[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Gregorius Dagsson
Uttale
gregˈorius dagsson
Død
7. januar 1161, Konghelle, Noreg (nå Kungälv, Sverige)
Gravlagd stad
Gimsøy nonnekloster ved Skien
Levetidskommentar
fødselsår og -stad ukjend
Verke
Lendmann
Familie

Foreldre: Lendmannen Dag Eilivsson og Ragnhild Skoftesdotter.

Dronning Ingerid og Gregorius egger kong Inge

Gregorius Dagsson hadde stor innverkning på kong Inge Haraldsson Krokrygg. Teikninga førestiller kongemora Ingerid, Inge og Gregorius. Tegning av Erik Werenskiold.

Gregorius Dagsson var ein norsk lendmann, som eigde storgarden Bratsberg i Gjerpen i Grenland. Frå tidleg i 1150-åra var Gregorius den dominerande militære og politiske leiaren i krinsen kring kong Inge Krokrygg. Ei landsomfattande aristokratisk samling kring kong Inge synes å ha vore hans overordna politiske mål.

I Gregorius’ levetid var Noreg prega av innbyrdes strid mellom ulike kongsemnerborgarkrigstida»). Saman med Erling Skakke var Gregorius leiar for ei gruppe med stormenn, ofte kalla lendmannspartiet. Under konflikten mellom Harald Gilles søner støtta Gregorius og flokken hans kong Inge mot Øystein og Sigurd Munn. Gregorius falt i kamp mot Sigurds søn Håkon Herdebrei på isen på en elv nær Konghelle i januar 1161.

Lenet og amtet Bratsberg amt fekk seinare namn etter garden til Gregorius.

Bakgrunn og slekt

Gregorius hadde nære slekts- og mågskapsband til kongeætta og til fleire av dei mektigaste stormannsslektene kringom i landet. Gregorius var sønn av Dag Eilivsson. Mora Ragnhild Skoftesdotter tilhøyrde Giskeætta, og morfaren Skofte Ogmundsson var syskenbarn til kong Olav Haraldsson Kyrre. Lendmannen Gyrd Åmundesson, svoger til Gregorius, var fosterbror til kong Inge Krokrygg. Gjennom giftarmåla til systrene Borghild Dagsdotter og Sigrid Dagsdotter stod Gregorius i svogerskap til lendmannsættene på Austrått i Sør-Trøndelag og Vetteland i Ranrike.

Frendskaps- og vennskapsrelasjonar av dette slaget skapte grunnlaget for eit partiprega politisk interessefellesskap mellom mektige lendmannsætter i borgarkrigstida, med Gregorius Dagsson som den sentrale pådrivaren og leiaren i 1150-åra.

Lendmann og rådgjevar

Kong Inge forliker Erling Skakke og Gregorius
Gregorius Dagsson og Erling Skakke var kong Inges framste rådgjevarar, og framstilles i sagaene som heilt ulike karakterar. Medan Erling skildrast som kald og bereknande, blir Gregorius skildra som hissig og impulsiv. Dei ulike personlegdomane skal ha ført til konflikt mellom dei to. Teikning av Erik Werenskiold. Gregorius til venstre med utstrakt hand, Erling til høgre for midten med hendene om sverdet. Kong Inge i kappe ved sidan av Erling.
Gregorius drukner
Den danske illustratøren Louis Moes tolkning av Gregorius' død. Fra 1898-utgaven av Saxos Danmarks krønike.
Gregorius drukner
Av /Danmarks krønike.

Heimskringla skildrar Gregorius som «formann for landsstyringa saman med kong Inge», etter samanhengen seinast frå 1154. Først og fremst møter vi han som militær strateg og aktiv krigar, og han var hovudmann bak drapa på kong Inges samkongebrør Sigurd Haraldsson Munn (1155) og Øystein Haraldsson (1157). Ved denne planmessige likvideringa skulle det ryddast veg for Inge Krokrygg som einekonge, støtta av dei mektigaste lendmannsættene og av kyrkja. Særleg Heimskringla fortel detaljert korleis Gregorius planmessig lokka og overtala tidlegare motstandarar til å slutte opp om denne linja, etter kvart som dei konkurrerande samkongane fall ifrå. Gregorius' nøkkelrolle blir også understreka ved det angrepet kong Øystein retta mot slektsgarden til Gregorius, Bratsberg. Under kampane om hausten same året som kong Sigurd vart drepen i Bergen, vart garden til Gregorius brent av kong Øystein.

Etter drapet på kong Øystein i 1157 hadde Gregorius regelmessig tilhald i dei søraustlege grenseområda (Vika) med sentrum i Konghelle. Grunnen er tydeleg: Blant «elvegrimane» i denne riksdelen var det mogleg for nye opposisjonsgrupper å vinne oppslutning mot kong Inge, noko Gregorius sitt militære nærvær skulle forhindre. Sogene skildrar fleire kampar i traktene kring Konghelle, og frå ein av stridane er det bevart eit par skaldestrofer av Einar Skulasons Elfarvisur (Elveviser), eit dikt der Gregorius var hovudperson.

Etter at Erling Skakke, leiaren for den mektige Støleætta i Etne i Sunnhordland, kom heimatt frå korstog midt i 1150-åra, fekk Gregorius Dagsson ein konkurrent som leiarfigur i krinsen kring kong Inge. I karakteristiske opptrinn skildrar sagaene Erling og Gregorius som grunnleggjande ulike personlegdomar, som gjerne gav kongen ulike råd i militærtaktiske spørsmål. Frå 1159 bygde det seg gradvis opp eit svært spent tilhøve mellom dei to og huskarane deira, til stor bekymring for kong Inge. Truleg var det Gregorius Dagssons død på isen utanfor Konghelle i januar 1161, i strid med flokkskongen Håkon Sigurdsson Herdebrei, som forhindra ein avgjerande konfrontasjon.

Heimskringla fortel at då kong Inge fekk melding om drapet på Gregorius, gret han som eit barn over tapet av sin «beste venn», han som «mest har halde landet i mine hender». Mennene til Gregorius slutta lojalt opp om Erling Skakkes leiarskap etter at deira eigen høvding var borte. Det er i seg sjølv eit sterkt vitnemål om organisatorisk kraft i det viksk-vestlandske «lendmannspartiet».

Ettermæle

Kapitelberget

Gregorius vart gravlagt i Gimsøy kloster. Ruinene av kyrkja på Kapitelberget. Krypten innerst.

Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Særleg Heimskringla skildrar 1150-åra frå Inge-partiets synsstad, noko som i seg sjølv måtte gi brei og positiv omtale av Gregorius Dagsson. Men det er ingen tvil om at han hadde betydelege dimensjonar som militær strateg. Sjølv stilte han med 90 huskarar og to langskip, og slike krigarfølgje utgjorde kjernen i tidas militærapparat. Det vert understreka at Gregorius behandla mennene sine betre enn andre lendmenn, og dei var alle utstyrte med hjelm.

Gregorius blir skildra som ein praktglad mann, som bar gullhjelm når han reid til tings. Av natur kunne han vere hissig og brå, men først og fremst utprega handlingsorientert, og med stor tru på førsteslagkraft som kampstrategi. Blant motstandarar har dette tydelegvis gitt han ry som ein omsynslaus krigshauk. Ei anna side ved hans karakter kjem til uttrykk i ein episode i Sturlunga saga, der han tek i sitt vern eit flyktande kjærleikspar frå Island.

Sagatradisjonen skildrar dessutan Gregorius som ein mann med stor rikdom. Kjernen i godssamlinga hans var ættegarden Bratsberg i Gjerpen (i Skien kommune). Etter drapet vart liket hans ført heim og gravlagt i Gimsøy kloster. Klosteret var truleg grunnlagt av far til Gregorius, og systera hans, Baugeid Dagsdotter, var abbedisse der.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørgo, Narve: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)
  • Bull d.e., Edvard: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 4, 1929
  • Fagrskinna, utgitt av Finnur Jónsson, 1902–03
  • Heimskringla, i Noregs kongesoger, bind 2, 1979
  • Helle, Knut: Norge blir en stat 1130–1319, bind 3 i Handbok i Norges historie, 1974
  • Helle, Knut: Under kirke og kongemakt 1130–1350, bind 3 i Aschehougs Norgeshistorie, 1995
  • Koht, Halvdan: «Kampen om magten i Norge i sagatiden», i Historisk tidsskrift, rekke 5, bind 4, 1920
  • Morkinskinna, utgitt av Finnur Jónsson, 1932
  • Munch, Peter Andreas: Det norske folks historie, del 2, 1855
  • Opheim, Bente: Med stønad frå frendar og vener. Slektskap og venskap som partidannande faktorar i den norske innbyrdesstriden 1130–1208, hovedoppgave i historie, UiB, 1996
  • Sandvik, Gudmund: Hovding og konge i Heimskringla, 1955
  • Saxonis Gesta Danorum, utgitt av J. Olrik og H. Ræder, bind 2, 1957
  • Storm, Gustav: «Om Lendermandsklassens Talrighed i 12. og 13. Aarhundrede», i Historisk tidsskrift, rekke 2, bind 4, 1884
  • Sturlunga saga, utgitt av Kristian Kålund, bind 1, 1906
  • Ágrip, utgitt av Finnur Jónsson, 1929

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg