[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Eldfell
Etymologi

Ildfjellet

Eldfell
Utsikt mot Vestmannaeyjar fra Eldfell.
Av .
Lisens: Gnu FDL
Eldfell
Heimaey og Eldfell sett fra sjøen.

Eldfell er ein vulkan på øygruppa VestmannaeyjarIsland. Han var opphavleg 223 meter høg, men har sokke saman til om lag 200 meter etter utbrotet som skapte han.

Eldfell blei danna under vulkanutbrotet på Heimaey som byrja 23. januar 1973, varte til 26. juni same år og øydela 417 hus på øya. Nesten alle dei 5300 innbyggarane blei evakuert til fastlandet i det som var ein av Islands største naturkatastrofar i moderne tid. Utbrotet produserte 230 millionar kubikkmeter lava og 20 millionar kubikkmeter tefra, og gjorde Heimaey to kvadratkilometer større enn ho hadde vore før utbrotet. Det vulkanske materialet blei brukt til å forlenge rullebana på øyas flyplass og til landvinning der nye bustader blei reist.

Eldheimar er eit minnemuseum som også dekker Surtsey-utbrotet, og står på UNESCOs verdsarvliste. Museets viktigaste utstilling er eit hus som etter å ha vore dekt av oske og lava i over førti år, nå er blitt utgrave og syner korleis utbrotet raserte heimane på øya.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg