Ålesund vart oppretta som bykommune i 1837 ved innføringa av det lokale sjølvstyret i Noreg. Dei tidlegare kommunane Ålesund og Borgund vart slått saman til éin kommune i 1968. I 1977 vart øya Sula, som utgjorde søre delen av det tidlegare Borgund, skilt ut som eigen kommune.
Skodje kommune vart oppretta i 1849 ved deling av Borgund, og fekk sine endelege grenser i 1916. Ørskog kommune vart oppretta då det lokale sjølvstyret vart innført i 1837. Frå Ørskog vart Sykkylven utskilt i 1883. I 1965 vart Stordal og Skodje slått saman med Ørskog til den nye Ørskog kommune, men denne vart oppløyst i 1977 og dei tre kommunane gjenoppretta.
Sandøy kommune vart oppretta i 1867 ved deling av dåverande Aukra kommune. Sandøy fekk sine siste grenser i 1965, då den sørlege delen av Harøya vart overført frå Haram. Øya Orten/Orta og dei ubygde øyene Gåsøya og Lyngværet vart overført frå Sandøy til Aukra i samband med kommunesamanslåinga i 2020.
Den viktigaste bydanninga på Sunnmøre i mellomalderen var Borgundkaupangen på ei halvøy lengst vest på Uksenøya. Fleire andre handelsplassar vaks opp ved Borgundfjorden, men først på 1700-talet vart handelsverksemda samla i strandstaden Ålesund, ved sundet mellom Aspøya og Nørve. Ålesund fekk avgrensa ladestadrettar i 1793 og fulle rettar i 1824, og som ladestad fekk Ålesund status som bykommune ved innføringa av det lokale sjølvstyret i 1837. Ålesund fekk fulle kjøpstadsrettar i 1848. Utviklinga av byen skaut særleg fart med veksten i fisket, og dessutan i fiskeforedling og fiskeeksport i siste del av 1800-talet.
I 1904 brann store delar av Ålesund ned til grunnen under Ålesundsbrannen. Om lag 10 000 av dei 12 000 innbyggjarane blei huslause. Det tok berre nokre få år før byen var bygd opp att etter den mest moderne arkitekturen på den tida, jugendstilen. Det karakteristiske for jugendstilen er mellom anna bruken av ulike dekorative element, slik som bølgjer, bogar og geometriske former, samt asymmetri, valmtak eller mansardtak og krysspostvindauge. Ifølgje den internasjonale museumsorganisasjonen ICOMOS er jugendstilbyen i Ålesund eit av dei viktigaste kulturminna i Noreg frå det 20. hundreåret. Jugendstilsenteret ligg i Apotekergården i Ålesund og er eit nasjonalt kompetansesenter for jugendstilen. Her kan ein gjennom ulike utstillingar lære meir om stilarten. Ålesund kyrkje, med fasadar av marmor frå Eide, vart innvigd i 1909.
Ved Borgund kyrkje, som har restar av ei mellomalderkyrkje, ligg Sunnmøre Museum – Borgundkaupangen, distriktsmuseum for Sunnmøre med mellom anna fiskeriavdeling. I nærleiken ligg utgravingane frå kaupangen frå vikingtida. På Tueneset ytst på Hessa ligg Atlanterhavsparken, Nordens største akvarieanlegg, som viser dyrelivet i Atlanterhavet frå nord til sør med vekt på Vestlandsregionen.
Aalesunds Fotballklubb spelar i OBOS-ligaen (2024), og har heimebane på Color Line Stadion. Kvinnefotballen er organisert i Fortuna Ålesund.
Dagsavisa Sunnmørsposten kjem ut i Ålesund og dekkjer nyheiter frå heile Sunnmøre.
Kommentarar (2)
skreiv Jonill Storøy
svarte Gunn Hild Lem
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.