Jugoslavia
Jugoslavia (tyder «Sørslavia») var tre ulike, men etterfølgjande statsdanningar som fanst på Balkan mellom 1918 og 2003: Kongeriket Jugoslavia, Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia og den jugoslaviske staten danna av Serbia og Montenegro i 1992. I 2003 skifta dette landet namn til Serbia og Montenegro. I 2006 blei også denne unionen delt mellom Serbia og Montenegro.
Føderasjonen var sett saman av mange ymse folkegrupper, sørslaviske utgjorde 80,9%: serbarar (36%), kroatar (19%), bosnjakar (9,6%), slovenarar (8%), makedonarar (5,8%), montenegrinarar (2,5%). Han bestod òg av andre grupper: albanarar (9,1%), ungarar (1,6%), sigøynarar (0,8%) og tyrkarar (0,5%).[1] Jugoslavia bestod hovudsakleg av tre ymse religionar: katolsk kristendom, ortodoks kristendom og islam.
Landet hadde si stordomstid under Josip Broz Tito. Han blei kjend for sin sjølvstendige politikk i høve til Sovjetunionen. Etter Tito sin død, opplevde Jugoslavia ein turbulent og tragisk periode med inflasjon, korrupsjon, borgarkrig og etnisk reinsing.
År | Jugoslavia frå 1918 til i dag | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
2008–i dag | Bosnia-Hercegovina | Kroatia | Nord-Makedonia | Slovenia | Montenegro | Serbia | Kosovo |
2006–2008 | Serbia | ||||||
2003–2006 | Serbia og Montenegro | ||||||
1992–2003 | Den føderale republikken Jugoslavia | ||||||
1946–1992 | Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia (Under namnet Den føderale folkerepublikken Jugoslavia frå 1946 til 1969) | ||||||
1918–1945 | Kongedømet Jugoslavia (Under namnet Kongedømet av serbarar, kroatarar og slovenarar frå 1918 til 1929) |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Berg, Ole T.; Mønnesland, Svein (1. desember 2021). «Jugoslavia». Store norske leksikon (på norsk bokmål).