Lagmann var det fremste ombodet på lagtinga i Norden. Opphavleg var lagmannen tillitsvald, seinare vart det ei kongeleg dommarstilling, men i seinmellomalderen svakare knytt til staten. Lagmannen var rettsleg andreinstans i Noreg i tidleg nytid, men vart avskaffa i 1797.
Lagmann var det sentrale juridiske vervet på lagtinga frå vikingtida til tidleg nytid. Med ordninga av regionale sendemannsting, som kom med rikssamlinga, vart lagmannen sine oppgåver klarare definerte enn dei hadde vore tidlegare.
I vikingtida var lagmannen den fremste lovkunnige. Han la fram gjeldande rettsreglar for lagtinget, som så dømde gjennom lagretten. I høgmellomalderen vart lagmannen sterkare knytt til kongemakta og fekk ei meir sjølvstendig stilling overfor tinget og lagretten. Rettsreformer frå andre halvdel av 1200-talet prøvde så å knyte lagmannen sterkare til tingordninga igjen. Etter svartedauden og med Kalmarunionen vart styringsverket til kongen svakare lokalt. Lagmannen fekk då igjen ei meir sjølvstendig stilling og var viktig for lokalstyret.
Utover 1400-talet dømde lagmannen stadig oftare gjennom eigne nemnder i byane, lagmannsrettane. Lagmannsrettane tok slik over lagtinget si rolle og vart stadfesta som andreinstans på slutten av 1500-talet. Her fekk lagmannen den førande rolla, med ein lagrett av lekmenn. Appellordninga vart likevel uoversiktleg, då ulike domstolsnivå kom til dei neste hundreåra. Trass i auka profesjonalisering hos lagmennene vart stillinga deira difor avskaffa ved opprettinga av nye overrettar på stiftsnivå i 1797.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.