[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Eurovision Song Contest 1992

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 1992
Offisiell tittel
37. Eurovision Song Contest
Dato
Finalen 9. mai 1992
Vertskap
Stad
Malmö isstadion i Malmö i Sverige
Programleiar(ar)
Lydia Cappolicchio
Harald Treutiger
Kringkastar(ar)
Sveriges Television (SVT)
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Antal bidrag
23
Attende
Nederland
Kart
Røysting
Eurovision Song Contest
Roma 1991 Millstreet 1993

Eurovision Song Contest 1992 var den 37. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemslanda av organisasjonen EBU. Tevlinga fann stad i Malmö isstadion i Malmö i Sverige laurdag 9. mai 1992. Arrangementet blei produsert av Sveriges Television etter at Carola hadde vunne tevlinga året før med «Fångad av en stormvind». Programleiarane var Lydia Cappolicchio og Harald Treutiger. Dette var tredje gongen svenskane var vertskap for tevlinga, etter å ha arrangert tidlegare i 1975 og 1985.

Nederland var tilbake etter fråveret året før, og dimed steig talet på deltakarland til 23, noko som var ny rekord. Dette var siste året der deltakaerfeltet nærast utelukkande bestod av land frå Vesten. Jugoslavia var fram til då det einaste landet frå Austblokka som deltok, men balkanlandet hadde allereie begynt å løyse seg opp, og i praksis stilte berre dagens Kosovo, Montenegro og Serbia dette året, under namnet FR Jugoslavia. Dette blei den siste deltakinga til Jugoslavia i Eurovision Song Contest. Berre veker etter tevlinga blei landet, som del av fleire SN-sanksjonar, utestengt frå tevlinga.

Irland innleia dette året den lange sigersrekkje si, då Linda Martin vann med «Why Me?», skriven av Johnny Logan. Dette var den tredje sigeren til Logan i Eurovision Song Contest. Irland skulle også vinne tevlinga dei to påfølgjande åra og deretter på nytt i 1996. Storbritannia kom på andreplass for trettande gong, mens Malta fekk si beste plassering til då med ein tredjeplass. Deretter følgde Italia på fjerdeplass, mens Hellas tangerte si bestenotering frå 1977 med ein femteplass. Noreg var representert av Merethe Trøan og songen «Visjoner». Det norske bidraget blei nummer 18 av 23 bidrag med 23 poeng.

Etter å ha vunne tevlinga året før med Carola og «Fångad av en stormvind», var det Sverige som var vertskap for tevlinga. Dette var den tredje gongen Sverige arrangerte finalen, dei fyrste var i Stockholm i 1975 og i Göteborg i 1985.

Malmö isstadion, arena for Eurovision Song Contest 1992.

SVT la denne gongen tevlinga til den tredje største byen i Sverige, Malmö, og ishockeyarenaen Malmö isstadion. Arenaen var bygd om for å huse showet og 3500 publikummarar, som ifølgje BBC-kommentator Terry Wogan, hadde betalt «hundre pund per sete».[1]

Til å leie showet valde den svenske kringkastaren journalistane Lydia Capolicchio og Harald Treutiger. Ingen land debuterte i tevlinga dette året, men Nederland kom tilbake etter fråveret året før. Malta fekk delta også dette året, og dimed stilte rekordmange 23 land til start.[2] Ei loddtrekking hausten før avgjorde startrekkjefølgja. Spania opna finalen, mens Nederland avslutta. Noreg fekk startnummer 21.

Eit Europa i endring

[endre | endre wikiteksten]

Eurovision Song Contest blei arrangert laurdag 9. mai, og finalen samanfall med den årlige europadagen. Samantreffet blei notert da Harald Treutiger ønskte sjåarane velkommen med følgjande melding: «Europakartet forandrar seg raskt. Gamle land forsvinn, nye statar blir danna. Og når aust ikkje lenger er aust, og vest ikkje lenger er vest, har Europa blitt større. Dette skal vi feire i dag, 9. mai – europadagen

Kommentaren spelte nok på den pågåande demokratiseringa av Sovjetunionen og Aust-Europa. Men ikkje minst var den retta mot Jugoslavia som på denne tida var i full oppløysing. Året før hadde Kroatia, Slovenia og dåverande Republikken Makedonia erklært uavhengighet frå republikken.[3] Kort tid etter følgde Bosnia-Hercegovina etter, og ved Eurovision Song Contest 1992 var det difor i realiteten berre Serbia og Montenegro som deltok som Den føderale republikken Jugoslavia – ein stat som blei formelt etablert 28. april 1992, berre halvanna veke før finalen i Malmö. Dette blei også siste gong Jugoslavia deltok i Eurovision Song Contest; frå 1993 til 2003 var landet utestengt frå Eurovision Song Contest. Utestenginga var ein del av dei mange SN-sanksjonane mot nasjonen, på grunn av jugoslaviakrigane og den kroatiske uavhengighetskrigen.[4][5] Bosnia-Hercegovina, Slovenia og Kroatia debuterte i Eurovision Song Contest året etter, Makedonia i 1998 og Serbia og Montenegro fyrst i 2004.

Finalen varte i like over tre timar, og opna med ein kortfilm med bilete frå vertsbyen Malmö. Deretter blei sjåarane tekne med inn i Malmö isstadion, der gymnastikktruppen Malmöflickorna utførte eit dansenummer på scena til vinnarsongen frå året før, «Fångad av en stormvind». Scena var bygd som eit stort vikingskip med eit stort drakehovud i framstamnen og store skjold langs skipssidene. Scenegolvet var pryda av den dåverande og ikoniske logoen til Eurovision Song Contest. Til venstre på scena var orkesteret som bestod av 48 musikarar under leiing av kapellmeister Anders Berglund.[1]

Deretter dukka programleiarane Lydia Capolicchio og Harald Treutiger opp på scena og ønskte velkommen på engelsk og fransk. Deretter følgde ein lang svenskspråkleg introduksjon før fjorårsvinnaren Carola kom på scena. På svensk fortalde ho at ho ville hylle «Han som har gjeve meg alt» og framførte deretter sin nyaste song «All the Reasons to Live».[1]

Linda Martin vann Eurovision Song Contest for Irland. Med sine 41 år var – og er ho fortsatt – den eldste kvinna som har vunne tevlinga.

Etter dette starta presentasjonen av de 23 deltakarbidraga. For fyrste gong sidan 1990 hadde tevlinga sin eigen maskot, ein teikna Donald-liknande fugl som dukka opp mellom bidraga. Kvart deltakarland blei presentert med ein postkort-film med bilete frå det respektive landet.

Pausenummeret var eit dansenummer, kalla A Century of Dance. Nummeret var ei tidsreise i svensk dans og musikk, og det starta med den tradisjonelle folkemusikken hambo og blei avslutta med svensk popmusikk frå dåtida, som Roxette og Eric Gadd.

På førehand var Storbritannia peika ut som favoritt med songen «One Step Out of Time», framført av den kjende britiske artisten Michael Ball,[2] men han måtte ta til takke med ein andreplass, den trettande for Storbritannia. I staden blei det nabolandet Irland som stakk av med sigeren, då Linda Martin fekk 155 poeng med «Why Me?», skriven av Johnny Logan. Med sine 41 år var – og er fortsatt per 2023 – Martin den eldste kvinna som har vunne Eurovision Song Contest.[6]

Dette var den fjerde sigeren til Irland, og fyrsteplassen innleia ein irsk sigersgong i tevlinga utover 1990-åra. To nye sigrar følgde i 1993 og 1994, og ytterlegare ein i 1996. Saman med sigeren i 1970, og Johnny Logan sine sigrar i 1980 og 1987, er Irland det landet som har vunne konkurransen flest gongar – med sju sigrar. I 2023 blei rekorden tangert, då Loreen vann for Sverige med songen «Tattoo».[7]

Vertslandet Sverige hamna i den andre enden av tabellen, då Christer Björkman blei nest sist med «I morgon är en annan dag». Dette er framleis eit av dei verste resultata til Sverige i tevlinga, men ti år seinare kom Björkman sterkt tilbake i Eurovision Song Contest – som produsent og ansvarleg for svenske Melodifestivalen.[2] Malta fekk si beste plassering til då med ein tredjeplass. Med tre engelskspråklege songar på topp, byrja misnøya nok ein gong å murre blant ein del deltakarland som ønskte å fjerne språkregelen.[2] Blant landa som uttrykte misnøye, var dei nordiske, som i mange år allereie hadde meint at dei engelsktalande landa hadde ein fordel i tevlinga. Språkregelen blei fyrst fjerna i 1999, og sidan då har deltakarane kunna syngje på det språket dei sjølv ønsker.

Det norske bidraget

[endre | endre wikiteksten]

Noreg deltok i Eurovision Song Contest for 32. gang, og det norske bidraget var «Visjoner» med Merethe Trøan. Songen er komponert av Robert Morley, med tekst av Eva Jansen. «Visjoner» vann ein overraskande siger i den norske finalen i Oslo Spektrum, etter at Tor Endresen og «Radio Luxembourg» hadde leia avrøystinga heile vegen. I den internasjonale finalen var Noreg det 21. bidraget på scena, og Rolf Løvland dirigerte for Noreg. På scena stilte Merethe Trøan i ein raud kjole med fem koristar som avslutta songen side om side med Trøan. John Andreassen kommenterte sendinga for NRK Fjernsynet for siste gong.[8] Andreassen kommenterte fyrste gong i 1973 og hadde i åra før det vore sentral i produksjonen av ei rekkje norske Melodi Grand Prix-finalar. Leif Erik Forberg og Vidar Lønn-Arnesen kommenterte finalen på NRK P2.[9]

Sverre Christophersen las nok ein gang poenga frå den norske jurygruppa frå NRK Marienlyst i Oslo. I avrøystinga fekk «Visjoner» 23 poeng og blei nummer 18 av 23. Dette var fjerde året på rad at Noreg hamna langt nede på resultatlista.

Avrøystinga

[endre | endre wikiteksten]

Kvart land hadde ei jurygruppe med 16 medlemmar mellom 16 og 60 år som dømde songane frå dei andre landa. Jurymedlemmane var ei blanding av folk med og utan tilknyting til musikkbransjen. Songen som fekk flest juryrøyster, blei tildelt 12 poeng frå den nasjonale jurygruppa. Andreplassen fekk 10 poeng, tredjeplassen 8, fjerdeplassen 7 og så vidare ned til tiandeplassen som fekk 1 poeng. Altså gav kvar jurygruppe 12, 10 og 8–1 poeng til sine ti favorittsongar. Det var ikkje lov å røyste på bidraget frå sitt eige land. Kvart land hadde ein representant som las opp poenga frå den nasjonale jurygruppa via telefon på direkten under avrøystinga. Oppsynsmann for avrøystinga var for 15. og siste gang Frank Naef frå EBU. Naef varsla også endringar i tevlinga i åra framover – hovudsakleg på grunn av inntoget av Sentral- og Aust-Europa i EBU.[1]

Avrøystinga var lenge spennande, og både Irland, Storbritannia og Malta veksla på å leie. Etter kvart drog Irland ifrå, og då nest siste jurygruppe gav Irland 10 poeng, var den irske sigeren sikra.

Deltakarar

[endre | endre wikiteksten]

Liste over deltakarane og det offisielle resultatet.[10] Tabellen er rangert etter startrekkjefølgje, plasseringa og poengsummen er i kolonnane til høgre.

Startnr. Land Språk Artist Song Plass Poeng
01 Spania Serafín Zubiri «Todo esto es la música» Spansk 14 37
02 Belgia Morgane «Nous, on veut des violons» Fransk 20 11
03 Israel Dafna Dekel «Ze rak sport» (זה רק ספורט) Hebraisk 6 85
04 Tyrkia Aylin Vatankoş «Yaz Bitti» Tyrkisk 19 17
05 Hellas Kleopátra «Ólou tou kósmou i elpída»
(Όλου του κόσμου η Ελπίδα)
Gresk 5 94
06 Frankrike Kali «Monté la riviè» Fransk, kreol 8 73
07 Sverige Christer Björkman «I morgon är en annan dag» Svensk 22 9
08 Portugal Dina «Amor d'água fresca» Portugisisk 17 26
09 Kypros Evrydíki «Teriázume» (Ταιριάζουμε) Gresk 11 57
10 Malta Mary Spiteri «Little Child» Engelsk 3 123
11 Island Heart 2 Heart «Nei eða já» Islandsk 7 80
12 Finland Pave Maijanen «Yamma, yamma» Finsk 23 4
13 Sveits Daisy Auvray «Mister Music Man» Fransk 15 32
14 Luxembourg Marion Welter og Kontinent «Sou fräi» Luxemborgsk 21 10
15 Austerrike Tony Wegas «Zusammen geh'n» Tysk 10 63
16 Storbritannia Michael Ball «One Step Out of Time» Engelsk 2 139
17 Irland Linda Martin «Why Me?» Engelsk 1 155
18 Danmark Lotte Nilsson og Kenny Lübcke «Alt det som ingen ser» Dansk 12 47
19 Italia Mia Martini «Rapsodia» Italiensk 4 111
20 Jugoslavia Extra Nena «Ljubim te pesmama»
(Љубим те песмама)
Serbisk 13 44
21 Noreg Merethe Trøan «Visjoner» Norsk 18 23
22 Tyskland Wind «Träume sind für alle da» Tysk 16 27
23 Nederland Humphrey Campbell «Wijs me de weg» Nederlandsk 9 67

Artistar som hadde deltatt tidlegare

[endre | endre wikiteksten]
Artist Land Deltok i Merknadar
Mia Martini Italia 1977
Linda Martin Irland 1984
Wind Tyskland 1985
1987
Sigríður Beinteinsdóttir (del av gruppa Heart 2 Heart) Island 1990 Del av gruppa Stjórnin

Poengtavle

[endre | endre wikiteksten]

Tavla er ordna etter røysterekkefølgja i finalen.[11]

Deltakarland Poenggjevande land Sum Plass
Spania 1   1 4 6       2   3   3 2 1   1 7   5   1 37 14
Belgia 3   4   3               1                 11 20
Israel 10   2   8 4 7 4 7     4 8 1 7   2   12 2 4 3 85 6
Tyrkia                 8             3     6     17 19
Hellas     7 8 7 3 5 12   2 5 10   4       12 7 8   4 94 5
Frankrike 6   12 3       3     7 12       5   6   10 3 6 73 8
Sverige           1                       4   4     9 22
Portugal     8   2           2             1 5   8 26 17
Kypros     3   10 2   2 1   8 2       6   4 8 3   8 57 11
Malta 12 10     7   12 12 1 8   5 12 8   10 8 3 10     5 123 3
Island 8 4 4   6   6 6       3 5 7 12   5 5   1 6 2 80 7
Finland     1                               3     4 23
Sveits   5                 12       4 1   10       32 15
Luxembourg                   10                       10 21
Austerrike 2 8     8   1 3 8 4         10 12 7         63 10
Storbritannia 5 12 2 10   10 5   6 6 4 6 8 7 12 7 12 8     12 7 139 2
Irland 1 7   12 12   10 4 5 12 7 10 6 10 10 8 10 2 2 7 10 10 155 1
Danmark 4   6       7 1     6     6 3 3       6 5 47 12
Italia       5 3 12 8 8 10 5 10 12 7   6         12 1 12 111 4
FR Jugoslavia     10 6 1 5     2 3 5 4   2     4       2 44 13
Noreg   3         2       1 1   4   5   6   1   23 18
Tyskland   6           10               6 2 3       27 16
Nederland 7 2 5 7 5 4     7   3   1   5 2 8       4 7 67 9

Kvart land gav 12 poeng til sin favoritt. Under er ei oversikt over alle 12-poenga som blei avgitt under avrøystinga.

Antall Land som fekk 12 poeng Land som gav 12 poeng
4 Italia Finland, Frankrike, Nederland, Noreg
Malta Luxembourg, Portugal, Spania, Sverige
Storbritannia Austerrike, Belgia, Danmark, Tyskland
3 Irland Hellas, Malta, Tyrkia
2 Hellas Italia, Kypros
Frankrike Israel, Sveits
1 Austerrike Irland
Island Storbritannia
Israel Jugoslavia
Sveits Island

Dirigentar

[endre | endre wikiteksten]

Mens Anders Berglund var sjefdirigent, hadde dei fleste landa med sin eigen dirigent. Under er ei liste over dirigentane til deltakarlanda, lista etter startrekkjefølgja.[12]


Kommentatorar og poengopplesarar

[endre | endre wikiteksten]

Poengopplesarar

[endre | endre wikiteksten]

Kvart land hadde ein talsperson som las opp poenga frå den nasjonale jurygruppa på engelsk eller fransk over telefon.[13] Under er talspersonane i same rekkefølgje som under avrøystinga.


Kommentatorar og sendingar

[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste landa som overførte finalen, hadde kommentatorar som formidla informasjon og hendingar direkte til sjåarane. Oversikt over kommentatorar under Eurovision Song Contest 1992:[20]

Kommentatorar og sendingar i deltakerlanda
Land Kringkastar Kanal Kommentator(ar)
Austerrike ORF FS1 Ernst Grissemann
Belgia BRTN BRTN TV1 André Vermeulen[21][22]
RTBF RTBF1 Claude Delacroix[23][24]
Danmark Danmarks Radio DR TV Jørgen de Mylius[25]
Finland Yle Yle TV1 Erkki Pohjanheimo og Kati Bergman[26][27]
Frankrike Antenne 2 Antenne 2 Thierry Beccaro[23]
Hellas ERT ET1 Dafni Bokota[28]
Irland RTÉ RTÉ 1 Pat Kenny
RTÉ Radio 1 Larry Gogan
Island RÚV Sjónvarpið Árni Snævarr[29]
Israel IBA Israelsk fjernsyn Ingen kommentator
Italia Rai Rai Due Peppi Franzelin[30]
Jugoslavia JRT TVB 1 Mladen Popović
Kypros RIK RIK 1 Evi Papamikhail[31]
Luxembourg CLT RTL Hei Elei Maurice Molitor
Malta PBS TVM Anna Bonanno
Nederland NOS Nederland 3 Willem van Beusekom[32]
Noreg NRK NRK Fjernsynet John Andreassen[8]
NRK P2 Leif Erik Forberg og Vidar Lønn-Arnesen[9]
Portugal RTP RTP Canal 1 Eládio Clímaco[33]
Spania TVE La 2 José Luis Uribarri[34]
Storbritannia BBC BBC 1 Terry Wogan[35]
BBC Radio 2 Ken Bruce[35]
Sveits TV DRS Schweizer Fernsehen Mariano Tschuor
TSR TSR TV Ivan Frésard, sendt via TV DRS[36]
TSI TSI Emanuela Gaggini, sendt via TV DRS[36]
Sverige SVT TV2 Jesper Aspegren og Björn Kjellman[37]
SR SR P3 Kalle Oldby og Lotta Engberg
Tyrkia TRT TV1 Bülend Özveren
Tyskland ARD Erstes Deutsches Fernsehen Jan Hofer[38]
Kommentatorar og sendingar i ikkje-deltakande land
Land Kringkastar Kanal Kommentator(ar)
Australia SBS SBS TV Ukjend, vist i opptak
Estland ETV ETV Ukjend[27][39]
Makedonia MTV MTV 1 Jon Ilija Apelgrin
Polen TVP TVP1 Artur Orzech og Maria Szabłowska[40]
Russland VGTRK RTR Ukjend[39][40]
Slovenia RTVSLO SLO1 Miša Molk[41][42]
Ungarn MTV MTV1 István Vágó[43]
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Terry Wogan (9. mai 1992). «Eurovision Song Contest 1992 – britisk kommentar». SVT/BBC/EBU via YouTube. Henta 18. november 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Malmö 1992 – overview». Den europeiske kringkastingsunion. Arkivert frå originalen 5. november 2022. Henta 18. november 2022. 
  3. Terese Aalborg (10. november 2011). «Fortsatt delt – 20 år etter krigen.». Aftenposten Innsikt. Arkivert frå originalen 6. mai 2022. Henta 18. november 2022. 
  4. FNs sikkerhetsråd (30. mai 1992). «Security Council resolution 757 (1992) [Bosnia and Herzegovina]». FNs høykommissær for flyktninger/FN. Henta 3. desember 2016. 
  5. Agence France Presse (9. oktober 2000). «List of International Sanctions Against Serbia». Global Policy Forum. Henta 18. november 2022. 
  6. O'Connor, John Kennedy (2015). The Eurovision Song Contest – The Official Celebration. Carlton Books. s. 32–33. ISBN 978-1-78097-638-9. 
  7. «Sweden's Loreen wins the Eurovision Song Contest 2023». eurovision.tv. Henta 14. mai 2023. 
  8. 8,0 8,1 «Radio- og TV-programmet»». Oppland Arbeiderblad. Nasjonalbiblioteket. 9. mai 1992. s. 60–61. Henta 17. november 2022. 
  9. 9,0 9,1 «[NRK P2 1992.05.09 : programrapport] - Nasjonalbiblioteket». www.nb.no. 9. mai 1992. s. 9. Henta 17. november 2022. 
  10. «Final of Malmö 1992 – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Arkivert frå originalen 15. oktober 2022. Henta 14. september 2022. 
  11. «Eurovision Song Contest 1992 – detailed results». eurovision.tv. Arkivert frå originalen 16. august 2017. Henta 18. november 2022. 
  12. «And the conductor is …». And the Conductor Is. Henta 23. april 2017. 
  13. «How the Eurovision Song Contest works | Eurovision Song Contest». eurovision.tv (på engelsk). 18. mai 2019. Arkivert frå originalen 31. mai 2022. Henta 4. oktober 2022. 
  14. «María Ángeles Balañac». Imdb.es. 1. mai 2009. Arkivert frå originalen 12. mars 2012. Henta 10. august 2012. 
  15. «פורום אירוויזיון». Sf.tapuz.co.il. 13. september 1999. Arkivert frå originalen 8. oktober 2011. Henta 10. august 2012.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 8. oktober 2011. Henta 16. august 2017. 
  16. «Εκφωνητές της ΕΡΤ για τις ψήφους της Ελλάδας στην EUROVISION - Page 3». Retromaniax.gr. Arkivert frå originalen 11. september 2012. Henta 10. august 2012. 
  17. «Introducing Hosts: Carla, Élodie Gossuin and Olivier Minne». European Broadcasting Union. 18. desember 2021. Arkivert frå originalen 19. desember 2021. Henta 10. oktober 2022. «Olivier is no stranger to the Eurovision family, too, having presented the French votes in 1992 and 1993, as well as providing broadcast commentary from 1995 through 1997.» 
  18. Baumann, Peter Ramón (OGAE Switzerland)
  19. Roxburgh, Gordon (2020). Songs For Europe - The United Kingdom at the Eurovision Song Contest. Volume Four: The 1990s. Telos Publishing. s. 96–110. ISBN 978-1-84583-163-9. 
  20. «Eurovision Song Contest 1992 – full cast». imdb.com. Henta 16. august 2017. 
  21. «Hasselt 2005: Jarige André Vermeulen verzorgt commentaar met Ilse Van Hoecke –». Eurosong.be. 25. oktober 2005. Henta 10. august 2012. 
  22. «De Voorpost | 8 mei 1992 | pagina 15». Digitaal krantenarchief - Stadsarchief Aalst (på nederlandsk). Henta 17. november 2022. 
  23. 23,0 23,1 Christian Masson. «1992 – Malmo». Songcontest.free.fr. Henta 10. august 2012. 
  24. «NOUS, ON VEUT DES CHANSONS. RETOUR A LA FOIRE ANNUELLE A LA RITOURNELLE». Le Soir (på fransk). 9. mai 1992. Henta 17. november 2022. 
  25. «Forside». esconnet.dk. Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 10. august 2012.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 16. august 2017. 
  26. «Selostajat ja taustalaulajat läpi vuosien? • Viisukuppila». Viisukuppila.fi. Henta 10. august 2012. 
  27. 27,0 27,1 «Televisio & Radio». Helsingin Sanomat (på finsk). nakoislehti.hs.fi. 9. mai 1992. s. D11–D12. Henta 14. november 2022. 
  28. «Η Δάφνη Μπόκοτα και η EUROVISION (1987–2004)». Retromaniax.gr. Arkivert frå originalen 12. september 2012. Henta 10. august 2012. 
  29. «Morgunblaðið, 08.05.1992». Timarit.is. Henta 10. august 2012. 
  30. «Mia Martini Rapsodia Eurofestival 1992». YouTube. Henta 10. august 2012. 
  31. Savvidis, Christos (OGAE Cyprus)
  32. «Welkom op de site van Eurovision Artists». Eurovisionartists.nl. Henta 10. august 2012. 
  33. «Comentadores Do ESC - escportugalforum.pt.vu | o forum eurovisivo português». 21595.activeboard.com. Arkivert frå originalen 21. april 2012. Henta 10. august 2012.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 21. april 2012. Henta 16. august 2017. 
  34. «FORO FESTIVAL DE EUROVISIÓN • Ver Tema - Uribarri comentarista Eurovision 2010». Eurosongcontest.phpbb3.es. Arkivert frå originalen 17. mars 2012. Henta 10. august 2012.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 17. mars 2012. Henta 16. august 2017. 
  35. 35,0 35,1 Roxburgh, Gordon (2020). Songs For Europe - The United Kingdom at the Eurovision Song Contest. Volume Four: The 1990s. Telos Publishing. s. 96–110. ISBN 978-1-84583-163-9. 
  36. 36,0 36,1 «Neue Zürcher Zeitung 9. Mai 1992 — e-newspaperarchives.ch». Neue Zürcher Zeitung (på tysk). www.e-newspaperarchives.ch. 9. mai 1992. Henta 17. november 2022. 
  37. «Infosajten.com». Infosajten.com. Arkivert frå originalen 18. juli 2012. Henta 10. august 2012.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 18. juli 2012. Henta 16. august 2017. 
  38. «Eurovision Song Contest 1992». Ecgermany.de. Henta 10. august 2012. 
  39. 39,0 39,1 «Päevaleht 1 mai 1992 — DIGAR Eesti artiklid». dea.digar.ee. Henta 17. november 2022. 
  40. 40,0 40,1 «Telewizja Polska – sobota, 9 maja» (PDF). Kurier Wileński: 8. 2. mai 1992. Henta 28. oktober 2022 – via Polonijna Biblioteka Cyfrowa. 
  41. Klub OGAE Slovenija (OGAE Slovenia)
  42. «Sobota, 9. maja 1992» (PDF). Gorenjski glas (på slovensk). 8. mai 1992. Arkivert frå originalen (PDF) 27. oktober 2022. Henta 26. oktober 2022. 
  43. «TV – szombat május 9». Rádió és TeleVízió újság (på ungarsk). MTVA Archívum. 4. mai 1992. s. 50. Arkivert frå originalen 23. juli 2022. Henta 14. november 2022.