[go: up one dir, main page]

alkoholer
Strukturformel for etylenglykol, eit alkohol. Alkoholar er kjenneteikna av å ha ei eller fleire OH-grupper. Her er det ei på kvar side. OH-grupper er alltid festa til eit karbonatom.
alkoholer
Lisens: CC BY SA 3.0
Vindusspylervæske
Vindaugsspylevæske inneheld isopropanol, ein alkohol.
Vindusspylervæske
Av /Shutterstock.

Alkoholar er ei stor og variert gruppe av organiske sambindingar som kan ha svært ulike eigenskapar. Felles for alle sambindingane er at dei har minst ei hydroksylgruppe, også kalla ei OH-gruppe.

Faktaboks

Uttale

alkoholar

Etymologi

fra arabisk (med bestemt artikkel); grunnbetydning 'fint pulver, den fineste del av noe, særlig av vin'

Den enklast samansette alkoholen er metanol, også kalla tresprit. Den nest enklaste alkoholen er etanol, som er eit av dei vanlegaste rusmidla. Når ein i daglegtalen snakkar om «alkohol», er det som regel etanol ein meiner. Andre kjende alkoholar er propanol, som blir brukte som løysemiddel og desinfeksjonsmiddel, og isopropanol, som til dømes finst i vindaugsspylevæske.

Mange alkoholar finst i naturen, ofte bundne som esterar (til dømes glyserol i feittstoff). Enkelte blir danna naturleg ved gjæringsprosessar, medan andre berre blir framstilte syntetisk.

Alkoholar har mykje å seie som råstoff i kjemisk industri, som løysemiddel i teknikken, som råstoff i nærings- og nytingsmiddelindustrien og som del av levande organismar.

Oppbygging

Oppbygging av ein alkohol
  • Etan har to karbonatom (et-) med ei enkelbinding mellom karbonatoma (-an).

  • Eit oksygenatom kjem og bind seg mellom karbon og hydrogen og dannar ei OH-gruppe. OH-gruppa er den funksjonelle gruppa i ein alkohol.
  • Etanol har to karbonatom (et-), enkelbinding mellom karbonatoma (-an-) og ei OH-gruppe (-ol).
Oppbygging av ein alkohol
Av /Allkunne.
Lisens: CC BY ND 4.0

Alkoholar er avleia fra hydrokarbon. Hydrokarbon inneheld berre hydrogen og karbon. Når ein bytter ut eit hydrogen med ei OH-gruppe, blir det til ein alkohol. Viss ein til dømes går ut frå hydrokarbonet etan (\(\ce{CH3CH3}\)), og byter ut eit hydrogenatom med ei OH-gruppe, får ein etanol (\(\ce{CH3CH2OH}\)).

Eit stoff kan òg inneholde fleire OH-grupper. Tilset ein enda ei OH-gruppe til etanol, får ein etandiol (etylenglykol) (\(\ce{HOCH2CH2OH}\)). Ved å byte ut tre hydrogenatom i hydrokarbonet propan (\(\ce{CH3CH2CH3}\)), får ein propantriol (glyserol) (\(\ce{HOCH2CH(OH)CH2OH}\)).

I eit alkoholmolekyl kan berre ei OH-gruppe binde seg til eitt og same karbonatom.

Typar

Alkoholane blir kalla primære, sekundære eller tertiære, alt etter om dei inneheld høvesvis CH2OH-, CHOH- eller COH-grupperingane.

Primære alkoholar blir lett oksiderte til aldehyd og vidare til karboksylsyrar, medan sekundære alkoholar blir oksiderte til keton. Tertiære alkoholar blir berre oksiderte ved gjennomgripande forandring av molekylet.

Namn

Alkoholar med fleire OH-grupper
  • Etanol har to karbonatom (et-), enkelbinding mellom karbonatoma (-an-), og ei OH-gruppe (-ol).
  • Etandiol har to karbonatom (et-), enkelbinding mellom karbonatoma (-an-), og to OH-grupper (-diol).
  • Propantriol har tre karbonatom (prop-), enkelbinding mellom karbonatoma (-an-), og tre OH-grupper (-triol).
Alkoholar med fleire OH-grupper
Av /Allkunne.
Lisens: CC BY ND 4.0

Alkoholar får systematiske namn på same måte som hydrokarbon. Talet på karbonatom bestemmer første stavinga i namnet. Er det eit karbon i molekylet, blir den første stavinga met- (tyder «éin»). Typen bindingar mellom karbonatoma avgjer andrestavinga: -an (enkelbinding), -en (dobbelbinding) og -yn (trippelbinding). Sjå hydrokarbon.

Alkoholar har minst éi OH-gruppe (hydroksylgruppe), noko som gir siste stavinga -ol. Dersom det er to OH-grupper, blir den siste stavinga –diol. Dersom det er tre OH-grupper, blir siste stavinga -triol. Nokre døme på alkoholar er: metanol, etanol, etandiol og propantriol.

Eigenskapar

Alkoholar med få karbonatom i seg, til dømes etanol og metanol, er løyselege i vatn. Di fleire karbonatom, di mindre vassløyseleg er alkoholmolekylet og di fleire OH-grupper, di meir vassløyseleg er det.

Dei enkle alkoholane metanol og etanol er lettflyktige væsker, det vil seie at dei ganske lett fordampar. Meir samansette og større alkoholar som til dømes kolesterol er faste stoff med høge smeltepunkt. Glukose er bygt opp av seks karbonatom og har fem OH-grupper. Sjølv om det er mange alkoholgrupper i molekylet, er cellulose, som er samansett av mange glukosemolekyl, ikkje løyseleg i vatn.

Kokepunkt

Destilleri

Et destilleri i Fecamp i Normandie i Frankrike. Her produseres benediktinerlikør. Destillasjon baserer seg på at etanol har et lavere kokepunkt enn vann.

Destilleri
Av /Shutterstock.

Kokepunktet til alkoholane varierer, men er alltid høgare enn til hydrokarbonet det er avleidd ifrå. Det skuldest at det er hydrogenbindingar mellom OH-gruppene i molekyla. Hydrogenbindinagen held alkoholane saman og hindrar at molekyla kan løysne frå kvarandre og fordampe. Kokepunktet stig når mengda av OH-grupper i molekylet aukar.

Til dømes er kokepunktet for etandiol (glykol) 198 °C, medan kokepunktet for etanol er 78 °C. Etandiol har to OH-grupper, medan etanol berre har ei.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Anne Kristine F. Eide

Hei!
Det finnes alkoholer i de fleste kremer og salver, selv babysalver. Hvordan finner man ut hvilke alkoholer som i det hele tatt har mulighet til å påvirke sentralnervesystemet og hvilke mengder som i så fall må til?

svarte Einar Uggerud

Hei, Anne Kristine!

Beklager sent svar. Spørsmålet ditt er rimelig, men det er liten grunn til bekymring. Svært lite alkohol evner å trenge gjennom laget av hudceller. Dessuten vil mesteparten av alkoholen da allerede ha fordampet på grunn av kroppsvarmen. Skader på sentralnervesystemet skjer først og fremst hos langtkommede alkoholikere, og forekommer i nevneverdig grad hos dem med moderat alkoholforbruk. I disse tilfellene tas som kjent alkoholen opp gjennom tarmen, som i motsetning til huden, er spesialbygget nettopp for opptak til kroppen.
Jeg håper dette svaret er nyttig for deg.

Vennlig hilsen Einar Uggerud

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg