[go: up one dir, main page]

Bauta på Frostatingshaugen

Plassen der Frostatinget truleg blei halde, Tinghaugen ved Logtun, er i dag markert med 13 steinar. Bautasteinen i midten ble reist av bygdefolk i 1914, og ber inskripsjonen Àt lögum skal land vårt byggja, en eigi àt ulögum øyda («med lov skal landet vårt byggast, og ikkje med ulov øydast») på den eine sida, og Til minne om gamle Frostatinget på den andre.

Bauta på Frostatingshaugen
Lisens: CC BY NC SA 3.0
Frosta

Rundt bautaen ved Logtun står tolv minnesteinar, éin for kvart av dei elleve fylka som heldt til her, og éin for Oppdal som eige valdistrikt.

Av /KF-arkiv ※.

Frostating var i mellomalderen eit av dei fire store lagtinga i Noreg. Dei andre lagtinga var Borgarting, Eidsivating og Gulating.

Faktaboks

Etymologi
norrønt Frostuþing

Namnet Frostating blir i dag brukt om Frostating lagmannsrett, som er lagdømmet for Trøndelag og Møre og Romsdal.

Frostatinget

Ifølgje Snorre og andre sagaskrivarar var det Håkon den gode som «sette» Frostatingslova rundt 950–960, noko som truleg betyr at Frostating blei nærare ordna under regjeringstida hans.

Frostating omfatta dei åtte fylka i Trøndelag (som betyr «lovområdet til trønderane») og dessutan Norðmærafylki (Nordmøre), Naumdælafylki (Namdalen) og i ei seinare tid også Hålogaland. Det hadde tingstad på halvøya Frosta (garden Lagatún, no Logtun), men blei seinare flytta til Trondheim og blir deretter kalla for «Trondheims lagting». Frostating blei halde om sommaren.

Frostatingslova

Rettsnormene til Frostatinget dannar Frostatingslova (norrønt Frostuþingslǫg), som inneheld eldgamle norske rettsreglar, samla og nedskrivne på 1000–1200-talet. Denne landskapslova, der dei viktigaste delane er bevarte til våre dagar, fall bort ved innføringa av Magnus Lagabøtes landslov i 1274.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (6)

skreiv Jostein Meslo

På Tinghaugen på Frosta står 12 mindre bautasteiner og en større. På de 12 mindre er angitt 12 områder i fylke med antall personer som skal møte fra de forskjellige områder. Kan dere gi meg en forklaring på dette, bl.a. områdeinndelingen og så er romertallene litt "rart" plassert, samt at det brukes både "BØNDER" og "MENN". Eksempel: XLVIII MENN fra NORDMØRA FYLKI, og LX BØNDER fra STJØRDØLA og STRINDAR FYLKI ??

svarte Brage Thunestvedt Hatløy

Takk for godt spørsmål. Av historiske kjelder veit med at lagtinget på Frosta på eit tidleg tidspunkt dekka eit område som opphavleg dekka fire «fylke» i Inntrøndelag og fire «fylke» i Uttrøndelag. Opphavet til dette er frå før me har gode kjelder, og har vore gjenstand for mykje forsking. Desse åtte fylka var Øynafylke, Sparbyggjafylke, Verdølafylke og Skøynafylke i Inntrøndelag, og Stjordølafylke, Strindafylke, Gauldølafylke og Orkdølafylke i Uttrøndelag (kjelde: Hagland og Sandnes si innleiing til omsetjing av Frostatingslova, Samlaget 1994 s. xv). Det skulle nemnast opp 40 mann frå kvart fylke i Inntrøndelag, og 60 mann frå kvart fylke i Uttrøndelag (Frostatingslova kap. I-2). På 1100-talet hadde truleg også Namdalen, Romsdalen og Nordmøre Frostating som sitt lagting (Frode Iversen, Tinget i Trøndelag i yngre jernalder og middelalder, Gunneria 81 2017, s. 75). I Landslova av 1274 vart det lovfesta at menn frå Namdalen, Romsdal, Nordmøre og Oppdal skulle nemnast til Frostating. Systemet med nemndemenn sikra geografisk representasjon frå heile tingområdet, og dei som vart oppnemnde fekk dekka kost og reiseutgifter basert på reisevegen.

Formuleringane og tala på steinane verkar å vere baserte på korleis nemndemennene er skildra i Landslova, der 8 manuskript har tekst knytt til Frostating. Denne teksten seier at det skal vere 60 bønder («bonda») frå kvart fylke i Uttrøndelag, 40 bønder («bonda») frå fylka i Inntrøndeleg, 2 «menn» frå kvart av skipreida i Namdalen og Romsdalen, og 3 «menn» frå kvart av skipreida på Nordmøre og Oppdal. Av andre kjelder veit me at det i 1277 var 9 skipreider i Namdalen, 8 skipreider i Romsdalen, 16 skipreider på Nordmøre og 1 skipreide på Oppdal (Iversen s. 79). Til saman: 18 nemndemenn frå Namdalen, 16 frå Romsdalen, 48 frå Nordmøre og 3 frå Oppdal. Bruken av både «bonda» og «menn» samt bruken av romartal er identisk med Landslova, og skil seg frå korleis den tilsvarande regelen er formulert i Frostatingslova, utan at eg dermed kan stadfeste at det er Landslova som bautasteinane er basert på. Namdalen, Romsdal, Nordmøre og Oppdal er til dømes ikkje kalla fylke i Landslova.

svarte Jostein Meslo

Takk for en god forklaring til Brage Thunestvedt Hatløy. Men: Lurer fortsatt på forskjellen mellom "bønder" og "menn" ? Kunne det f.ex. ha noe med hvor på et "hierarki" man skulle/kunne velges fra ? Og så skulle jeg gjerne høre noe om dette med romertallbruken ? Rart at Landslova bare sånn tilfeldig valgte å bruke en annen tolkning av tallene enn Frostatinget ? Itte vet jeg? Har det vært noen forskning på disse to "sakene"?

svarte Brage Thunestvedt Hatløy

Etter å ha sett på dette, så trur eg ikkje lova har meint å gjere noko skilje på "bønder" og "menn" her. Ein annan regel i Landslova, Tingfarebolken kapittel 1, seier at dei som nemnast til tinget i alle høve skal vere "menn som har arbeidsfolk" som vert rekna som "dei mest forstandige". At dei har arbeidsfolk er nærast å forstå som at dei er "bønder" (sjølveigande eller leiglendingar som ikkje sjølve er i teneste), så "menn" i kapittel 2 kan etter mi meining vanskeleg tolkast som noko kvalitativt annleis enn "bønder".

Reglane er noko annleis formulerte i Landslova og Frostatingslova, ja. Frostatingslova snakkar om ".iiij. tigo" og ".vj. tigo manna", dvs. fire ganger ti og seks ganger ti menn, medan Landslova snakkar om "xl" og "lx bónda", dvs. 40 og 60 bønder. Men som du ser nyttar begge kjeldene romartal.

Tilfeldig er det nok ikkje, men det er ei form for omformulering som det er vanskeleg å vite sikkert rasjonalet bak. Utvidinga av sendemannsordninga i tida etter Frostatingslova er det forska noko på, ja, sjå referansane i førre svar. Men kvifor dei er ulikt formulerte har så langt ikkje fått særskild merksemd.

svarte Jostein Meslo

Takk for svar. Skal ikke si jeg ble MYE klokere, men som du skriver er dette kanskje heller ikke så lett og forstå, i hvert fall for en amatør som meg.
Mvh JM

svarte Jostein Meslo

Maser litt mer om Tinghaugen på Frosta :
Takk igjen for svarene, vel overstått jul, og godt nytt år når dette kommer.
I svaret av 1. november svarer du/dere:

"Av andre kjelder veit me at det i 1277 var 9 skipreider i Namdalen, 8 skipreider i Romsdalen, 16 skipreider på Nordmøre og 1 skipreide på Oppdal (Iversen s. 79). Til saman: 18 nemndemenn frå Namdalen, 16 frå Romsdalen, 48 frå Nordmøre og 3 frå Oppdal."

Jeg kan forstå at Namdalen, Romsdalen og Nordmøre hadde egne utsendinger, da pga størrelsen på distriktet, men hva var årsaken til, eller hvorfor ble Oppdal skilt ut som eget distrikt ?
Mvh
JM

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg