[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Andre Geim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andre Konstantin Geim

Fødd1. oktober 1958 (66 år)
Sotsji i Russisk SFSR i USSR
BustadEngland
NasjonalitetNederlandsk og britisk
Områdefaststoff-fysikk, nanoteknologi
Yrkefysikar, oppfinnar, professor, vitskapsperson
InstitusjonarUniversity of Manchester
Institute of Solid State Physics
Radboud Universiteit Nijmegen
Alma materfysikkfakultetet ved Moskvas institutt for fysikk og teknologi
University of Manchester
Moskvas institutt for fysikk og teknologi
Kjend forArbeid med grafén
EktefelleIrina Grigorieva
MedlemRoyal Society
National Academy of Sciences
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
Det kinesiske vitenskapsakademi

Andre Konstantin Geim (fødd 1. oktober 1958) er ein russisknederlandskbritisk fysikar og materialvitar. Han er oppdagar av karbonmaterialet grafén,[1] og har òg gjennomført eksperiment med magnetisk levitasjon som fekk ein frosk til å levitere.[2] Dette eksperimentet førte til at han vart tildelt Ig Nobelprisen i 2000, saman med Michael Berry.

Andre Geim vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 2010, saman med Konstantin Novoselov for oppdaginga av materialet grafén.

Geim avla doktorgraden sin ved instituttet for faststoffysikk innan Det russiske vitskapsakademiet. Han vart seinare professor ved Radboud universitet i Nijmegen i Nederland, og har sidan 2001 virka som professor ved University of Manchester. Han er medlem av Royal Society.

I 2010 vart Geim gjort til kommandør av Den nederlandske løves orden for medverkinga si til vitskapen i Nederland.[3]

Geim vart i 2012 utnemnd til Knight Bachelor.[4] Han vart dermed adla og fekk rett til å føre tiltaleformen sir føre namnet sitt.

  1. It’s a thinner winner bbc.co.uk 19th October 2006
  2. The Frog That Learned to Fly; webpage in Holland, arkivert frå originalen 24. mars 2007, henta 22. februar 2012 
  3. «Lintje voor Nobelprijswinnaars» (på nederlandsk). Brabants Dagblad. Henta 02.01.12. 
  4. New Year Honours List 2012 Arkivert 2013-05-31 ved Wayback Machine., Directgov.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]