Vestnesavisa er ei norsk lokalavis for Vestnes kommune i Møre og Romsdal. Ho kjem ut i papirformat ein gong i veka, og som dagleg oppdatert nettavis. Avisa er eigd av lokalavisselskapet Tvisyn AS og er medlem av Landslaget for lokalaviser.
Vestnesavisa
Faktaboks
- Offisielt namn
- VESTNESAVISA AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Vestnes
- Dagleg leiar
- Robin Røkke
- Styreleiar
- Robin Røkke
Digitalt
Vestnesavisa kan lesast på ulike digitale flater. Andre enn abonnentar må betale for å få tilgang til artiklar på nettet.
Historie
Vestnesavisa kom med første nummeret som abonnementsavis 26. juli 1989. Før den tid hadde avisa eksistert som gratisavis i om lag fem år. Avisa vert prenta ved Polaris Trykk i Ålesund. Inntil 2020 var det lokale aksjonærar som sto bak utgjevarselskapet. I november 2020 kjøpte Robin Røkke, som eig aviskonsernet Tvisyn, alle aksjane.
Avisa dekkjer både små og store hendingar i nærmiljøet i Vestnes. Ho er redigert både på bokmål og nynorsk.
Opplag
Opplagstal for Vestnesavisa, 1988-2023
1988 | 1400 |
---|---|
1990 | 1510 |
1991 | 1542 |
1992 | 1590 |
1993 | 1579 |
1994 | 1718 |
1995 | 1656 |
1996 | 1713 |
1997 | 1700 |
1998 | 1743 |
1999 | 1814 |
2000 | 1753 |
2001 | 1811 |
2002 | 1870 |
2003 | 1983 |
2004 | 1922 |
2005 | 1902 |
2006 | 1933 |
2007 | 1935 |
2008 | 1909 |
2009 | 1956 |
2010 | 1934 |
2011 | 1926 |
2012 | 1900 |
2013 | 1859 |
2014 | 1851 |
2015 | 1827 |
2016 | 1755 |
2017 | 1707 |
2018 | 1619 |
2019 | 1497 |
2020 | 1592 |
2021 | 1623 |
2022 | 1399 |
2023 | 1328 |
År | Opplag |
---|---|
1990 | 1510 |
1995 | 1656 |
2000 | 1753 |
2005 | 1902 |
2010 | 1934 |
2015 | 1827 |
2018 | 1619 |
2020 | 1592 |
2022 | 1399 |
2023 | 1328 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala berre for papirutgåva. Frå 2020 blir det nytta netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement, ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening.
Fakta
- Første nummer som abonnementsavis 26. juli 1989
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar (2)
skreiv Skafti Helgason
Hei Eg ser redaktøren Helene Henriksen er fjerna frå omtale i artikkelen. Ho var redaktør frå april 2011 då ho tok over etter Olav Hole til og med desember 2018.
svarte Erik Bolstad
Vi held på å fjerne info om redaktørar i alle avis-artiklane. Vi flyttar informasjonen til faktaboksen, slik at det kan oppdateres automatisk frå Brønnøysundregistra.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.