Guglielmo Marconi
Guglielmo Marconi | |||
| |||
Fødd | Guglielmo Giovanni Maria Marconi 25. april 1874 Bologna | ||
---|---|---|---|
Død | 20. juli 1937 Roma | ||
Nasjonalitet | Kongedømet Italia | ||
Område | elektroteknikk, naturvitskap | ||
Yrke | fysikar, ingeniør, politikar, forretningsdrivande, oppfinnar, vitskapsperson | ||
Institusjonar | University of St Andrews | ||
Alma mater | Universitetet i Bologna | ||
Ektefelle | Beatrice Marconi, Maria Cristina Bezzi-Scali | ||
Barn | Degna Marconi Paresce | ||
Medlem | Det pavelege vitskapsakademiet Accademia Nazionale dei Lincei Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL Kungliga Vetenskapsakademien National Academy of Sciences Accademia delle Scienze di Torino |
Guglielmo Marconi (25. april 1874–20. juli 1937) var ein italiensk fysikar og ingeniør. Han var ein pioner innan trådlaus telekommunikasjon, og fekk Nobelprisen i fysikk i 1909. Marconi sitt arbeid var særleg viktig for kringkastingsteknikk.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Guglielmo Marconi vart fødd i Bologna som andre son til den italienske landeigaren Giuseppe Marconi og den irske kona Annie Jameson. Han gjekk på privatskule i Bologna, Firenze og i Livorno. Han studerte ved Universitetet i Bologna. Allereie i ungdomen interesserte han seg for vitskapar knytt til fysikk og elektrisitet. Han studerte arbeida til James Clerk Maxwell, Heinrich Hertz, Righi, Lodge og andre.
Oppfinningar
[endre | endre wikiteksten]Frå 1890 arbeidde Marconi med trådlaus telegrafi. I [1895 byrja han med eksperiment heime på garden til faren. Han greidde å utvikla eit apparat som ein kunne senda trådlause signal med. Rekkevidda var kring tre kilometer.
Han tok patent på systemet sitt i Storbritannia, med britisk patent nummer 12039. I 1897 grunnla han føretaket Marconi’s Wireless Telegraph Company Ltd. med hovudkontor i London. Den [12. desember 1901 lukkast den fyrste transatlantiske trådlause overføringa. I 1909 fekk Marconi Nobelprisen i fysikk. Seinare arbeidde han med korleis ein kunne nytta kortbølgjer og mikrobølgjer. Han døydde den 20. juli 1937 i Roma.