[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Offisielt namn
SUNNMØRSPOSTEN AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Ålesund
Stifta
1882
Dagleg leiar
Kjell Joakim Slinning
Styreleiar
Harald Rise
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Sunnmørsposten er ei norsk dagsavis som kjem ut i Ålesund, i papirformat alle kvardagar og som dagleg oppdatert nettavis. Sunnmørsposten er den dominerende avisa på Sunnmøre og Nordvestlandet. Avisa er eigd av Polaris Media ASA.

Avisa blei grunnlagt med namnet Søndmørsposten i 1882 av Olaf Sandvig og Hans Tybring von Zernichow. Ivar Flem overtok som redaktør i 1894 og kjøpte avisa få år etter. Frå 1905 kom avisa ut kvar dag.

Digitalt

Nettavisa smp.no vart starta i 1997. Sunnmørsposten tilbyr fleire podkastar, mellom anna nyheitsportalen «Aktuelt», «Sunnmørsfolk» og fotballportalen «Sunnmørsball».

Sunnmørsposten hadde i 2023 (4. kvartal) registrert i gjennomsnitt 73 437 daglege lesarar på papir og nett, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.

Historie

Framsida av Sunnmørsposten 3. januar 1927.
Sunnmørsposten/Nasjonabiblioteket.
Lisens: CC BY NC ND 4.0
Ivar Flem (1865–1948)

Ivar Flem sat som redaktør i Sunnmørsposten i nesten 50 år, og gjorde avisa til ein viktig opinionsdannar og maktfaktor.

Ivar Flem (1865–1948)
Av /Norsk presses historie.

Sunnmørsposten var Venstre-avis frå oppstarten og fram til 1977, då avisa erklærte seg partipolitisk nøytral. Ålesund hadde Høgre-fleirtal til 1894, med to konservative aviser, då venstremannen Sandvig og boktrykkjar Tybring von Zernichow grunnla Søndmørsposten. Avisa var då eit dugnadsprosjekt med få lesarar, og endå færre abonnentar.

Først med Ivar Flem (1865–1948) som redaktør frå 1894 og etter kvart eigar, kom den økonomiske utviklinga. Flem sat som redaktør i Sunnmørsposten i nesten 50 år, og gjorde avisa til ein viktig opinionsdannar og maktfaktor. Historiane om kor viktig Sunnmørsposten var for distriktet er tallause, og det vart sagt at det ikkje blei bygd ein veistump utan at Sunnmørsposten hadde den som kampsak.

Flem var ein radikal, men fleksibel venstremann. Han kjempa mellom anna for det reine norske flagget, støtta kravet om åttetimarsdag, stod i spissen for 1. mai-demonstrasjonar og var republikanar. Men i 1905 sa han ja til monarki, då lesarar og annonsørar begynte å få innverknad på dei politiske standpunkta.

Avisa under Flem

I Ålesundsbrannen i 1904 brann alle avishusa i byen. Den nyleg bestilte aksidenspressa til Søndmørsposten blei ikkje råka av brannen, og avisa kunne dermed setjast i drift igjen før nokon av dei andre. Dermed fekk Søndmørsposten eit forsprang som andre aviser aldri tok igjen.

Tida etter 1905 blei ei framgangstid, med sildefiske, selfangst og bureising, og avisa engasjerte seg i alt som kunne vere positivt for by og land. Flem bygde Sunnmørsposten opp til å bli den viktigaste avisa på Nordvestlandet. Han sat som redaktør fram til 1946, men vart avsett av okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Avisa vart gjeven ut under heile krigen, og måtte betale erstatning i krigsoppgjeret etter krigen.

I 1946 tok sønene Dagfinn og Magne Flem over avisa. Dei var òg ihuga venstrefolk, medan avisa blei ein samlande og dominerande forkjempar for store og små saker på Sunnmøre. Dei stod sentralt i kulturlivet i byen og var sjølve habile musikarar. Magne var typograf og fotograf, og Dagfinn var journalist. Begge brørne sat i tillegg i dei styrande organa i Ålesund, og Dagfinn var mellom anna ordførar i åtte år.

Etter Felm-familien

I 1991 selde familien Flem aksjane sine i Sunnmørsposten til Orkla. Frå 2006 var Sunnmørsposten eigd av det britiske medieselskapet Mecom, seinare Edda Media AS, som i 2009 selde avisa til det norskeigde Polaris Media. Salet omfatta òg avisane Fjordenes Tidende, Vikebladet Vestposten, Fjordingen, Sunnmøringen og Møre-Nytt, som alle var eigde av Sunnmørsposten.

Sunnmørsposten blei morgonavis frå 1978. Papiravisa fekk tabloidformat frå 2006.

Opplag

Opplagstal for Sunnmørsposten, 1986-2023

1986 38478
1988 39807
1990 38688
1991 37904
1992 37251
1993 36751
1994 36838
1995 36846
1996 37363
1997 37769
1998 37918
1999 38494
2000 38478
2001 38312
2002 36608
2003 36020
2004 35129
2005 34024
2006 33707
2007 33712
2008 32667
2009 31925
2010 30730
2011 29974
2012 29199
2013 27460
2014 25722
2015 24775
2016 24137
2017 24419
2018 25845
2019 26323
2020 26600
2021 26834
2022 27025
2023 27915
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1920 12 000
1932 10 000
1950 19 986
1960 23 109
1970 30 238
1988 39 807
1998 37 918
2008 32 667
2015 23 754
2017 24 419
2022 27 025
2023 27 915

Til og med 2015 gjeld opplagstala berre for papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement i andre halvår. Kjelde: Mediebedriftenes Landsforening.

Fakta

  • Søndmøreposten: prøvenummer 30. november 1882
  • Skifta namn til Sunnmørsposten 3. januar 1927

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg