OGAE
OGAE (Organisation Générale des Amateurs de l'Eurovision) er eit av dei to store internasjonale fanklubbnettverka til Eurovision Song Contest. Dei har underavdelingar i 37 europeiske land.
OGAE starta i 1984 i Finland, lenge etter den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956. Alle land som deltek eller har delteke i Eurovision Song Contest kan ha sin eigen OGAE. Land som ikkje har delteke i Eurovision Song Contest er samla under OGAE Rest of the World, som vart starta i 2004.
Kvart år arrangerer organisasjonen fire tevlingar, OGAE Song Contest, OGAE Second Chance Contest, OGAE Video Contest og OGAE Homecomposed Song Contest.
Formålet er å spreie nasjonal populærmusikk over heile verda og å utøve samarbeid over OGAE-nettverka, samarbeid mellom Eurovision Song Contest fans, promotering av Eurovision Song Contest og skape gode relasjonar med nasjonale kringkastingsselskap.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «OGAE» frå Wikipedia på engelsk, den 28. oktober 2011.