Religion er ei samling av tru, handlingar og levereglar som fleire menneske deler. Det kan vere tru på éin eller fleire gudar, eller andre overnaturlege krefter eller vesen. Det å tru på, eller å høyre til, ein religion heiter å vere religiøs.
Studiet av religionar blir kalla religionsvitskap.
Religionen handlar om det menneska ser på som heilagt, sant, andeleg eller guddommeleg. I fleire religionar er levereglar òg ein viktig del av religionen. Det er vanlig å tru at dei blei gjevne til menneska av ein guddom, gjennom ein bestemt person, til dømes Moses eller Muhammed.