[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Språkkodar
smj (SMJ)
ISO-639:3
smj
Samiske språk
Utbreiinga til dei ulike samiske språka. Grensene og inndelinga er omtrentlege, og fleire av språka overlappar. Nokre språk er ikkje lenger i bruk, dei er markerte med asterisk (*).
Samiske språk
Av .
Første vers av den samiske nasjonalsangen på fire språk

Den samiske nasjonalsangen, Sámi soga lávlla, er et dikt skrevet av Isak Saba i 1906. Teksten ble vedtatt som samisk nasjonalsang i 1986, melodien i 1992. Teksten er oversatt fra nordsamisk til de andre samiske språkene og er egnet for å vise forskjellene og likhetene mellom språkene.

Første vers av den samiske nasjonalsangen på fire språk

Lulesamisk er eitt av dei tre offisielle samiske språka i Noreg, saman med sørsamisk og nordsamisk. Lulesamisk er førstespråket til 1500 personar i Sverige og 500 i Noreg, av ei etnisk gruppe på til saman 7000–8000 menneske. På UNESCOs liste over trua språk er lulesamisk klassifisert som alvorleg trua.

Det tradisjonelle lulesamiske språkområdet i Noreg strekkjer seg frå Ballangen i nord til Saltfjellet i sør og omfattar mellom anna Tysfjord, Hamarøy, Steigen, Sørfold og delar av Fauske kommune i Nordland fylke. På svensk side blir lulesamisk snakka langs Luleälven i Jokkmokk kommune og del av Boden og Gällivare kommunar i Norrbottens län og frå Piteälven i sør til Kaitumälven i nord i Gällivare kommune.

Lulesamisk er jamstilt med norsk som offisielt språk i Hamarøy kommune, som er med i det norske forvaltingsområdet for samisk språk. Det har status som offisielt minoritetsspråk i kommunane Gällivare og Jokkmokk, som er med i det svenske förvaltningsområdet för samiska språket.

Folkegruppen kallar seg sjøl julevsáme. Språket kallast òg julevsáme eller julevsámegiella. Sámeednam eller Sábme (med stor forbokstav) tyder ‘Sameland’, medan (julev)sábme (med liten forbokstav) og (julev)sábmelasj tyder ‘en (lule)same’. Lulesamisk blir tala i to land, Vuodna ‘Noreg’ (bokstavleg ‘Fjord’) og Svierik ‘Sverige’. Kommunane i det lulesamiske busetnadsområdet har desse lulesamiske namna: Hábmer ‘Hamarøy’, tidligere Divtasvuodna ‘Tysfjord’, Stájggo ‘Steigen’, Fuolldá ‘Sørfold’, Fuossko ‘Fauske’, Bådåddjo ‘Bodø’ i Noreg og Jåhkåmåhkke eller Dálvvadis ‘Jokkmokk’ og Jiellevárre eller Váhtjer ‘Gällivare’ i Sverige.

Språkfamilie

Samiske språk i den uralske språkfamilien
Det er ni levande samiske språk, som blir delt inn i fem grupper:
Samiske språk i den uralske språkfamilien
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Den uralske språkfamilien har to hovudgreiner, samojedisk og finsk-ugrisk. Finsk-ugrisk har òg to greiner, finsk-permisk og ugrisk. Finsk-permisk har atter to greiner, finsk-volgaisk og permisk. Finsk-volgaisk deler vi i mari (tsjeremissisk), mordvinsk og finsk-samisk, og finsk-samisk deler vi i austersjøfinsk og samisk.

Lulesamisk er eit samisk språk. Den samiske språkgreina har ni levande språk, som blir delte inn i to hovudgrupper: Vestsamisk og austsamisk. Lulesamisk er eit vestsamisk språk, og høyrer til undergruppa sentralsamiske språk saman med pitesamisk og nordsamisk.

Dei fleste samiske språka som grensar mot kvarandre, er innbyrdes forståelege. Dei utgjer eit dialektkontinuum, på same måten som til dømes det fastlandsnordiske dialektkontinuumet (nynorsk, bokmål, svensk, dansk) og det austersjøfinske dialektkontinuumet (kvensk, meänkieli, finsk, ingrisk, karelsk, vepsisk, votisk, estisk, sørestisk og livisk). Språk som står lenger frå kvarandre i kontinuumet, er ofte ikkje innbyrdes forståelege.

Dialektar

Lulesamisk blir delte inn i fire hovuddialektar:

  • nordleg lulesamisk: Girjas (tidlegare Norrkaitum), Baste čearru (tidlegare Mellanbyn), Unna tjerusj (tidlegare Sörkaitum)
  • sentrallulesamisk: Sirges og Jåhkågaska tjiellde i Jokkmokk i Sverige og Ballangen, tidlegare Tysfjord, Hamarøy, Steigen, Sørfold, delar av Fauske og Bodø i Noreg
  • skoglulesamisk: Gällivare, Slakka (tidlegare Serri) og Udtja i Sverige
  • sørleg lulesamisk: frå Tuorpon til Árjepluovve i Sverige

Språkhistorie

Rettskrivingsmodellen er etter Knut Bergsland og Israel Ruong frå 1948.

Det første lulesamiske skriftspråket blei etablert av presten Lars Levi Læstadius (1800–1861), som mellom 1839 og 1844 gav ut fire tekstar på lulesamisk, mellom anna bøkene Hålaitattem Ristagasa ja Satte almatja kaskan (1839) ‘Samtale mellom ein kristen og ein ikkje-truande’ og Tåluts Suptsasah, Jubmela pirra ja Almatji pirra (1844) ‘Gamle forteljingar, om Gud og om mennska’. Desse bøkene var dei første bøkene som er skrivne på samisk i utgangspunktet – alle tidlegare bøker på samiske språk var omsetjingar.

Karl Bernhard Wiklund (1868–1934) utvikla ei ny rettskriving først på 1900-talet. Ei tredje rettskriving kom etter andre verdskrigen, utvikla på grunnlag av den nordsamiske rettskrivinga til Knut Bergsland (1914–1998) og Israel Ruong (1903–1986) frå 1948. Ei fjerde rettskskriving vart utarbeidde og beskrivne i Nils Eric Spiiks Lulesamisk grammatik frå 1977, seinare vedteke av lulesamisk språknemnd i 1983 og gjeld både for Noreg og Sverige.

31. juli 1994 opna kong Harald Árran – julevsáme guovdásj ‘Eldstaden – lulesamisk senter’ i Ájluokta/Drag i Tysfjord. Her blir det mellom anna halde kurs i lulesamisk, og senteret har ein barnehage, Árran Mánnágárdde, der lulesamisk er hovudspråket.

Språksystem

Medan vi på norsk legg til adverbet ikkje i ei setning for å uttrykkje nekting, til dømes eg kjem ikkje, har lulesamisk – og andre samiske språk og mange andre finsk-ugriske språk – eit eige hjelpeverb som tyder ‘ikkje’. Iv, ij, ittjiv og ittjij i venstre kolonne i tabellen nedanfor er bøyingsformer av dette nektingsverbet.

Lulesamisk Nordsamisk Norsk
boadáv boađán ‘eg kjem’
boahtá boahtá ‘ho/han kjem’
båhtiv bohten ‘eg kom’
bådij bođii ‘ho/han kom’
iv boade in boađe ‘eg kjem ikkje’
ij boade ii boađe ‘ho/han kjem ikkje’
ittjiv boade in boahtán ‘eg kom ikkje’
ittjij boade ii boahtán ‘ho/han kom ikkje’

Nektingsverbet blir bøygd i person/tal og tid, til dømes slik at iv tyder ‘ikkje+eg+notid’, ij tyder ‘ho/han+ikkje+notid’, ittjiv tyder ‘ikkje+eg+fortid’ og ittjij tyder ‘ikkje+ho/han+fortid’. I ei setning utan nekting blir hovudverbet bøygd i person/tal og tid, som vist med dei fire øvste døma i tabellen ovanfor. Når setninga inneheld eit nektingsverb, står derimot hovudverbet i ei uforanderleg form, boade.

Tidsbøyinga av nektingsverbet har lulesamisk til felles med sørsamisk, umesamisk og pitesamisk, medan andre samiske språk alltid uttrykkjer tid i hovudverbet, som vist med nordsamiske døme i tabellen – boađe blir nytta i presens og boahtán i fortid – medan nektingsverbet berre uttrykkjer person/tid. Lulesamisk har her eit konservativt system, som er blitt borte lenger nord. Interessant nok liknar dei samiske språka nordanfor lulesamisk på finsk og nordestisk på dette punktet, medan lulesamisk og dei samiske språka lenger sør har det same gamle systemet som sør- og austestisk.

Alfabet

Det lulesamiske alfabetet ser slik ut: Aa, Áá, Bb, Dd, Ee, Ff, Gg, Hh, Ii, Jj, Kk, Ll, Mm, Nn, Ŋŋ, Oo, Pp, Rr, Ss, Tt, Uu, Vv, Åå, Æ/Äæ/ä. Bokstaven Ææ blir nytta i Noreg og Ää i Sverige.

Det lulesamiske lydsystemet liknar det nordsamiske, men lulesamisk nyttar ikkje bokstavane Cc, Čč, Šš, Zz, Žž. Lydane [ð] og [θ], som blir skrivne Đđ og Ŧŧ på nordsamisk, finst ikkje i lulesamisk. Lulesamisk tjietjav tsitsátja ‘sju små sporvar’ kan jamførast med nordsamisk čieža cizáža.

Lånord

Den svenske fjellbygda Kvikkjokk ligg i Jokkmokk kommune. På svensk har staden eit namn – Kvikkjokk – som har opphav i det lulesamiske Guojkkajåhkå ‘Fosselva’, eit eldre namn på elva som no heiter Gamájåhkå ‘Bulderelva’ på lulesamisk og Kamajokk på svensk. Det budde berre samar i Kvikkjokk fram til 1659, då det blei oppdaga sølvmalm på staden. Snart blei det bygt ei smeltehytte der, og det svenske ordet hyttan er opphavet til det lulesamiske namnet på staden – Huhttán.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Harald Grundström: Lulelapsk ordbok (Lulelappisches Wörterbuch). Waverly Press, Baltimore 1954
  • Pekka Sammallahti: The Saami Languages. Davvi Girji, Kárášjohka 1998 (sidene 153–156 handlar om lulesamisk)
  • Nils-Eric Spiik: Lulesamisk grammatik. Sameskolstyrelsen, Luleå 1989
  • Nils-Eric Spiik: Lulesamisk ordbok: svensk–samisk. Sameskolstyrelsen, Jokkmokk 1994

Kommentarar (2)

skreiv Johannes Hove-Henriksen

Kven er det som forvaltar lulesamisk sin grammatikk. For det norske språket er forvaltet av Språkrådet. Er det eit språkråd for lulesamisk?

svarte Svenn-Egil Knutsen Duolljá

Det er lulesamisk språkutvalg (etablert i mars 2023) som har ansvaret for normeringsarbeidet. Lulesamisk språkutvalg er en del av det fellesnordisk språksamarbeidet. Virksomheten heter Sáme Giellagálldo, og som også har ansvaret for sør, lule, nord-, enare- og skoltesamisk språk.

Forrige onsdag (10.10.2023) hadde utvalget normeringsmøte i Mo i Rana. Lulesamisk rettskrivingsbok "Julevsáme tjállemnjuolgadusá" var blant sakene på sakskartet, hvor også boken ble enstemmig godkjent/normert.

Mer om Sáme Giellagálldo:
Sáme Giellagálldo er en selvstendig virksomhet etablert av Sametingene i Finland, Sverige og Norge. Praktisk og administrativt er Sáme Giellagálldo tilknyttet Sametinget i Norge som vertskap, men ledes av et eget styre hvor de tre sametingene har lik innflytelse.

Sáme Giellagálldos styre etablerte i mars 2023, fem språkutvalg (samme som fra Interreg prosjekt-perioden 2013-2018): sørsamisk, lulesamisk, nordsamisk, enaresamisk og skoltesamisk språkutvalg. I nærmeste framtiden skal det også etableres pitesamisk og umesamisk språkutvalg.

Det er beregnet 12 årsverk til administrative ressurser. Dette inneholder direktørens, HR-seniorrådgiver, kommunikasjonsrådgivers og ni rådgiver- eller seniorrådgiverstillinger som har ansvar for språkfaglig arbeid: 2 i sørsamisk, 2 i lulesamisk, 3 i nordsamisk, 1 i enaresamisk, 1 i skoltesamisk. Organisering av pite- og umesamisk normeringsarbeid er under utredning.

Administrasjonen forbereder normeringssaker og/eller termlister til de nevnte språkutvalgene. Hvert språkutvalg har ansatte med fagkunnskaper innen det respektive samiske språket, og som forbereder saker til språkutvalgsmøtene.

Sáme Giellagálldos direktør er Mika Saijets.
e-post: info@giellagaldu.org
www.giella.org
https://www.facebook.com/SamiGiellagaldu/

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg