[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Administrasjonssenter
Hjelmelandsvågen
Fylke
Rogaland
Innbyggjartal
2 643 (2024)
Landareal
948 km²
Høgaste fjell
Stora Blåfjell (1254 moh.)
Innbyggjarnamn
hjelmelandsbu
Målform
nynorsk

Kommunevåpen

Kart: Hjelmeland kommune i Rogaland
Hjelmeland kommune i Rogaland fylke.
Kart: Hjelmeland kommune i Rogaland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Hjelmeland er ein kommune i Ryfylke i Rogaland fylke. Kommunen består av områda omkring dei to austgåande armane til Boknafjorden, Jøsenfjorden og Årdalsfjorden, og dessutan hei- og fjelltraktene austover til fylkesgrensa mot Bykle kommune i Agder fylke. Kommunen omfattar elles den store øya Randøy og nokre mindre øyar i Boknafjorden.

Hjelmeland kommune vart oppretta ved innføringa av det lokale sjølvstyret i 1837. Frå denne kommunen vart Årdal utskilt i 1859 og Fister i 1884.

I 1965 vart Årdal og Fister igjen ein del av kommunen, Fister med unntak av nokre øyar i Boknafjorden og Årdal med unntak av området sør for munninga av Årdalsfjorden. Samtidig vart Buer-gardane på Ombo, som tidlegare tilhøyrde Jelsa, lagt til kommunen. Etter den nye regionreforma tredde i kraft 1. januar 2020 vart Ombo i sin heilskap overført til Stavanger kommune. Etter dette grensar Hjelmeland til Suldal i nord, Bykle i aust, Sandnes i sør, Strand i sørvest og Stavanger i vest.

Natur

Hjelmelandsvågen.
Hjelmelandsvågen.

Berggrunnen består stort sett av grunnfjell, for det meste sterkt omdanna i kaledonsk tid. Stadvis er grunnfjellet dekt av omdanna, kambrosiluriskskifer, særleg i høgfjellet heilt i nordaust og på øyane i Boknafjorden. Over skifrane finn ein enkelte stader overskyvde gneisaktige bergartar av kaledonsk alder. Det høgaste fjellet til kommunen, Stora Blåfjell (1254 moh.) ved Blåsjøen innanfor botnen av Jøsenfjorden, består av slik gneis. Også andre stader i kommunen utgjer skyvedekke av gneis dei høgaste fjellpartia, til dømes Gunlanuten, høgaste fjell på Jøsneset mellom Erfjorden og Jøsenfjorden (829 moh.) og Bandåsen på Ombo, som er høgaste fjell utanom fastlandet i Rogaland (513 moh.).

Jøsenfjorden har for det meste stupbratte sider. Ved Årdalsfjorden er fjella lågare, men også her er det få stader med samanhengande lågland. Innanfor Jøsenfjorden ligg eit fjellplatå 900–1200 moh., dei fleste stader med eit nokså goldt preg, men også med store beitevidder, særleg i skiferområda. Eit stor mengde elvar, myrar og vatn (rundt 4000 av dei) set sitt preg på fjellområda.

Fjellområda i dei austlege delane av kommunen inngår i Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde, oppretta i 2000. Dette er det nest største verneområdet i Noreg (2346,7 kvadratkilometer) og omfattar omkring 25 prosent av arealet i Hjelmeland, i tillegg til store område i åtte nabokommunar.

Klima

Øvre Tysdalsvatnet.
Øvre Tysdalsvatnet.

Kaldaste månad er februar, med normal på 1,2 °C, og varmaste månad er juli, med normal på 14,8 °C. Mest nedbør er det i oktober, med normal på 231,5 millimeter, og minst er det i mai, med normal på 101,1 millimeter. Målingane er gjorde ved Hjelmeland målestasjon.

Busetjing

Busetjinga er i vesentleg grad konsentrert til kyststrekninga mellom Jøsenfjorden og Årdalsfjorden. Elles er folkemengda jamt fordelt på områda rundt ytre delar av Jøsenfjorden, ved botnen av Årdalsfjorden og på øyane. Administrasjonssenteret Hjelmelandsvågen ligg sør for munninga av Jøsenfjorden. Elles er Fister og Årdal viktige bygdesentera.

Hjelmeland hadde reduksjon i folkemengda frå 1950 til midt på 1970-talet. Sidan har det vist mindre endringar. I tiårsperioden 2007–2017 var folketalet i kommunen praktisk talt uendra, medan fylket samla sett hadde ein gjennomsnittleg årleg auke på 1,6 prosent.

Det er éin tettstad i kommunen (ifylgje Statistisk sentralbyrås definisjon): Hjelmelandsvågen med 576 innbyggjarar (2023). 22 prosent av innbyggjarane i kommunen bur her. Tettstaden er 0,7 km².

Kart over Hjelmeland kommune
Kart over Hjelmeland kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Utanom kommunal forvaltning og tenesteyting er jordbruk viktigaste næringsveg, med 21 prosent av arbeidsplassane i kommunen. Jordbruket er svært allsidig. Viktigast er mjølkeproduksjon og sauehald, men svine- og hønsehaldet er òg viktig. Hjelmeland er blant dei viktigaste frukt- og bærdyrkingskommunane i Rogaland, og særleg viktig er epledyrking. Det er elles noka tomatdyrking på øyane i Boknafjorden. Det blir òg drive eit relativt omfattande havbruk fleire stader i kommunen.

Industrien omfattar i alt 18 prosent av arbeidsplassane i Hjelmeland, 27 prosent inkluderte byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon. Industrien blir dominert av næringsmiddelindustri, med 56 prosent av dei tilsette i industrien, i stor grad slakt og foredling av fisk frå havbruksverksemda. Andre viktige bransjar er gummi-, plast- og mineralsk industri (21 prosent, hovudsakleg betongvareindustri basert på lokale førekomstar av sand og grus) og bergverk (ti prosent; sand- og grusuttak i Årdal og steinbrot på Randøy). Elles er Hjelmeland kjent for produksjon av jærstolar, og samla har trelast-, trevare- og møbelindustri seks prosent av sysselsetjinga i industrien.

Hjelmeland har ein del turisttrafikk, særleg i fjellet. Store fjellstrekningar er statsallmenning. Det er hotell i Hjelmelandsvågen

Av Hjelmeland sine busette arbeidstakarar hadde 21 prosent arbeid utanfor kommunen 2016, og ti prosent på Jæren, av desse fire prosent i Stavanger og to prosent i Sandnes. Vidare hadde seks prosent arbeid i Strand og tre prosent i Suldal.

Kraftproduksjon

Som følgje av dei store fjellviddene med stor nedbør og bratt fall mot fjorden har Hjelmeland monalege vasskraftressursar. Viktigast er Ulla- og Førre-vassdraga, begge med naturleg avløp til Jøsenfjorden, men som er utbygd ved overføring nordover til Suldalsvassdraget (Ulla–Førre-utbygginga, sjå òg Kvilldal). Det meste av Blåsjø, det viktigaste reguleringsmagasinet for denne utbygginga, og ein av dei største regulerte sjøane i Noreg, ligg i Hjelmeland. Også i sør er det overført vatn frå Hjelmeland til ein nabokommune. Dette gjeld øvre del av Stølselva, som er overført til Lysebotn kraftverk i tidlegare Forsand kommune (no Sandnes).

Hjelmeland er kommunen med femte størst vasskraftproduksjon i Rogaland, og er ein middels stor kraftkommune på landsbasis. Dei 18 vasskraftverka i kommunen produserer til saman 170 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Breiava (i drift fra 2006), som står for om lag ein tredjedel av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er None (1985) og Hjelmeland (1993). Lyse Kraft er hovudeigar av om lag førti prosent av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Statkraft Energi med om lag ein fjerdedel.

Samferdsel

Hauske steinbru ved riksveg 13.
Hauske steinbru ved riksveg 13.

Riksveg 13 (Ryfylkevegen, indre stamveg på Vestlandet) gir Hjelmeland samband med Tau og via Ryfast-sambandet tunnel med Stavanger og Sandnes i sør og Sand i Suldal i nord. Det er ferjesamband over Jøsenfjorden (Hjelmelandsvågen–Nesvik) og til Ombo (Nesvik–Skipevik). Fylkesveg 4668 går frå Årdal over fjellet til Songesand, ein av dei svært få busette stadene langs Lysefjorden i Sandnes kommune. Fylkesveg 4682 går austover frå Hjelmelandsvågen til Funningsland. Frå riksveg 13 ved Eidaneset held fylkesveg 4702 fram på nordsida av Jøsenfjorden, til tettstaden av same namn, og vidare nordover fjellet til vegen møter med riksveg 13 igjen i Suldal.

Hjelmelandsvågen og nokre mindre stader i kommunen har hurtigbåtsamband med Stavanger.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Hjelmeland høyrer til Sør-Vest politidistrikt, Sør-Rogaland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Ryfylke regionråd saman med Finnøy, Sauda, Strand og Suldal.

Hjelmeland kommune svarer til dei tre sokna Fister, Hjelmeland og Årdal i Ryfylke prosti (Stavanger bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Hjelmeland til Ryfylke fogderi i Stavanger amt.

Delområde og grunnkrinsar i Hjelmeland

For statistiske formål er Hjelmeland kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 19 grunnkrinsar: Randøy, Øye, Vestersjø, Jøsneset, Jøsenfjorden, Storådalen/Blåfjell, Vormedalen, Tysdal, Tveit, Kirkhus, Fjellet, Solvang, Hjelmen, Askvik, Fister, Neset, Nessa, Hetland og Mæle.

Historikk og kultur

Hjelmeland

Hjelmeland. Det omkring 200 år gamle Vikatunet har stove, fjøs- og låvebygning, eldhus og stabbur. Dessutan høyrer kvernhus, tørkehus og naust til garden. I nærleiken finst eit lite gravfelt med rundhauger. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Det er mykje laksefiske i Årdalselva. Årdal gamle kyrkje er ei freda renessansekyrkje i tre med rikt dekorert interiør, som vart oppført i 1619 og restaurert i 1964. Vigatunet, ei avdeling av Ryfylkemuseet, har ein frukthistorisk hage med over 130 tre. Like ved ligg det eit lite gravfelt med rundhaugar. I Nesvik på Jøsneset står ein gammal skrivargard, Knutsvik. Familiearrangementet Norsk Frukt- og Laksefest blir arrangert årleg i Hjelmelandsvågen.

I fjellområda er det eit godt utbygd rutenett for fotturistar.

Vekeavisa Bygdaposten for Hjelmeland kom med første nummeret i 1973 og fusjonerte med avisa Strandbuen i 2009. Ei rein nettavis blir driven under namnet Bygdaposten.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1984) har eit andreaskors i gull laga av trillingstrenger mot ein raud bakgrunn. Dette viser til flettverket i setet til jærstolen. Produksjonen av slike stolar har lang tradisjon i Hjelmeland.

Namnet er etter Hjelmen, ein rund ås midt i bygda (207 moh.). Dette kjem av norrønt hjalmr, 'hjelm, høystakk'.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Brandal, Trygve: Hjelmeland: bygdesoge, 1994–1997, to bind
  • Brandal, Trygve: Hjelmeland: gardar og folk, 1989–1990, tre bind
  • Eikeland, Sigurd: Årdal, 1969–1971, to bind (Årdal: gardane og folket: personregister, av Jørg Eirik Waula, 1995)
  • Helle-Olsen, Kjell med flere, red.: Hjelmeland: fra Børøy til Blåfjell, 1992 (Stavanger turistforenings Årbok, 1991)
  • Høibo, Roy og Tjeltveit, Njål: Hjelmeland: bilete frå farne år, 1987
  • Skiftun, Tor: Hjelmeland: skipreid, herad og kyrkjesokn, gard og ætt, 1938

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg