[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Odd Kjeld Starheim
Fødd
14. juni 1916, Vanse (no Farsund)
Død
1. mars 1943, Nordsjøen
Verke
Radiotelegrafist og motstandsmann
Familie

Foreldre: Skipper Kjetil (Kittel) Søyland Starheim (1891–1933) og Petra Amalie Leonardsen (1895–1985).

Ugift.

Odd Kjeld Starheim

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Odd Kjeld Starheim
Av /NTB Scanpix ※.

Odd Kjeld Starheim var ein norsk motstandsmann og radiotelegrafist under andre verdskrig. Han deltok i kampane ved det tyske angrepet i 1940, kom seg videre til Storbritannia og blei med i Kompani Linge.

Starheim voks opp på Lista. I april 1940 var Starheim med på den audmjukande kapitulasjonen i Setesdal, då offiserane gav ordre om full kapitulasjon. Starheim var sterkt imot den ettergivande haldninga overfor fienden. Han kom seg over til Storbritannia, der han vart med i Kompani Linge under Special Operations Executive (SOE), ein britisk organisasjon som organiserte militær motstand i okkuperte land.

Starheim vart satt i land med ein ubåt 1. januar 1941. Med hjelp frå lokale motstandsfolk i Farsund og Flekkefjord bygde han opp den hemmelege militærorganisasjonen Cheese. Han fant tilhold på garden til motstandsmannen Gunvald Tomstad, og her frå oppretta Starheim radiosamband med Storbritannia.

Kapringa av Galtesund

15. mars 1942 kapra Starheim og ein handfull andre motstandsmenn kystruteskipet Galtesund vest for Flekkefjord og førte det til alliert hamn i Aberdeen. Einar Skinnarland var òg med på kapringa og kunne gi London viktig informasjon om den tyske produksjonen av tungtvatn på Rjukan.

Dei første krigsåra var det fleire mindre raid på norskekysten. Raida skulle dels styrke kampmoralen hos nordmennene, dels binde store tyske troppestyrkar til landet. Kapringa av Galtesund gjekk inn i denne strategien med «nålestikk» i den første fasen av krigen.

Operasjon Carhampton

Starheim var løytnant i Kompani Linge og kunne gått inn i funksjonen som planleggjar av operasjonar etter Martin Linge, men han ville ut i aktiv teneste. Han planla å kapre ein heil konvoi med skip på norskekysten, nærare bestemt ved Abelsnes ved Flekkefjord. Medan skipa låg i ro om natta, skulle dei under hans leiing kaprast og førast til britisk hamn. Han fekk godkjenning i War Office og hos Forsvarets Overkommando for operasjonen, som fekk kodenamnet Carhampton.

Tidleg på nyåret 1943 sette den ombygde kvalbåten Bodø i land 41 mann, 30 frå Kompani Linge og 11 frå den norske marinen. På tilbaketuren gjekk båten på ei mine og utanom to miste alle om bord livet. Sjølve operasjonen Carhampton vart dermed mislykka. Soldatane trekte seg tilbake til Indre Agder, der tyskarane jakta dei med store styrkar.

Kapringa av Tromøsund

28. februar kapra Starheim saman med 12 andre lingesoldater kystruteskipet Tromøsund i Regefjord ved Sokndal i Rogaland. Skipet stakk til sjøs med kurs for England, men tyskarane bomba skipet i senk dagen etter. Alle på skipet omkom. Ein rest på 19 mann som var igjen på land, kom seg seinare over Nordsjøen i kutteren Ann Elizabeth.

Etter dette tragiske raidet innsåg ein at slike operasjonar var for hasardiøse, og dei tok etter kvart slutt. Sjefen for den norske delen av SOE, oberst John Skinner Wilson, var såleis kritisk til mangelen på eksakt rekognosering før Carhampton-operasjonen, og fleire med han meinte at suksessen med Galtesund hadde skapt eit inntrykk av at slike operasjonar kunne gå relativt lett.

I ettertid er det og stilt spørsmål ved kva som eigentleg hende med Starheim. Etter ein ikkje heilt stadfesta tradisjon vart Starheim funnen drivande i sjøen utanfor Sverige og gravlagd der påskeaftan 1943. Liket vart seinare kremert og gravlagt på nytt i Farsund med full militær honnør i 1945.

Utmerkingar og ettermæle

Starheim vart tildelt Krigskorset med sverd, Olavsmedaljen med eikegrein, Krigsmedaljen, Krigsdeltakarmedaljen med rosett, Haakon VIIs 70-årsmedalje og Distinguished Service Order.

I Dronning Maud Land i Antarktis er eit 1200 m høgt fjell kalla Starheimtind, med namn etter Starheim. På kaia i Regefjord er det ei minneplate over dei som gjekk ned med Tromøsund.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hansson, Per: Det største spillet, 1965
  • Hauge, Eiliv Odde: Mannen som stjal Galtesund, 1955
  • Haugland, Magne: I natt gjelder det!, 2001
  • Moland, Arnfinn: I hemmelig tjeneste, 2001
  • Risnes, Birger: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgave (NBL2), bind 8, 2004

Faktaboks

Odd Kjeld Starheim
Historisk befolkingsregister-ID
pd00000019333564

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg