Fjellet er tradisjonelt viktig for næringsgrunnlaget i Bykle, mellom anna ved reindrift og jakt. Jordbruket var tidlegare berebjelken, men betyr i dag lite for sysselsetjinga. I 2016 var berre éin prosent av arbeidsplassane i Bykle i primærnæringane. Jordbruket har blitt fornya dei siste tiåra, og det er mellom anna teke i bruk nydyrka areal i fjellet med både grasproduksjon og fellesbeite på Bjåen og i Hovden. På Bjåen finn den høgastliggjande garden i landet med mjølkeproduksjon.
I dag er turistverksemda viktigast for kommunen med vel 17 prosent av arbeidsplassane. Hovden er ein vintersportsstad med hotell og store hytteområde, alpinanlegg og turløyper, moderne badeanlegg og moglegheiter for kanopadling. Heiane innbyr elles til allsidige aktivitetar året rundt. Bykle har dessutan turisthytter, mellom anna Hovdehytta ved Hartevatnet på 770 meter over havet. I samband med turistnæringa har det vakse fram mindre service- og industribedrifter.
Bykle har ei beskjeden industriverksemd som per 2016 utgjer seks prosent av arbeidsplassane i kommunen, 33 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon. Den heilt dominerande industribransjen er trelast- og trevareindustrien.
Utbygginga av Øvre Otra til kraftføremål har gjort at kommunen har stor kraftproduksjon. Ei rekkje av dei store vatna er regulerte.
Bykle er kommunen med fjerde størst vasskraftproduksjon i Agder, og er ein viktig kraftkommune på landsbasis. Dei sju vasskraftverka i kommunen produserer til saman 1002 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Holen I-II (i drift fra 1981), som står for om lag to tredjedeler av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Holen III (1987) og Skarg (2014). Otra Kraft er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.