Det er 9411 sysselsette i kommunen (2020). Av desse er berre om lag åtte prosent sysselsette i primærnæringane. Hå er allikevel ein av dei viktigaste jordbrukskommunane i landet, og nesten 1/3 av areala i kommunen er nytta til jordbruksføremål. Hå har klart størst jordbruksareal av kommunane i fylket. Hovudvekta i jordbruket er laga på husdyrproduksjon med storfe og svinehald, men hønsehaldet er og viktig. Vidare har Hå etter Klepp størst kornareal blant kommunane i fylket. Stort husdyrhald og intensiv grasproduksjon fører likevel til at kornarealet berre utgjer 3–4 prosent av det samla jordbruksarealet i kommunen. Trass i sterk tettstadsvekst i Hå har jordbruksarealet stort sett vore stabilt sidan tusenårsskiftet, noko som kjem av ei viss nydyrking i kommunen.
Sekundærnæringane omfattar 38 prosent av arbeidsplassane i Hå (2020). Industrien er i vesentleg grad basert på landbruket, i form av næringsmiddel- og verksstadsindustri. Hå har det største meieriet i landet. Dette ligg på Nærbø og produserer mellom anna fleire ostetypar, smør og prim. Også slakteriverksemda er svært betydeleg, med mellom anna eit større kyllingslakteri og eggpakkeri. Av annan næringsmiddelindustri finst der ferdigmatproduksjon på Varhaug. Sirevåg var tidlegare ei viktig fiskerihamn, men brukast nå berre av fritidsbåtar. På heia aust for Sirevåg blir det brote fasadestein av bergarten anortositt.
Tertiærnæringane er i Hå dei viktigaste med om lag 54 prosent av dei sysselsette (2020). Av desse har om lag halvparten arbeid innanfor varehandel, hotell og restaurant, samferdsel og finanstenester.
Pendlinga er ganske stor i Hå. I 2021 pendla 4448 personar ut av kommunen og 2704 inn.
Hå har lite vasskraftproduksjon. Kommunen har eitt vasskraftverk, Hetland (i drift fra 1915), med ein årleg produksjon på 7,31 gigawattimer (gjennomsnitt 1993-2020). Kraftverket er eigd av Lyse Kraft.
Kommentarar (3)
skreiv Olav Garvik
Hei,
I artikkelen om Hå står det om et tettsted som angivelig heter "Hæen". Det er ubegripelig. Som oppvokst i Hå lurer jeg på hvordan denne merkverdighet er oppstått. Det er ikke noe navn som minner om dette. Det må strykes - og glemmes!
Mvh
Olav Garvik
skreiv Per Roger Lauritzen
Hei
Det er det navnet Stokkalandsmarka er oppført med på norgeskart.no. Vi oppgir forøvrig dette som alternativt navn i den lille artikkelen om Hæen. Vil det være bedre at dette byttes om? Mvh Per Roger Lauritzen
skreiv Olav Garvik
Hei,
Dette svaret er dessverre i seneste laget. Men igjen: Hæen er absolutt et "fremmedord" i denne forbindelse. Det får ikke hjelpe hva norgeskart.no måtte bruke. Ikke en kjeft i Hå vil kjenne dette ordet. Artikkelen om Hå er for øvrig meget god. Men jeg vil be deg oppdatere sekvensen om Sirevåg. Det som står der er helt utdatert. Det er ingen som driver fiske fra Sirevåg lenger, og det er femten år siden det var fiskeforedling der. I dag er det bare en havn for fritidsfartøy. Dessuten: Det heter "på Brusand", ikke "i Brusand".
Vennlig hilsen
Olav Garvik,
fagansvarlig (og oppvokst på Brusand)
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.