[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Herðubreið
Etymologi
‘Skulderbrei’
Land

Island

Region
Norðausturland
Høgd
1682
Herðubreið
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Herðubreið er eit fjell, ein utdøydd og snødekt vulkan nord for VatnajökullIsland.

Fjellet er med si majestetiske form eit av Islands nasjonalsymbol og blei i 2008 innlemma i Vatnajökull nasjonalpark. I 2002 blei det kåra til Islands nasjonalfjell. Herðubreið ligg på den store lavamarka Ódáðahraun og reiser seg 1000 meter over omgjevnadene.

Fjellet har ei sirkulær grunnflate, åtte kilometer i omriss og ei perfekt kjegleform opp til ein loddrett vegg som går over i ei flatare kjegle på toppen. Dei nedre delane av vulkanen består av palagonitt, som tyder på at lavaen er størkna under is. Den øvre delen er basalt og avsett i dagen.

Dei første som med visse nådde toppen av Herðubreið, var Sigurður Sumarliðason og den tyske geologen Hans Reck i 1908.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg