Tunisia er eit land som ligg nord i Afrika. Landet grensar til Algerie og Libya. Hovudstaden heiter Tunis.

Tunisia
Faktaboks
- Hovudstad
- Tunis
- Innbyggjartal
- 11,7 millioner
- Storleik
- 155 360 km²
- Statsform
- republikk
- Statsoverhovud
- president Kais Saied
- Språk
- arabisk
- Nasjonaldag
- 20. mars
- Valuta
- tunisisk dinar


Tunisia (mørkegrønt) ligg i Afrika (lysegrønt).
Natur og klima

Tunisia og nabolanda
Landet er nesten halvparten av Noreg i storleik. Tunisia har ein kyst på 1100 kilometer i nord mot Middelhavet. Der er det mange strender, som er populære blant turistar.
Sør i landet dekkjer Sahara, den største ørkenen i verda, 40 prosent av arealet i landet. Det er også fjell, saltsjøar og område med jordbruk i landet. Det høgaste fjellet heiter Jebel Chambi, på 1544 meter over havet.
Nasjonaldyret i Tunisia er dromedar. Det lever også sjakal, gaselle, rev, villsvin, hyene og mange fugleartar i landet.
Mesteparten av straumen i landet kjem frå fossile energikjelder som naturgass.
Klimaet ved kysten i nord har varme somrar og milde vintrar. I ørkenen er det tørt og varmt heile tida.
Folk og kultur
Størsteparten av befolkninga i Tunisia består av arabarar. I ørkenen i sør bur urfolket berbarar, som har sitt eige språk og kultur.
Dei siste tiåra har mange flytta inn til dei større byane. I dag bur over 70 prosent av befolkninga i byar. Offisielt språk er arabisk. Islam er den største religionen.
Alle born må gå på skule frå dei er 6 år til 16 år. Skulen er gratis, og Tunisia har eitt av dei beste utdanningstilboda i Afrika.
Fotball er den mest populære sporten blant born og ungdom. Tunisia har delteke i VM i fotball for menn seks gonger.
Politikk og økonomi
Tunisia er ein republikk, med president som statsoverhovud. Landet er eit demokrati, og det er val kvart femte år.
I 2010 starta eit opprør i Tunisia, fordi mange ville ha demokrati i landet. Presidenten måtte gå av, og etter opprøret fekk landet ei ny grunnlov.
Mange menneske i Tunisia jobber med handel, jordbruk og turisme. Det blir produsert både olje og gass i Tunisia. Landet tener pengar på å selje olje, gass, klede, fisk og andre matvarer til andre land.
Tunisia er medlem av mellom anna FN og Den afrikanske unionen.
Historie
Det har budd menneske i Tunisia i mange tusen år. For fem tusen år sidan innvandra urfolket berbarar til det området som er Tunisia i dag.
Tunisia var ein del av Det osmanske riket frå 1500–talet til 1800-talet. Frankrike styrte i landet frå 1881, fram til Tunisia vart sjølvstendig i 1956.
Etter sjølvstendet var det lange periodar med diktatur i landet. Opprøret i Tunisia i 2010 var starten på ei tid med eit meir demokrati.
I dag blir Tunisia rekna for å vere eit av dei mest demokratiske landa i den arabiske delen av verda. I 2021 ble Najla Boudin Romdhane den første kvinnelege statsministeren i Tunisia.