[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Fjørtofta
Etymologi

Førsteleddet kan vere norrønt fé , ‘fe, gods’, norrønt fjara, ‘fjøre’ eller fjar, ‘fjernt, langt borte’. Sisteleddet er truleg toft, ‘hustomt’.

Fjørtofta er ei øy i Haram kommune i Møre og Romsdal.

Fjørtofta er ei av Nordøyane, og ho er 9,2 kvadratkilometer stor med 114 innbyggjarar (2024).

Fjørtofta og naboøya Harøya i Ålesund (tidlegare Sandøy) kommune i nord har vegsamband med øyene sørover og med fastlandet gjennom undersjøiske tunellar og bruer.

Fjørtoft kyrkje ligg på nordsida av øya; det er ei langkyrkje i tre frå 1878.

Kart

Fjørtofta
Fjørtofta
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (1)

skreiv Norvald Kjerstad

Etter Nordøyvegen sto ferdig i 2022 er Fjørtofta forbundet med Harøya og Skuløya med undersjøiske tuneller. Dette burde være med i artikkelen.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg