Brandsøy er ein tettstad i Kinn kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,5 km², og har 705 innbyggjarar (2023).
Brandsøy ligg rett aust for tettstaden Florø, som ligg på øyane Brandsøy og Florelandet. Øya har eit areal på sju kvadratkilometer. Øyane er bunde saman med to bruer over eit smalt sund.
Den vestlege delen av Brandsøy utgjer bydelen Krokane i Florø. Den austlege delen er bunden saman med fastlandet med bru over det smale Brandsøysundet.
På Brandsøy ligg oljebasen Fjord Base, som forsyner fleire oljefelt i Nordsjøen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.