Vik har ein variert industri der jern- og metallvareindustri er ein dominerande bransje, og med Vik Ørsta AS som hjørnesteinsbedrift. Andre viktige bransjar er produksjon av maskiner og utstyr med mellom anna Fresvik Produkt AS og møbel- og trevareindustri med mellom anna Linn Bad AS. Næringsmiddelindustrien er representert ved Tine Meieriet Vik, som er det einaste meieriet i landet som produserer gamalost.
Jordbruket er prega av storfe- og sauehald. Det meste av jordbruksareala finst nedst i dalføra som fører ned til Vikøyri, og dessutan på Vangsnes og stadvis elles langs fjordane. Gardane driv mjølkeproduksjon eller har sauer, nokre få gardar har geiter. Det blir dyrka mykje frukt på Vangsnes og i Fresvik. Heile kommunen har svært mykje bringebær.
Vik har middels stor vasskraftproduksjon. Dei fem vasskraftverka i kommunen produserer til saman 870 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Refsdal (i drift fra 1968), som står for om lag halvparten av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Hove (1969) og Målset (1967). Statkraft Energi er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen.
Det meste av den krafta som kan utnyttast, som først og fremst finst i Viksvassdraget, er utbygd.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.