Henry Way Kendall
Henry Way Kendall (9. desember 1926 –15. februar 1999) var ein amerikansk fysikar
Kendall mottok Nobelprisen i fysikk i 1990, saman med amerikanarane Richard E. Taylor og Jerome Isaac Friedman, for dei banebrytande undersøkingane deira om sterkt uelastisk spreiing av elektron mot proton og bundne nøytron, som spelte ei avgjerande rolle i utviklinga av kvarkmodellen innan partikkelfysikken.
Forkningen som førte til Nobelprisen vart i fellesskap utført ved Stanford Linear Accelerator Center (SLAC) ved Stanford i California. I fleire eksperiment mellom 1967 og 1973 brukte de partikkelakseleratorar for å rette ein stråle av elektron med høg energi mot proton og nøytron. Dei fann den måten elektrona vart spreidd på ved kollisjonane indikerte at både proton og nøytron består av små elektrisk ladde partiklar. Etter kvart vart det klart at desse partiklane motsvarte kvarkane som hadde blitt foreslått av Murray Gell-Mann og George Zweig i 1964.
Kendall tok doktorgrad ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) i 1955. Han forska ved Stanford University i perioden 1956–61, før han flytta tilbake til MIT i 1967 som professor.
Kendall grunnlag òg Union of Concerned Scientists, ein forening som engasjerer seg i spørsmål innan alt frå global oppvarming og forureining til rakettforsvaret til USA og kjerneenergi.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Henry Way Kendall» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.