Sandnes kommune
Sandnes kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Adm.senter | Sandnes | ||
Areal | 1 040,56 km² | ||
• land | 945,05 km² | ||
• vatn | 95,51 km² | ||
Folketal | 83 702 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Kenny Rettore (H) | ||
Kommunenr. | 1108 | ||
Sandnes kommune 58°50′42″N 5°49′46″E / 58.845°N 5.829444°E | |||
Kart som viser Sandnes kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Sandnes | |||
Nettstad: www.sandnes.kommune.no |
Sandnes kommune er ein kommune på Nord-Jæren og sørlege Ryfylke i Rogaland fylke. På Jæren grensar Sandnes kommune mot Stavanger og Sola i nordvest, og mot Klepp, Time og Gjesdal i sør. I Ryfylke grensar Sandnes mot Sirdal og Bykle i aust og mot Strand og Hjelmeland kommune i nord.
Kommunen er med sine Noreg. Gjennom dei siste tjue åra fram til år 2020 har innbyggjartalet i kommunen årleg auka med eit gjennomsnitt på 1,9 %. Byen Sandnes saman med Stavanger gjer ut for tettstaden Stavanger/Sandnes, den tredje mest folkerike tettstaden i Noreg.[1]
83 702 innbyggjarar den ellevte mest folkerike kommunen iHistorie
[endre | endre wikiteksten]Sandnes si historie kan sporast attende heile 6–7 000 år. Frå 1664 av er det registrert busetnad. I 1860 fekk Sandnes status som kommune (ladestad), og feirar med det 150 års jubileum i 2010. I 1965 vart Sandnes kommune utvida med delar av gamle Hetland kommune, dette galdt Riska sogn og Dale krins. Resten av Hetland kommune gjekk inn i Stavanger. Heile gamle Høyland og Høle kommunar gjekk òg inn i Sandnes.
I samband med kommunereforma 2020 blei Sandnes kommune slått saman med tidlegare Forsand i Ryfylke.[2] Med det fekk kommunen utvida flatevidda frå 304 til 1041 km², og fekk ei grense mot nabofylket Agder.[3]
Sandnes var lenge mest kjend for teglverk- og pottemakarindustri. Byen ligg inst i Gandsfjorden, og leirgrunn finst mest alle stader i byen. På austsida av byen er det mest leirgrunn.
Føretak som har drive med teglstein og pottemakeri heilt opp til nyare tid er Gann Graveren, og Simonsen-familien. I den seinare tid har produksjon av tekstiler og syklar vore viktigare. Føretak som Jonas Øglænd A/S og Pioneer sette sitt preg på byen. Cubus vart og starta i Sandnes. I dag er det olje, forsking, data og eit godt forretningsmiljø som pregar byen.
Sandnesgauken
[endre | endre wikiteksten]I kommunevåpenet eller byvåpenet finn ein Sandnesgauken. Ein Sandnesgauk er ein leirgauk, som kan nyttast som eit leiketøy til å spela på. Ved å blåsa i ein Sandnesgauk kan ein laga tre forskjellige tonar, og gaukegalen er særskilt lett å få til. Leirgauken minner òg om ein fugl som står med hovudet under vengen.
Det er sagt at slike gaukar vart delte ut for å skapa blæst om leirprodukt frå Sandnes. Ein person som er frå Sandnes kan kalla seg sandnesar, sandnesbu eller sandnesgauk.[4]
Kjøpesenterkommune
[endre | endre wikiteksten]I Sandnes kommune finn ein store kjøpesenter, både i sentrum og utanfor. Vågen Amfi ligg i ein gamal fabrikk ved kaia i Sandnes, medan Steen & Strøm Kvadrat ligg på Lura i Sandnes nord. Her er det mange slike store butikkar, og fleire føretak.
Tettstader
[endre | endre wikiteksten]Dei offisielle tettstadene i kommunen etter oversyn hos Statistisk sentralbyrå er Hommersåk, Vatne, Sviland, Forsand, Høle og Malmheim/Julebygda. Delar av tettstadene Stavanger/Sandnes, Ålgård/Figgjo og Kvernaland ligg innanfor kommunegrensa.[5]
Kjende sandnesgaukar
[endre | endre wikiteksten]- Jonas Christian Øglænd (1847–1931), industrigrunnleggjar
- Elise Ottesen-Jensen (1886–1973), føregangskvinne innan kvinnerørsla
- Torkel Ravndal (1936–2004), vektløftar
- Julie Ege (1943–2008), skodespelar
- Solveig Aareskjold (f. 1949), forfattar
- Bjørg Tørresdal (f. 1958), stortingspolitikar
- Linda Medalen (f. 1965), fotballspelar, OL-medaljist, politibetjent, lokalpolitikar
- Bjørn Maaseide (f. 1968), sandvolleyballspelar
- Charles Tjessem (f. 1972), kokk
- Thomas Dybdahl (f. 1979}, musikar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ ssb.no: Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune.
- ↑ «Endringer i de regionale inndelingene». Statistisk sentralbyrå. 17. januar 2020. Henta 8. mars 2020.
- ↑ «Arealstatistikk for Norge». Kartverket. 20. desember 2019. Henta 8. mars 2020.
- ↑ «Sandneser, sandnesbu eller gaug?»[daud lenkje] i Sandnesposten 24.03.2009
- ↑ «Folkemengde og areal i tettsteder 1. januar, 2023. Tabell 1 Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune. 2023». Statistisk sentralbyrå. 12. desember 2023. Arkivert frå originalen 31. januar 2024. Henta 12. april 2024.