Vertsbyar for Eurovision Song Contest
Vertsbyar for Eurovision Song Contest gjev oversyn over byar som har arrangert Eurovision Song Contest. Tevlinga vert arrangert av landet som vinn året før, og kan sjølv velje kva for by som skal vere vert. Sjølv om tevlinga vert finansiert av sponsorar og kringkastarane frå dei ulike deltakarlanda, må vertsbyen og -landet vere ansvarleg for å dekkje kostnadene for mellom anna overføring, arena, overnattingar og transport for deltakarane. For å velje vertsby må ein sørge for å ha nok hotellrom, gode høve til transport og få støtte frå lokale styresmakter. Fleire byar kan søke om å vere vertsby, og kringkastaren vel ut den dei meiner vil gjere det best. Å arrangere tevlinga gjev òg høve til å tiltrekkje seg internasjonal merksemd.
Val av vertsby
[endre | endre wikiteksten]Den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest vart halden i Lugano i Sveits, som òg er hovudkvarteret til Den europeiske kringkastingsunionen. Året etter takka Frankfurt am Main i Vest-Tyskland ja til å arrangere tevlinga etter at Sveits ikkje ynskte å arrangere tevlinga att. I 1958 stadfesta Den europeiske kringkastingsunionen at vinnarlandet får fyrsterett på å arrangere tevlinga året etter. Sidan regelen vart innført har det berre hendt fem gonger at vinnarlandet ikkje ynskte å arrangere tevlinga. I 1960, 1963 og 1974 nekta høvesvis Nederland, Frankrike og Luxembourg å arrangere tevlinga av di dei allereie hadde arrangert tevlinga dei siste åra og av di dei ikkje hadde god nok økonomi. Etter å ha vunne i 1971 nekta Monaco å vere vertsland av di dei ikkje hadde nokon stad å arrangere tevlinga. Alle desse gongane vart tevlinga arrangert i Storbritannia. I 1980 måtte Nederland arrangere tevlinga av di Israel nekta å arrangere tevlinga to år på rad. Når eit land vinn tevlinga må Den europeiske kringkastingsunionen stadfeste om landet får vere vert for arrangementet. Deretter vel ein vertsby. Sjølv om hovudstaden ofte vert vald som vertsby av di han er den mest folkerike, er det ikkje alltid det beste alternativet for å arrangere Eurovision Song Contest. Dei fyrste åra valde ein byar som Hilversum, Cannes og Napoli framfor hovudstadene Amsterdam, Paris og Roma. Storbritannia er det landet som har arrangert tevlinga flest gonger, heile åtte gonger. Irland har arrangert tevlinga sju gonger, og arrangerte tevlinga tre år på rad frå, i 1993, 1994 og 1995. Arenaen som har vorte brukt flest gonger er Point Theatre, i 1994, 1995 og 1997. Parken er den største arenaen som har arrangert Eurovision Song Contest, medan Millstreet er den minste byen som har arrangert tevlinga.
Vertsbyar
[endre | endre wikiteksten]- 1.^ Oslo var offisiell vertsby for Eurovision Song Contest 2010, sjølv om tevlinga vart halden i nabokommunen Bærum i nabofylket Akershus.
- 2.^ Namnet Düsseldorf Arena vart berre brukt under Eurovision Song Contest 2011, og det opphavlege namnet ESPRIT Arena vart teken attende etter tevlinga fann stad.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «List of host cities of the Eurovision Song Contest» frå Wikipedia på engelsk, den 18. juni 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Anexo:Sedes del Festival de la Canción de Eurovisión» frå Wikipedia på spansk, den 7. september 2013.