Bygdebladet er ei norsk lokalavis som kjem ut på Sjøholt i Møre og Romsdal, på papir kvar tysdag og annankvar fredag, som ogdagleg oppdatert nettavis. Avisa er privateigd og blir utgjeven av Bygdebladet AS. Avisa har kommunane Vestnes, Fjord og Haram, og dei tidlegare kommunane Ørskog og Skodje (no Ålesund) som dekningsområde. Bygdebladet er medlem av Landslaget for lokalaviser.
Bygdebladet
Faktaboks
- Offisielt namn
- BYGDEBLADET AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Ørskog
- Dagleg leiar
- Reidar Opsal
- Styreleiar
- Reidar Opsal
Digitalt
Bygdebladet byrja å produsere nettavis i 2020. Avisa hadde i fjerde kvartal 2023 registrert i gjennomsnitt 8365 daglege lesarar på papir og nett, etter opplysningar frå Mediebedriftenes Landsforening.
Historie
Grunnleggar og tidlegare redaktør Kjell Opsal var fødd på Sjøholt, men tidleg på 1970-talet budde han i Ålesund og arbeidde som journalist i Sunnmøre Arbeiderblad. Denne avisa konkurrerte med Sunnmørsposten om lesarane også i Opsal si heimbygd. Det burde vere rom for ei meir lokal avis i denne nordlege delen av Sunnmøre, meinte Opsal. Berre utstyrt med ei brukt skrivemaskin som han hadde kjøpt for 100 kroner, flytta Opsal frå Ålesund til Sjøholt og gjekk i gang med planlegginga av det som skulle bli Bygdebladet, saman med kona Torill. Avisa skulle vere mot alt som lukta av sentralisering og uavhengig av politiske parti, ikkje ulikt mange andre lokalaviser som blei starta i denne tida. I juni 1972 køyrde ekteparet Opsal rundt og la prøvenummer av Bygdebladet i alle postkassene i Vestnes og storkommunen Ørskog der Sjøholt var kommunesenteret.
I september same året byrja avisa for fullt med ei utgåve i veka. Noko seinare på 1970-talet kom avisa ut to dagar i veka. Etter ein periode på slutten av 1980-talet med tre utgåver i veka, gjekk Bygdebladet tilbake til å kome ut kvar onsdag og laurdag. Den fyrste tida blei avisa produsert heime på kjøkenbenken, og namna til abonnentane skrive for hand. Sidan har avisa kome inn i moderne lokale.
I tillegg til Haramsnytt, som etablerte seg berre nokre månader før Bygdebladet, møtte etter kvart Kjell Opsal si avis også konkurranse frå anna hald. I 1989 blei VestnesAvisa etablert som vekeavis. Same året gjorde Storfjordnytt ein framstøyt mot Stordal. Resultatet av dei endra konkurranseforholda kan vi lese ut av opplagstala til Bygdebladet som gjekk ned frå om lag 3300 i 1988 til 2500 i 1990. Avisa er blitt trykt eit dusin ulike stader, både på Sunnmøre og i Romsdal. I 2010 var det Edda Trykk Nordvest AS som trykte Bygdebladet.
Opplag
År | Opplag |
---|---|
1976 | 2237 |
1979 | 3046 |
1988 | 3295 |
1991 | 2589 |
1998 | 2540 |
2008 | 2847 |
2015 | 2474 |
2018 | 2423 |
2019 | 2391 |
2020 | 2366 |
2021 | 2357 |
2022 | 2298 |
2023 | 2283 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala for papirutgåva. Frå 2020 reknar ein netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening
Fakta
- Prøvenummer 8. juni 1972, fyrste ordinære avis kom ut 7. september 1972.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.