[go: up one dir, main page]

Illustrasjon av bankkort

Ein brukar ofte bankkort eller kredittkort til å betale for varer og tenester. Kortet har ei magnetisk stripe, eller ein chip, som tek kontakt med banken, når ein brukar kortet.

På framsida av bankkortet står det

  • navnet til den som eig kortet
  • nummeret til kortet
  • kva bank det kjem frå
  • kor lenge det er gyldig
Illustrasjon av bankkort
Av /Shutterstock.

Handel er å kjøpe og selje varer, tenester og eigedomar. Både bedrifter og enkeltpersonar kan drive med handel.

Handel med varer betyr at nokon kjøper ein ting, til dømes ein sykkel, frå nokon andre.

Handel med tenester

Handel med tenester betyr at nokon betaler andre, for å gjere noko. Ein kjøper ei teneste, eller jobb, frå nokon andre. Ein teneste kan til dømes vere å få klipt håret. Frisørar er eksempel på eit yrke der ein sel tenester.

Historie

Gjennom historia har handel mellom menneske, organisasjonar og land vore svært viktig. Handel har betydd mykje for økonomisk, sosial og politisk utvikling. Til dømes var handel med krydder éin av grunnane til at handelsfolk fann sjøvegen til India. Handel har gjort nokre menneske veldig rike.

Handel skaper òg nokre gonger konfliktar, desse er ofte politiske. Handel har òg bidrege til oppfinningar og utveksling av idear og teknologi.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Dag Einar Thorsen
Førsteamanuensis i statsvitenskap, Universitetet i Sørøst-Norge