testamentet blir biskop ofte omtalt ved sida av presbyter (gresk «eldste»; Apostelgjerningane, kapittel 20, vers 17 og vers 28; Paulus' brev til Titus, kapittel 1, vers 5 og 7, jamfør Paulus' brev til filipparane, kapittel 1, vers 1; Paulus første brev til Timoteus kapittel 3, vers 1 og vidare). Om desse namna gjeld det same embetet, eller om biskopar er ei anna gruppe embetsmenn enn presbyterar, er omstridt. Det varte likevel ikkje lenge før det monarkiske episkopatet utvikla seg i kyrkja, det vil seie ei forfatningsform der kvar kyrkjelyd blir styrt av éin biskop.
I Ignatius' brev frå byrjinga av 100-talet er det vitnesbyrd om dei tre embeta (biskopar, presbyterar og diakonar) som ei fast kyrkjeleg ordning. Kampen mot gnostikarar og vranglærarar bidrog ytterlegare til å styrkje makta til bispestillinga. I alle fall frå slutten av 100-talet fekk biskopen av Roma ei særstilling som etter kvart førte til at han som pave gjorde krav på å bli anerkjend som overhovud for heile kyrkja.
Den katolske kyrkja
Oppfatninga til den katolske kyrkja går ut på at biskopane er etterfølgjarane av apostlane, som gjennom den apostoliske suksesjonen har fått Den heilage andens nådegåve. Handlingar som berre ein biskop kan utføre, er ordinasjon, konfirmasjon, tillaging av den heilage salven, vigsle av res sacrae, til dømes kyrkjevigsle, vigsle av abbedar og abbedisser og salving av kongar. Biskopen utøver den kyrkjelege regjeringsmyndigheita og har doms- og dispensasjonsrett i kyrkjelege saker i bispedømmet sitt.
Biskopane fører ærestittelen reverendissimus («høgstærverdige»). Dei pliktar å bu i bispedømmet og å sende rapporteringar til pavestolen. Utnemninga av biskopar har i den romersk-katolske kyrkja ført til mykje strid mellom kyrkje og stat. I dag er bispeutnemningar stort sett ei kyrkjeleg sak.
Dei evangeliske kyrkjesamfunna
Ved reformasjonen blei bispeembetet utsett for kraftig kritikk. Likevel blei det behalde også i mange evangeliske kyrkjer. Etter 1918 er bispeembetet etter kvart gjeninnført i dei fleste tyske landskyrkjer. I England og Sverige blei den apostoliske suksesjonen, i form av biskoppeleg ordinasjonskontinuitet, bevart ved vigsla av dei første evangeliske biskopane. I Danmark og Noreg blei denne broten då dei første evangeliske biskopane (først kalla superintendentar) blei ordinerte i 1537 av reformatoren Johannes Bugenhagen, som ikkje sjølv var bispevigd. I dei norsk-lutherske kyrkjesamfunna i Amerika er ikkje tittelen biskop behalden, og det tilsvarande embetet blir styrt av ein president som er vald til dette.
Noreg
Biskopane i Den norske kyrkja blir tilsette av Kyrkjerådet etter eit rådgivande bispeval. Ein biskop blir innsett i tenesta si ved ei eiga vigslehandling, bispevigsle. Ei av dei viktigaste oppgåvene til biskopane i Den norske kyrkja er å føre tilsyn med livet og læra til prestane, mellom anna ved å gjennomføre bispevisitas i kvart sokn minst kvart åttande år.
Biskopane vigslar kyrkjer og ordinerer nye prestar. Dei medverkar òg ved tilsetjing av prestar, og dei er rådgivarar for prestane og dei kyrkjelege organa innanfor bispedømmet. Biskopane er òg medlemmer av Kyrkjemøtet. Sidan 1917 har bispemøte vore ein fast institusjon.
Embetsteikn
Embetsteikna til biskopar i den katolske kyrkja er bispelua og brystkorset. Desse blir overrekte til biskopen ved bispevigsla. I tillegg ber biskopen bispering og bispestav. Av dei evangeliske kyrkjene bruker den anglikanske kyrkja alle desse verdigheitsteikna, medan dei svenske biskopane ber mitra, korkåpe, brystkors og bispestav. Dei norske biskopane har berre brystkors (innført i 1815) og korkåpe.
Biskopar i Noreg etter reformasjonen
Oslo bispedømme
Oppretta rundt 1075. Frå 1537 til 1864 også med Hamar, fram til 1948 også med Tunsberg, fram til 1969 også med Borg. Bispesete i Oslo.
Innsetjingsår | Namn | Leveår |
---|---|---|
1541 | Hans Rev | rundt 1480–1545 |
1545 | Anders Madssøn | død 1548 |
1548 | Frants Claussøn Berg | rundt 1500–1591 |
1580 | Jens Nilssøn | 1538–1600 |
1601 | Anders Bendssøn Dal | 1550–1607 |
1607 | Niels Claussøn Senning | død 1617 |
1617 | Niels Simonssøn Glostrup | rundt 1585–1639 |
1639 | Oluf Boesen | 1583–1646 |
1646 | Henning E. Stockfleth | død 1664 |
1664 | Hans Rosing | 1625–1699 |
1699 | Hans Munch | 1654–1712 |
1713 | Bartholomæus Deichman | 1671–1731 |
1730 | Peder Hersleb | 1689–1757 |
1738 | Niels Dorph | 1681–1758 |
1758 | Frederik Nannestad | 1696–1774 |
1773 | Christen Schmidt | 1727–1804 |
1805 | Fredrik Julius Bech | 1758–1822 |
1823 | Christian Sørensen | 1765–1845 |
1846 | Jens Lauritz Arup | 1793–1874 |
1875 | Carl P. Parelius Essendrop | 1818–1893 |
1893 | Fredrik W. K. Bugge | 1838–1896 |
1896 | Anton Chr. Bang | 1840–1913 |
1912 | Jens Frølich Tandberg | 1852–1922 |
1922 | Johan Lunde | 1866–1938 |
1937 | Eivind Berggrav | 1884–1959 |
1951 | Johannes Smemo | 1898–1973 |
1968 | Fridtjov Birkeli | 1906–1983 |
1972 | Kaare Støylen | 1909–1989 |
1977 | Andreas Aarflot | fødd 1928 |
1998 | Gunnar Stålsett | fødd 1935 |
2005 | Ole Chr. Kvarme | fødd 1948 |
2017 | Kari Veiteberg | fødd 1961 |
Borg bispedømme
Oppretta i 1969. Bispesete i Fredrikstad.
Innsetjingsår | Namn | Leveår |
---|---|---|
1969 | Per Lønning | 1928–2016 |
1976 | Andreas Aarflot | fødd 1928 |
1978 | Gunnar O. Lislerud | 1921–1998 |
1990 | Even Fougner | 1933–2002 |
1998 | Ole Christian Mælen Kvarme | fødd 1948 |
2005 | Helga Haugland Byfuglien | fødd 1951 |
2012 | Atle Sommerfeldt | fødd 1951 |
2022 | Kari Mangrud Alvsvåg | fødd 1970 |
Hamar bispedømme
Oppretta i 1152/1153. Oppretta på nytt i 1864. Bispesete i Hamar.
Innsetjingsår | Namn | Leveår |
---|---|---|
1864 | Halvor O. Folkestad | 1807–1889 |
1887 | Arnoldus Marius Hille | 1829–1919 |
1906 | Christen Brun | 1846–1917 |
1917 | Otto Jensen | 1856–1918 |
1918 | Gustav J. F. Dietrichson | 1855–1922 |
1922 | Mikkel Bjønness-Jacobsen | 1863–1941 |
1934 | Henrik Hille | 1881–1946 |
1947 | Kristian Schjelderup den yngre | 1894–1980 |
1964 | Alex Johnson | 1910–1989 |
1974 | Georg Hille | 1923-2023 |
1993 | Rosemarie Köhn | 1939–2022 |
2006 | Solveig Fiske | fødd 1952 |
2023 | Ole Kristian Bonden | fødd 1970 |
Tunsberg bispedømme
Oppretta i 1949. Bispesete i Tønsberg.
Innsetjingsår | Namn | Leveår |
---|---|---|
1948 | Bjarne Skard | 1896–1961 |
1961 | Dagfinn Hauge | 1908–2007 |
1978 | Håkon E. Andersen | 1925–2012 |
1991 | Sigurd Osberg | fødd 1933 |
2002 | Laila Riksaasen Dahl | fødd 1947 |
2014 | Per Arne Dahl | fødd 1950 |
2018 | Jan Otto Myrseth | fødd 1957 |
Agder og Telemark bispedømme
Før 1682 Stavanger bispedømme, til 1925 med Stavanger. Bispesete i Kristiansand.
Innsetjingsår | Namn | Leveår |
---|---|---|
1541 | Jon Guttormssøn | død 1576 |
1558 | Jens Gregerssøn Riber | 1470–1571 |
1571 | Jørgen Erikssøn | 1535–1604 |
1605 | Laurids Scavenius (Skabo) | 1562–1626 |
1627 | Thomas Cortsøn Wegener | 1588–1654 |
1655 | Marcus Christensen Humble | 1601–1661 |
1661 | Christian Madssøn Tausan | død 1680 |
1680 | Jacob Jenssøn Jersin | 1633–1694 |
1694 | Hans Munch | 1654–1712 |
1699 | Ludvig Stoud | 1649–1705 |
1705 | Jens Bircherod | 1664–1720 |
1720 | Christopher Nyrop | 1680–1733 |
1733 | Jacob Kærup | 1682–1751 |
1751 | Rasmus Paludan | 1702–1759 |
1759 | Jens Christian Spidberg | 1684–1762 |
1762 | Ole Tidemand | 1710–1778 |
1778 | Eiler Hagerup den yngre | 1718–1789 |
1789 | Hans Heinrich Tybring | 1732–1798 |
1798 | Peder Hansen (Fyn 1804) | 1746–1810 |
1804 | Jens Bloch (Viborg 1805) | 1763–1830 |
1805 | Johan Michael Keyser | 1749–1810 |
1811 | Christian Sørensen | 1765–1845 |
1832 | Johan Storm Munch | 1778–1832 |
1832 | Mathias Sigwardt | 1770–1840 |
1841 | Jacob von der Lippe | 1797–1878 |
1874 | Jørgen Engebretsen Moe | 1813–1882 |
1882 | Johan Jørgen Tandberg | 1816–1884 |
1885 | Jacob Sverdrup Smitt | 1835–1889 |
1889 | Johan Christian Heuch | 1838–1904 |
1904 | Gunvald C. Bernhard Thorkildsen | 1845–1908 |
1908 | Kristian V. Koren Schjelderup den eldre | 1853–1913 |
1913 | Bernt Andreas Støylen | 1858–1937 |
1930 | James Maroni | 1873–1957 |
1946 | Johannes Smemo | 1898–1973 |
1951 | Johannes Smidt | 1887–1973 |
1957 | Kaare Støylen | 1909–1989 |
1973 | Erling G. Utnem | 1920–2006 |
1983 | Halvor Bergan | 1931–2015 |
1998 | Olav Skjevesland | 1942–2019 |
2012 | Stein Reinertsen | fødd 1960 |
Stavanger bispedømme
Oppretta cirka 1125. Oppretta på nytt i 1925. Bispesete i Stavanger.
Innsetjingsår | Namn | Leveår |
---|---|---|
1925 | Jacob Christian Petersen | 1870–1964 |
1940 | Gabriel Skagestad | 1879–1952 |
1949 | Karl Marthinussen | 1890–1965 |
1960 | Fridtjov Birkeli | 1906–1983 |
1968 | Olav Hagesæther | 1909–1999 |
1977 | Sigurd Lunde | 1916–2006 |
1985 | Bjørn Bue | 1934–1997 |
1997 | Ernst O. Baasland | fødd 1945 |
2009 | Erling Pettersen | fødd 1950 |
2017 | Ivar Braut | fødd 1956 |
2019 | Anne Lise Ådnøy | fødd 1957 |
Bjørgvin bispedømme
Oppretta rundt 1070. Bispesete i Bergen.
Innsetjingsår | Namn | Leveår |
---|---|---|
1537 | Geble Pederssøn | rundt 1490–1557 |
1557 | Jens Pedersen Skjelderup | rundt 1510–1582 |
1583 | Anders Foss | 1543–1607 |
1607 | Anders Mikkelsen Colding | 1560–1615 |
1616 | Nils Paaske | 1568–1636 |
1636 | Ludvig Hanssøn Munthe | 1593–1649 |
1649 | Jens Pedersen Skjelderup | 1604–1665 |
1665 | Nils Enevoldsen Randulff | 1630–1711 |
1711 | Nils Pederssøn Smed | 1655–1716 |
1716 | Clemens Schmidt | 1671–1723 |
1723 | Marcus Müller | 1684–1731 |
1731 | Oluf Cosmussen Bornemann | 1683–1747 |
1747 | (Ole Tidemand konstituert) | 1710–1778 |
1747 | Erik L. Pontoppidan den yngre | 1698–1764 |
1757 | Ole Tidemand | 1710–1778 |
1762 | Frederik Arentz | 1699–1779 |
1774 | Eiler Hagerup den yngre | 1718–1789 |
1778 | Søren Friedlieb | 1717–1779 |
1779 | Ole Irgens | 1724–1803 |
1804 | Johan Nordahl Brun | 1745–1816 |
1816 | Claus Pavels | 1769–1822 |
1822 | Jacob Neumann | 1772–1848 |
1848 | Peder Chr. H. Kjerschow | 1786–1866 |
1858 | Jens Math. Pram Kaurin | 1804–1863 |
1864 | Peter H. Graah Birkeland | 1807–1896 |
1881 | Fredrik Waldemar Hvoslef | 1825–1906 |
1898 | Jakob Liv Rosted Sverdrup | 1845–1899 |
1899 | Johan Willoch Erichsen | 1842–1916 |
1916 | Peter Hognestad | 1866–1931 |
1932 | Andreas Fleischer | 1878–1957 |
1948 | Ragnvald Indrebø | 1891–1984 |
1961 | Per Juvkam | 1907–2003 |
1977 | Thor With | 1918–1997 |
1987 | Per Lønning | 1928–2016 |
1994 | Ole D. Hagesæther | fødd 1941 |
2009 | Halvor Nordhaug | fødd 1953 |
2023 | Ragnhild Jepsen | fødd 1969 |
Møre bispedømme
Oppretta i 1983. Bispesete i Molde.
Innsetjing | Namn | Leveår |
---|---|---|
1983 | Ole Nordhaug | 1925–2021 |
1991 | Odd Bondevik | 1941–2014 |
2008 | Ingeborg Midttømme | fødd 1961 |
Nidaros bispedømme
Oppretta rundt 1075. Til 1804 med Hålogaland. Bispesete i Trondheim.
Innsetjingsår | Namn | Leveår |
---|---|---|
1546 | Torbjørn Olavssøn Bratt | død 1548 |
1549 | Hans Gaas | rundt 1500–1578 |
1578 | Hans Mogenssøn | 1524–1595 |
1596 | Isack Grønbeck | 1564–1617 |
1618 | Anders Arrebo | 1587–1637 |
1622 | Peder Jenssøn Skjelderup | 1571–1646 |
1643 | Erik Bredal | 1607–1672 |
1672 | Arnold de Fine | 1614–1672 |
1673 | Erik Pontoppidan den eldre | 1616–1678 |
1678 | Christopher H. Schletter | 1629–1688 |
1689 | Peder Krog | 1654–1731 |
1731 | Eiler Hagerup den eldre | 1685–1743 |
1743 | Ludvig Harboe | 1709–1783 |
1748 | Frederik Nannestad | 1696–1774 |
1758 | Johan Ernst Gunnerus | 1718–1773 |
1773 | Marcus Fredrik Bang | 1711–1789 |
1788 | Johan Chr. Schønheyder | 1742–1803 |
1804 | Peter Olivarius Bugge | 1764–1849 |
1843 | Hans Riddervold | 1795–1876 |
1849 | Hans Jørgen Darre | 1803–1874 |
1861 | Andreas Grimelund | 1812–1896 |
1884 | Niels Jacob Laache | 1831–1892 |
1892 | Johannes Nilsson Skaar | 1828–1904 |
1905 | Vilhelm Andreas Wexelsen | 1849–1909 |
1909 | Peter W. Kreydahl Bøckman | 1851–1926 |
1923 | Jens Gran Gleditsch | 1860–1931 |
1928 | Johan Støren | 1871–1956 |
1945 | Arne Fjellbu | 1890–1962 |
1960 | Tord Godal | 1909–2002 |
1979 | Kristen Kyrre Bremer | 1925–2013 |
1991 | Finn Wagle | fødd 1941 |
2008 | Tor Singsaas | fødd 1948 |
2017 | Herborg Finnset | fødd 1961 |
Hålogaland bispedømme
Oppretta i 1804, delt i 1952. Bispesete i Tromsø.
Innsetjingsår | Namn | Leveår |
---|---|---|
1804 | Matthias Bonsach Krogh | 1754–1828 |
1830 | Peder Chr. H. Kjerschow | 1786–1866 |
1849 | Daniel Bremer Juell | 1808–1855 |
1855 | Knut Gislesen | 1801–1860 |
1861 | Carl P. Parelius Essendrop | 1818–1893 |
1868 | Fredrik Waldemar Hvoslef | 1825–1906 |
1876 | Jacob Sverdrup Smitt | 1835–1889 |
1885 | Johannes Nilsson Skaar | 1828–1904 |
1893 | Peter W. Kreydahl Bøckman | 1851–1926 |
1910 | Gustav J. F. Dietrichson | 1855–1922 |
1918 | Johan Nicolai Støren | 1871–1956 |
1928 | Eivind Josef Berggrav | 1884–1959 |
1937 | Sigurd Johan Normann | 1879–1939 |
1940 | Wollert Krohn-Hansen | 1889–1973 |
Sør-Hålogaland bispedømme
Oppretta i 1952. Bispesete i Bodø.
Innsetjingsår | Namn | Leveår |
---|---|---|
1952 | Wollert Krohn–Hansen | 1889–1973 |
1959 | H. E. Wisløff | 1902–1969 |
1969 | Bjarne O. Weider | 1913–1985 |
1982 | Fredrik Grønningsæter | 1923–2016 |
1992 | Øystein I. Larsen | fødd 1941 |
2007 | Tor Berger Jørgensen | fødd 1945 |
2016 | Ann-Helen Fjeldstad Jusnes | fødd 1956 |
Nord-Hålogaland bispedømme
Oppretta i 1952. Bispesete i Tromsø.
Innsetjingsår | Namn | Leveår |
---|---|---|
1952 | Alf Kristian Theodor Wiig | 1891–1974 |
1961 | Monrad Norderval | 1902–1976 |
1972 | Kristen Kyrre Bremer | 1925–2013 |
1979 | Arvid H. Nergård | 1923–2006 |
1990 | Ola Steinholt | 1934–2009 |
2002 | Per Oskar Kjølaas | fødd 1948 |
2014 | Olav Øygard | fødd 1956 |
Preses (leiande biskop) i Bispemøtet
Oppretta i 2011. Bispesete i Trondheim.
Innsetjingsår | Namn | Leveår |
---|---|---|
2011 | Helga Haugland Byfuglien | fødd 1951 |
2020 | Olav Fykse Tveit | fødd 1960 |
Kommentarar (3)
skreiv Jardar Seim
svarte Hallgeir Elstad
skreiv Håkon Arnljot Sukke
Eg synest at det bør koma fram i oversikten over biskopar at Stavanger var eit bispedømme alt frå 1120.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.