[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Helgafell
Uttale
-dl
Helgafell
Byen Vestmannaeyjar ligg utsett til nedunder Helgafell.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Helgafell er ein vulkanHeimaeyVestmannaeyjar utanfor Islands sørkyst. Toppen når 226 meter over havet.

23. januar 1973 skjedde eit vulkanutbrot ved sida av Helgafell. Store delar av byen Vestmannaeyjar blei øydelagt av lavamassane, og befolkninga måtte evakuerast. Utbrotet varte til juni same året. Vulkanen Eldfell blei danna ved dette utbrotet. Det siste utbrotet i Helgafell før dette fann stad for 6000 år sidan.

Helgafell er òg brukt som namn på fjell fleire andre stader på Island, både sør, vest og nord på hovudøya.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg