[go: up one dir, main page]

En hvit trekirke som ligger på en gressplen med gravsteiner. Den er enkel, med et klokketårn foran.

Trekyrkjer frå slutten av 1800-talet og starten av 1900-talet, er vanlege i Noreg.

Gudshus er ei bygning som blir brukt til dyrking av éin eller fleire gudar, og til religiøse samlingar og gudstenester. Det kan dreie seg om å be eller ofre til guddomen. Oftast blir gudstenesta leidd av ein prest, bønneleiar eller forsongar.

Ulike religionar har ulike gudshus. Kyrkje, moské, synagoge og tempel er eksempel på gudshus.

Kyrkjer

Ei kyrkje er eit kristent gudshus. Dei kan vere alt frå store og prakfulle til små og enkle.

Ei kyrkje har eit tårn med klokker som ringer når det skal vere gudsteneste. Kyrkja ligg ofte mot aust, mot Jerusalem og soloppgangen. Inne i kyrkja er benkane retta mot altaret. I kyrkjer i Vest-Europa er det vanleg at altaret er fremst i rommet, medan i Aust-Europa er altaret i midten. Ei kyrkje har ofte preikestol, døypefont og kunst med motiv frå Bibelen.

Moskear

Moskeen er dekorert med fliser i forskjellige blåfarger. Det er et tårn på hver side av huset, og en kuppel i midten.
Moskeen i Åkebergveien i Oslo er eit muslimsk gudshus.
Fotografi av moské.
Av .

Gudshuset i islam heiter moské. Her møtest muslimane for å be saman, for å få undervisning og til sosiale samlingar.

Alle moskéar som er bygde spesielt som moskear er forma etter den første moskeen. Dei har to eller fleire tårn til bønnerop. Inne er det eit område for å vaske seg. Det som er inne i moskeen, er vendt mot Mekka. Kunsten i moskeane er kalligrafi, som er vakkert skrivne tekstar frå Koranen.

I Noreg finn ein nokre moskear som er bygd spesielt som moskear, men dei fleste er andre bygningar som er tekne i bruk som moské.

Synagogar

Bildet består av to bilder. Bildet til venstre er av synagogen i Oslo. Det er en hvit steinbygning med davidstjerne over inngangen og en halvsirkel med hebraisk skrift. Bildet til høyrer er synagogen i Trondheim. Det er en blå bygning uten noen tegn på at det er en synagoge.
Synagogane i Oslo og Trondheim er jødiske gudshus.
Fotografi av to synagogar.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Eit jødisk gudshus blir kalla synagoge. Alle hus der eit visst tal jødar samlar seg kan brukast som synagoge, men dei fleste jødiske samfunn rundt om i verda har eigne bygningar. I Israel er synagogen hovudsakleg ein stad for studiar, religiøse samlingar og ritual. I andre land er synagogane òg ein sosial møteplass for jødane. Slik er det i Oslo og i Trondheim.

Synagogen skal være vend mot Jerusalem. Alle synagogar har eit skap der Torarullane blir oppbevarte. Framfor skapet brenn eit lys som skal minne om tempelet i Jerusalem. Dei fleste synagogar har òg ein åttearma lysestake. Ein kan ofte kjenne att ein synagoge på davidsstjerna og utsmykkingar med hebraiske skriftteikn.

Hindustiske tempel

Hinduane kallar sine gudshus for tempel eller mandir. Det er eit bygg med statuer av dei hinduistiske gudane. I tempelet kan ein få kontakt med gudane. Nokre tempel er vigde til ein bestemt gud, medan andre tempel rommar fleire gudar.

Templa skal vere bygde av stein, og dei skal vere firkanta. Firkanten symboliserer verda og dei fire himmelretningane, medan steinen symboliserer fjella, der hinduismen lærer at gudane held til.

Buddhistiske tempel

Fotografi

Buddhistisk tempel utanfor byen Otsu i Japan.

Fotografi
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Eit buddhistisk tempel er ein bygning med skulpturar av Buddha. Her bur det ofte munkar og nonner.

Det er ingen krav til korleis eit buddhistisk tempel skal sjå ut, så ofte passar det inn i den lokale byggeskikken. Ein kan kjenne att eit buddhistisk tempel på at det er Buddha-skulpturar utanfor. Dei kan òg vere dekorerte med drakar eller skriftteikn.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Bente Groth
Religionshistoriker