Island består av øyer i det nordlege Atlanterhavet sør for Polarsirkelen. Landet ligg på den midtatlantiske ryggen, 1000 kilometer vest for Noreg.
Plassering
Island ligg 287 kilometer søraust for Grønland, 420 kilometer nordaust for Færøyane, 798 kilometer nordvest for Skottland og 970 kilometer vest for Noreg. Nordlegaste punktet på fastlandet er Hraunhafnartangi, 66° 32ʹ N (på øyene: Kolbeinsey 67° 10ʹ); sørlegaste punkt: Dyrhólaey 63° 24ʹ N (på øyene: Surtsey 63° 18ʹ); austlegaste utspring: Gerpir 13° 30ʹ V; vestlegaste: Bjargtangar 24° 32ʹ V.
Landformer
Store delar av Island er nake platåland på 300 til 700 meter over havet. Platået er oppbygd av basalt frå tertiærtida eller lava og tuff frå nyare tid. Blant dei få øyene er Vestmannaeyjar. Platået er oppdelt av dalar og fjordar, og isolerte fjellparti ragar høgare opp, som regel dekt av isbrear. Snøgrensa varierer frå 750 meter over havet i nordvest til 1500 meter i nordkanten av Vatnajökull, som er Islands største isbre, 8300 kvadratkilometer.
I alt er om lag 11 prosent eller 11 920 kvadratkilometer dekt av brear. Enkelte høge vulkanar ragar opp gjennom isen, blant anna Öræfajökull, der Islands høgaste topp Hvannadalshnúkur ligg, 2110 meter over havet, og Hekla 1491 meter over havet.
I sørvest ligg Islands største låglandsområde, der breie dalføre går inn i landet, blant anna langs elvene Þjórsá og Hvitá. I dette området er det mange varme kjelder, som elles finst spreidd over heile landet, i alt omkring 700.
Låglandsområdet i sørvest byr på moglegheiter for jordbruk, og er relativt tett busett. Låglandet lenger aust ved sørkysten er danna av sand og grus frå smeltevasselvene, som heile tida tek nytt løp og breier seg ut over det flate, karrige landskapet, som er svært tynt busett. I nordaust er dei store dalføra busett berre i dei nedre stroka. Busettinga i nord og aust er konsentrert til fjordbotnane og til gode fiskehamner elles. Island er Europas tynnast busette land, med 3,8 innbyggarar per kvadratkilometer.
Dei fleste elvene kjem frå brear og fører mykje slam med seg. Dei har stor vassføring og ofte flaum på grunn av den sparsame vegetasjonen i høgare strok.
Geologi
Island ligg der høgderyggen mellom Færøyane og Grønland kryssar den midtatlantiske ryggen. Her går opninga av Atlanterhavet føre seg, og landet vider seg stadig ut, med i gjennomsnitt to cm i året. Den austlegaste og vestlegaste delen er eldst (frå tertiær), mens den midtre er frå kvartær. I denne spreiingssonen er dei fleste aktive vulkanane: Hekla, Krafla, Katla og Askja. Den sentrale spreiingssonen går frå nordspissen av øya i sørvestleg retning over den vestlege delen av Vatnajökull til Vestmannaeyjar. Ein vestleg spreiingssone går frå Hofsjökull sørvestover over Þingvellir og Reykjanes. Platerørslene gir opphav til jordskjelv, som likevel sjeldan fører til større skader.
I alt er det omkring 150 vulkanar på Island. Av desse har omkring 30 vore verksame i historisk tid med minst 140 utbrot. Hekla åleine har hatt 15 kjende utbrot, det siste i 1970. Ved eit undersjøisk utbrot i 1963 oppstod vulkanøya Surtsey, med eit areal på 1,6 kvadratkilometer.
Det mest øydeleggande utbrotet i historisk tid hadde kraterrekka Laki vest for Vatnajökull i åra 1783 og 1784, da oske og giftige gassar blei spreidd ut over landet og førte til hungersnaud. I 1973 skjedde eit utbrot ved sidan av Helgafell på Vestmannaeyjar. Innbyggarane måtte ei tid forlate den delvis øydelagde byen. Siste utbrot før dette var for 6000–8000 år sidan. Blant isdekte vulkanar er Katla i sør dekt av Mýrdalsjökull. Når slike vulkanar har utbrot, brånar isen, og det oppstår ein svær flaum, kalt jökullaup.
Island er nesten heilt bygd opp av basiske vulkanske bergarter, vesentleg basalt. Ein mindre del, om lag 10 prosent, består av sure og intermediære bergarter (andesitt og rhyolitt), mens 5–10 prosent består av vulkanoklastiske bergarter som tuff. Dei eldste delane av Island, lengst i aust og vest, stammar frå byrjinga av miocen (25 millionar år).
Sediment frå yngre tertiær med brunkol (surtabrandur) og fossil syner at klimaet den gongen var varmare enn no.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.