Einar Førde var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet, som var nestleiar i partiet 1981–1989, stortingsrepresentant 1969–1989 og Kyrkje-og undervisninsgsminister 1979–1981. Han var kringkastingssjef i NRK 1989–2001.
Førde var ein av dei mest markante arbeidarpartipolitikarane etter 1945, eit av dei største politiske talenta i etterkrigstida, og ansvarleg for ideologimoderniseringa av Arbeidarpartiet.
45 år gammal avbraut han den politiske karrieren sin for å bli sjef for NRK, som under den 12-årige leiinga hans blei omlagd til å møte epoken til konkurransen og mediepluralismen. Han berga òg NRK i konkurransen med TV 2.
Førde hadde ei lang rekkje verv, dei fleste politiske. Han var mellom anna formann i Det norske studentersamfund i Oslo hausten 1966 og formann i Den Norske Hellaskomiteen 1970–1975. Han kom inn i sentralstyret i Arbeidarpartiet som varamedlem i 1965 og rykte opp til nestformann i 1981. Her sat han som nummer to til han gav seg med politikk i 1989. Frå 1986 til 1989 var han parlamentarisk leiar i Arbeidarpartiet. Førdes siste viktige verv var som styreleiar i Norsk Telegrambyrå frå 2001 til han døydde av kreft i 2004.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.