[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Administrasjonssenter
Måløy og Florø
Fylke
Vestland
Innbyggjartal
17 349 (2024)
Landareal
763 km²
Høgaste fjell
Ålfotbreen (1385 moh.)
Målform
nynorsk
Kart: Kinn kommune i Vestland
Kinn kommune i Vestland fylke.
Kart: Kinn kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Kinn er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen vart til ved samanslåing av Flora og Vågsøy kommunar i 2020, og den nye storkommunen Kinn er dermed delt i to av Bremanger kommune. Dei to nye kommunesentera Måløy og Florø ligg 100 kilometer frå kvarandre. Danninga av Kinn kommune var del av den landsomfattande kommunereforma.

Natur

Florø.

Florø. Utsikt over tettstaden Florø. I forgrunnen hamna og den bymessige busetnaden. Midt i biletet Storevatnet, i bakgrunnen Solheimsfjorden.

Av /NTB Scanpix ※.
Vågsøy

Frå Måløy.

Av /KF-arkiv ※.

Kinn er ein fjellrik øykommune. Flora ligg ytst i Sunnfjord, medan øyane Vågsøy, Silda, Husevågøy og Gangsøy ligg ved munningen av Nordfjord. På fastlandet høyrer austsida av Ulvesundet og nordsida av Nordfjord austover til og med Maurstad, med til kommunen.

Berggrunnen består av gneis som høyrer til Gneisregionen. Nord for Norddalsfjorden er det fjell av devonske sandsteinar og konglomerat som tilhøyrer devonfeltene på Vestlandet. Devonbergartene finnast òg på øyane nordvest for Florø og i eit område ved botnen av Eikefjorden. Sparsame jordmassar gir fjella eit goldt preg. I den sørlege delen av kommunen er det kambrosilurisk skifer med innslag av eruptive bergartar, og fleire mindre felte inneheld olivin.

Dei høgaste fjelltoppane i Kinn kommune er Synnevahornet på 689 meter over havet på fastlandet og Veten på 613 meter over havet på Vågsøy. Keipen på 1362 meter over havet ligg på grensa mot Bremanger. Ålfotbreen på 1385 meter over havet ligg heilt i nordaust på grensa mot Gloppen. I Eikefjord finnast monaleg skogareal.

Kinn har temperert kystklima; sjå artikkel om Sogn og Fjordanes klima. Kommunen har mykje regn og vind. I Grøndalen, rett sør for Ålfotbreen, vart det januar 1989 sett norsk rekord i nedbør med 1190 millimeter i løpet av éin månad. Under nyttårsorkanen Berit i 1992 var middelvindfarten oppe i 45 meter per sekund på utsette fyrstasjoner mellom Florø og Vikna. Like sterk vind vart målt under orkanen Tor i januar 2016. Kinn har varme somrar. Høgaste junitemperatur i Kinn vart målt på Florø lufthamn i 2020 med 28,3 °C.

Busetjing

Folketal

1951 7908
1952 8030
1953 8115
1954 8178
1955 8253
1956 8243
1957 8349
1958 8405
1959 8459
1960 8441
1961 8442
1962 8489
1963 8505
1964 14677
1965 14648
1966 14631
1967 14875
1968 14903
1969 14891
1970 14866
1971 14881
1972 15034
1973 15253
1974 15388
1975 15463
1976 15499
1977 15588
1978 15577
1979 15604
1980 15539
1981 15622
1982 15660
1983 15666
1984 15703
1985 15776
1986 15883
1987 15970
1988 16020
1989 16180
1990 16229
1991 16441
1992 16685
1993 16821
1994 16990
1995 17298
1996 17344
1997 17424
1998 17526
1999 17654
2000 17705
2001 17715
2002 17708
2003 17741
2004 17619
2005 17582
2006 17533
2007 17405
2008 17406
2009 17437
2010 17582
2011 17618
2012 17783
2013 17816
2014 17870
2015 17944
2016 17969
2017 18030
2018 17989
2019 17822
2020 17207
2021 17160
2022 17131
2023 17179
2024 17349
Kilde: Statistisk sentralbyrå

Busetjinga i Kinn er ganske tett ved munningen av Nordfjorden, spesielt ved Ulvesundet. Kommunen har to administrasjonssenter: Lengst søraust på Vågsøy ligg byen og administrasjonssenteret Måløy. Raudeberg ligg seks kilometer nord for Måløy på Vågsøy. Hólevik ligg sør for Måløy på Vågsøy. Befolkninga i Flora bur spreidd langs fjordane og på øyane, i litt mindre grad i dalane i dei austre delane av kommunen. Største tettstad er administrasjonssenteret Florø, som er Noregs vestlegaste by.

Folketalet i Flora-regionen er aukande, medan kommunen elles har minkande folketal. Negativ befolkningsvekst er forventa å halde fram i kommunen fram til 2050.

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det seks tettstader i Kinn. Tettstadene er til saman 10,8 km², og omfattar 1 % av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Florø 9 015 52 % 6,8 km²
Måløy 3 291 19 % 2,2 km²
Brandsøy 705 4 % 0,5 km²
Raudeberg 559 3 % 0,7 km²
Eikefjord 439 3 % 0,4 km²
Holevik 301 2 % 0,2 km²
Sum 14 310 82 % 10,8 km²

* Andelen av innbyggjarane i Kinn kommune som bur i tettstaden.

Kart over Kinn kommune
Kart over Kinn kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Samferdsel

Kråkenes fyr
Kråkenes fyr ligg vêrhardt til
Kråkenes fyr

For å reise mellom nord- og sørdelen av Kinn må ein gjennom nabokommunen Bremanger. Hovudvegsambandet austover frå Kinn kommune er riksveg 15 Måløy–Stryn–Otta, som kryssar Ulvesundet med bru. Måløybrua er 1224 meter lang og stod ferdig i 1973. Frå Maurstad går fylkesveg 61 nordover til Ålesund, frå Almenningsfjellet går fylkesveg 618 nordover til Selje.

Vegnettet på sjølve Vågsøy er relativt tett. Her går fylkesveg 617 mellom Måløy og Raudeberg. Denne vegen har vore rasutsett, men i oktober 2008 vart den 689 meter lange Skåratunnelen opna. Husevågøy har ferjesamband med Måløy.

Frå Florø går riksvegsamband austover til Førde på riksveg 5. Det er samband nordover til Hyen/Sandane på riksveg 615 og Svelgen/Nordfjord på riksveg 614.

Måløy og Florø er fast stoppestad for Hurtigruten, og elles er det lokalbåtsamband med småøyane. To gonger dagleg går det ekspressbåt mellom Måløy, Florø og Bergen. Det er bilferjesamband mellom Måløy og Oldeide, Bremangerlandet, på riksveg 616.

Florø er eit viktig trafikknutepunkt med mellom anna flyplass og helikopterbase for trafikk til oljeplattformer i Nordsjøen. Florø lufthamn opna i 1971.

Næringsliv

Refviksanden

Den flotte og kjende Refviksanden. Litt av bygda Vedvik i bakgrunnen.

Refviksanden
Lisens: CC BY SA 3.0

Fiskeri er ein viktig næringsveg, og ofte blir det drive jordbruk og fiske i kombinasjon. Viktigaste fiskeslag er makrell og sild. Industrien er i stor grad basert på fiskeri (fisketilverking, produksjon av mellom anna olje og fôrmjøl). I kommunen finst òg fleire store fiskeeksportørar, som Domstein ASA og Coast Seafood.

Også verkstadsindustrien er i stor grad knytt til sjø og fiskeri. Skipsbygging (Aker Solutions ASA), fiskeindustri Skaarfish, Cermaq ASA og Domstein-gruppa og oljerelatert industri knytt til oljebasen Fjord Base på Flora. Kværner Florø byggjer spesialskip i samarbeid med Førde, fiskeindustrien eksporterer laks, sild og makrell og dessutan produserer han fiskefôr og vidareforedlar laks. Det er noko maskinindustri i Eikefjord.

I dei seinare åra er det etablert fleire teknologibedrifter, spesielt i Måløy, på Raudeberg og i Deknepollen. Næringsmiddel- og verkstadsindustrien utgjer ein stor del av sysselsetjinga i industrien.

Sidan 1990 har jordbruksdrifta gått kraftig tilbake i Kinn kommune. Det er stort sett på Flora det i dag er jordbruk, der det er mest husdyrbruk (storfe og sau). Dei aller fleste bruka i kommunen kombinerer det med anna arbeid, som fiskeri, verkstadsindustri, bygningsarbeid og transport.

Kinn har relativt beskjeden vasskraftproduksjon. Dei tolv vasskraftverka i kommunen produserer til saman 74,1 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Steindal (Steindal) (i drift fra 2019), som står for om lag ein sjettedel av vasskraftproduksjonen. Andre viktige kraftverk er Langedal (2018) og Steindal (Støylselva) (2019). Steindal Kraftverk er hovudeigar av om lag ein tredjedel av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Langedal Kraft med om lag ein sjettedel.

Guleslettene vindpark ligg ti kilometer nord for Florø med 47 turbinar, ein total kapasitet på inntil 197,4 megawatt og ein årleg produksjon som svarer til forbruket til meir enn 40 000 einebustader. Vindparken stod ferdig i 2021.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Flora

Frå Grøndalen i Norddal. Almetre ved Grøndalsvatn i forgrunnen. Fjellparti ved Ålfotbreen i bakgrunnen, med karakteristiske skråstilte lag med devonsk sandstein.

Av /KF-arkiv ※.

Måløy og Florø er administrasjonssenter i storkommunen Kinn. Dette er viktige kommunikasjons- og handelssenter, som begge har vidaregåande skule. I Florø finst òg sjukehus, skipskontroll for Det Norske Veritas og den lokale administrasjonen for Næringslivets Hovedorganisasjon i Sogn og Fjordane samt Vest politidistrikt.

Kinn høyrer til Vest politidistrikt, Sogn og Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Samarbeidsforum i Sunnfjord saman med Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. Kommunen er også med i regionrådet Nordfjordrådet saman med Bremanger, Gloppen, Stad og Stryn.

Kinn kommune svarer til dei fire sokna Bru, Eikefjord, Kinn, Nordal i Sunnfjord prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja. Sokna Nord-Vågsøy og Sør-Vågsøy høyrer til Nordfjord prosti.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Kinn til Sønd- og Nordfjord fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Kinn

For statistiske formål er Kinn kommune (per 2020) delt inn i seks delområde med til saman 68 grunnkrinsar:

  • Eikefjord/Bru: Nordalsfjorden, Endestad/Løkkebø, Langedal/Ramsdal, Svardal/Steindalen, Standal, Stavang, Høydalane, Steinhovden, Nyttingnes, Haukå/Årebrot, Sandvika, Tonheim/Grov, Barlindbotn, Hovland, Eikefjord, Sunnarvik
  • Kinn: Stavøy, Svanøy, Askrova, Kinn/Reksta, Ånnøy/Nekkøy/Skorpa, Batalden, Hovden/Barekstad, Nærøyane
  • Flora: Sentrum, Hesteneset, Tua vest, Tua, Stranda, Havreneset nord, Havreneset sør, Gunhildvågen, Vågavegen, Storåsen vest, Storåsen øst, Soldalen/Sørstrand, Nyland/Kleiva, Havikbotn, Nybø/Ragnarrud, Krokane/Solheim, Brandsøy, Grønenga/Sundet, Bjørnset
  • Nord-Vågsøy: Silda, Vedvik, Halsøyr, Røysa, Raudeberg, Kapellneset, Refvik, Kvalheim
  • Fastlandet: Ulvesund, Degnepoll, Kulen, Blålid, Skavøypoll, Sørpoll, Almenning
  • Sør-Vågsøy: Våge/Oppedal, Holvik, Sæternes, Ellingskaret, Skram øvre, Skram nedre, Midtgård søndre, Midtgård nordre, Gotteberg, Øyane i sør

I samband med kommunereforma i 2020 vart det meste av Vågsøy kommune ein del av Kinn, med unntak av grunnkrinsane Totland, Bryggja og Maurstad som vart lagt til Stad kommune.

Historikk og kultur

Kannesteinen.

Kannesteinen.

Av .
Lisens: CC BY 2.0

Helleristingar frå overgangen steinalderbronsealderAusevik og steinrøysar frå bronsealderen fleire stader vitnar om tidleg busetjing på Flora. På Stakaldeneset i Eikefjorden vart det drive omfattande tilverking av reiskapar i grøn diabas (grønnstein) i steinalderen.

Svanøy gard på Flora er ein adeleg setegard frå 1685. Den var et viktig sentrum for Haugebevegelsen på 1800-tallet. Garden er eigd av ei stifting som mellom anna driv biologiske forsøk og oppdrett av laks, hjort og dådyr. På øya Kinn ligg ei steinkyrkje frå rundt år 1200, med rikt inventar, restaurert i 1860-åra, 1911–1912 og 1960-åra. Florø kyrkje er ei langkyrkje i tre som vart bygd i 1882.

Dei sju fyra Kråkenes fyr, Skongenes fyr, Ulvesund fyr og Hendanes fyr i Vågsøy og Ytterøyane fyr, Stabben fyr og Kvanhovden fyr i Flora er automatiserte. Kråkenes, Skongenes og Ulvesund har kafédrift og overnatting. Ved Oppedal på Vågsøy ligg den særmerkte Kannesteinen.

Kystmuseet i Sogn og Fjordane har hovudbase i Florø. Kinnaspelet «Songen ved det store djup» er skrive av Rolf Losnegård og har vore framført årleg sidan 1985.

Motstandsmannen Martin Linge fall under eit raid i Måløy i 1941. Eit minnesmerke vart reist i 1966, og i 2018 opna Måløyraidsenteret.

Avisa Firdaposten vart grunnlagd i 1948 og har hovudkontor i Florø. Fjordenes Tidende vart grunnlagd i 1909 og har hovudkontor i Måløy. Begge lokalavisene kjem ut tre gonger i veka og bruker både nynorsk og bokmål.

Kommunevåpen og namn

Håsteinen.

Håsteinen.

Kommunevåpenet er eit symbol på baugen til ein båt og avspeglar kommunen sine tradisjonar innan marine og maritime næringar. Våpenet kan òg vere ei bølgje, klippe eller ein spydspiss.

Namnet kjem av norrønt kinn 'kinn, brattfjellside' som er brukt i øy- og fjellnamn. Kinn er overført frå kroppsdelen til terrengformasjonar med liknande form.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg